«Den dagen Arne Garborg veks inn i himmelen, skal den nye Garborg koma.»

Dette er ein spådom som Garborgsenterets formidlar og hans kumpan, den dominerande norskfagsfanatikaren John Fossmark, likar dårleg. Dei fryktar at den nye Garborg skal overskugga den gamle.

Garborg-jegerane bestemmer seg for å identifisera den nye Garborg og uskadeleggjera han. Jakta tek dei frå Garborg-monument til Garborg-monument. Undervegs møter dei forfattarar, Torvald Tu-tilhengarar og politimenn som er gysla gode til å setta krokfot.