Episode 28: Veslemøy

Dette er saka: Formidlaren på Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar i morgon – vart dytta ned i brønnen i kjellaren til Garborgheimen. Der traff han den talentfulle forfattaren Nils Henrik Smith, sannsynlegvis den nye Garborg. Smith har lova formidlaren ein ny og betre jobb om det går som dei trur, nemleg at Garborgsenteret vert erstatta av Smiths bestevener. Men Garborgsenteret har jo ikkje opna enno, så korleis kan det då erstattast? Dette, og meir til, kan du få svar på i denne episoden av Garborgs galningar!

Eg og Nils Henrik Smith, den største favoritten til å bli den nye Garborg, fekk hjelp av ein bonde frå Garborg. Han hjelpte oss opp av brønnen i Garborgheimen, der me var blitt dumpa av John Fossmark, ein lesarbrevforfattar med krøllete hår. Bonden heitte Garborg og var skikkeleg grei.

«Hei, gutar,» sa Garborg då han såg oss. «Eg heiter Garborg og er skikkeleg grei.»

Utover det var han eit jævla rasshol. Greitt nok at han hjalp oss opp av brønnen, men då me spurde om han kunne kjøra oss til byen, viste han oss koss me kunne haika.

«De gjer berre slik,» sa han – og veiva tommelen i vêret.

Det hjalp ikkje eingong å seia at eg jobba på Garborgsenteret og hadde ein pins som prova det. Bonden svarte at Eivind Garborg, far til Arne, hadde snytt tippoldefar hans for vatn i mølla ein gong på 1800-talet. Då eg kjapt og slagkraftig repliserte at mykje vatn hadde rent i havet sidan den gong, svarte han at viss me skulle vera spydige, ville han ikkje læra oss å haika heller. Me forlot staden straks utan å ha lært å haika. Tenk det, at forfattar Nils Henrik Smith, sannsynlegvis den nye Garborg, og formidlingssjefen hans, sannsynlegvis på senteret Smiths bestevener, måtte ta føtene fatt! Det kjendest ikkje godt. Me var skitne, svoltne (ikkje Nils Henrik, han sugte på eit skrubbsår) og småskadde.

Det var særs viktig at me kom oss til byen. Det hadde seg slik at eg og ein viss John Fossmark, mordar og heilt galen, hadde vore på jakt etter den nye Garborg i lengre tid, iallfall sidan tysdag. Me hadde tolka eit mystisk bilete, og gått gjennom fire av dei to kjende helheimsutgåvene.

Om Du er vaksen eller ung
eller kanskje berre Barnet
Følg Blikket mitt, Ven
helsing Arne.

Den siste spådomen hadde sendt oss frå diktarstova Knudaheio til skulpturen «All denne fagre vidsyn», ein kampestein med Garborg sitt vakre hovud uthogd. Diktaren såg rett på Time rådhus, og me visste at utanfor rådhuset sto Veslemøy. Me hadde vore på veg dit for å nøsta opp gamle spådomar, då Fossmark brått hadde ombestemt seg. Han fekk det for seg at det var han som var den nye Garborg, og ville ikkje at eg skulle hindra han.

«Og så han som har krøller,» lo Nils Henrik då me snakka om Fossmark. «Han kan kje vera den nye Garborg då.»

Alle visste jo at Arne Garborg hadde hatt stritt hår.

Nils Henrik og eg var blitt bestevener i brønnen på Garborgheimen. No var han storfavoritt til å bli den nye Garborg. Og me hadde flaks. For ein lastebil kom kjørande, og sjåføren vart så provosert over fotgjengarar på bilvegen at han jaga oss langs Garborgsvegen heilt til Kvåle. På det viset kom me fortare fram. Dei siste to-tri kilometrane, langs Arne Garborgs veg, orka me å gå sjølve – me trong ikkje lenger å jagast.

På rådhusplassen fann me statuen av Veslemøy.

Under panna fager men låg
lyser augo som att-um eim;
det er som dei stirande såg
langt inn i ein annan heim.

Gamle drøymer og utdødd kjærleik vakna til live og fløymde gjennom meg. Medan me sto der og vurderte blikket hennar – kva var det ho såg på? kor ville ho føra oss? – kom fintfolk gåande. Reinert Kverneland var ein typisk ordførar. Han hadde stor mage, som ordførarar flest; men han hadde ikkje flosshatt, for det har dei slutta med. Han hadde heller ikkje snurrebart, men det var det jo berre Kielland som hadde, så det var ikkje så rart.

Det som skilde han frå andre ordførarar med store magar, var kleda hans. Ordførar Kverneland frå Høgre var stivpynta. Han hadde blådressen på, mørkt slips hadde han òg, og kring halsen bar han ordførarkjedet. Han skulle på festivitas. Det var opplagt at han skulle vera ein av hovudpersonane.

Eg kjende han litt ifrå før, han hadde vore på Garborgsenteret eit par gonger for å sjå korleis me hadde det og om me var i rute til opninga, så det fall naturleg å helsa på han.

«Hei, Reinert!» sa eg.

Han vart ståande ved Veslemøy-statuen og speida i same retninga som oss.

«Kva ser de på?» spurde han.

«Me prøver å finna ut kor Veslemøy ser,» sa eg. «Me skal finna den nye Garborg

«Det ser ut som me skal same vegen,» sa han, og foreslo at me kunne jo slå fylgje. Så gjekk med der då, alle. Det var tri av oss: eg, formidlaren på Garborgsenteret; Nils Henrik Smith, ungt diktargeni og sannsynlegvis den nye Garborg; samt Reinert Kverneland, gallakledd ordførar.

Medan me kryssa Arne Garborgs veg, og gjekk inn i Hulda Garborgs veg, la eg merke til at ordføraren tok til å flira for seg sjølv.

Han klarte ikkje å halda seg. Han klukka høgt og hjarteleg.

«Er det noko?» spurde eg. «Kvifor ler du, Reinert?»

Han kniste.

«Eg har ledd av dette i fleire månader, Gonzo,» sa han. «Kvar dag og heile tida. Det er skrekkeleg morosamt, men du må lova å ikkje seia det til nokon.»

Eg lova, og det gjorde Nils Henrik òg.

«Jau, gutar,» sa ordføraren, «det har seg slik at eg er ein skikkeleg Sartre-supportar. Av alle utanlandske forfattarar tykkjer eg Jean-Paul Sartre er den beste. Dette kjem ikkje berre av dei grunnleggande moralske målestokkane han presenterer i «Væren og intet» – tankar i forlenging av Garborg, vår største eksistensialist – nei, faktisk behandlar Sartre sine filosofiske dilemma best i skjønnlitteraturen.»

Han såg på oss.

«Og den framste teksten Sartre skreiv var novella «Muren». De kjenner sjølvsagt til han; de er kje frå Klepp eller Hå, de. I «Muren» har det seg slik at helten Ibbieta, ein spansk motstandsmann, vert arrestert av fascistane og dømt til døden. Etter å ha venta på pelotongen heile natta, får han ein sjanse til å redda livet. Alt han treng å gjera, er å oppgjeva opphaldsstaden til ein ven i motstandsrørsla. Men Ibbieta vil kje ofra venen sin og oppgjev difor ein vilkårleg stad. Og så, he he he, viser det seg at venen faktisk hadde forflytta seg dit, og såleis vart arrestert!»

Ordførar Kverneland gapskratta.

«Ibbieta, derimot, fekk lov til å leva. Og de hugsar vel kva han gjorde då?»

«Han lo!»

«Ja,» brølte ordføraren. «Ho ho ho! Ibbieta lo så han fekk tårer i augene – fordi han hadde ofra seg sjølv, men vunne likevel. Han fekk i pose og sekk, altså. Langt liv og godt samvit.»

«Er det dette du går rundt og ler av?» spurde Nils Henrik andpusten. Han hadde spurta bort til Spar-butikken og naska med seg nokre blodappelsinar.

«Nja, ikkje riktig,» svarte ordføraren. «Eg ler fordi noko liknande har hendt med meg. Saka er nemleg den at eg ikkje har stemt på meg sjølv.»

Han tok tak i kjedet og lyfta det litt, slik at me skulle sjå det betre.

«Og likevel,» fortsette han, «er det eg som er ordførar, he he he. Det har seg nemleg slik at far min alltid sa at eg skulle røysta på den beste kandidaten; noko anna ville vera misbruk av røysteretten. Så eg røysta på Miljøpartiet dei grøne, dei hadde ein framifrå ordførarkandidat, mykje betre enn meg. Dermed kunne eg forlata vallokalet med godt samvit. Eg hadde gjort den rette handlinga, eg hadde røysta på nokon annan på bekostning av meg sjølv. Så viste det seg at ingen andre gjorde det same. Eg vart ordførar med god margin, og han i dei grøne kom kje inn i kommunestyret eingong.»

Han klukka.

«Og dét,» hiksta han, «har eg ledd av sidan. Men no er me framme, Gonzo. Det var hit de skulle òg, reknar eg med?»

Me runda hjørnet frå Hetlandsgata, og Atriumsplassen ved Høghuset opna seg for oss. Framfor Garborgsenteret var det fullt av folk; der var korpsmusikk, leande ungar, lirekassar og apekattar, klovnar med raude nasar, folkedans og bunadshow, sukkerspinn og kinaputtar, pølser i brød, pølser i lompe, pølser med alt og alt med pølse. Ballongar gjekk i vêret, folk hang ut vindauga og fylte lufta med herleg, kvit konfetti.

Nokon stakk til oss kvar vår Garborg-bart, og det gjekk opp for meg at alle mennene nytta slike, medan damene hadde Hulda-parykkar. Oppe på eit temporært podium sto sjefen min, ho Inger Undheim, i ein gallakjole med påfuglemblem. Ved hennar side var kulturminister Huitfeldt – samt kong Harald og dronning Sonja, oppstasa i snippkjole, ballkjole, tiara og blåe ordensband.

Det nærma seg Garborgsenterets opningsseremoni.

_________
Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Formidlar
Nasjonalt Garborgsenter

Til oversynssida 
Neste: Garborgsenteret opnar! Ja, heilt på ordentleg! Heilt sant!