Mannen bak Garborgsenterets namngjetne installasjonar, den geniale oppfinnaren Vilhelm Skjærpe, forsvinn frå TV-tønna. Poet og litteraturdetektiv Helge Torvund tek saka og oppsøker Garborg-eksperten John Fossmark, for tida innesperra i Åna fengsel for ugjerningane i «Garborgs galningar av Gonzo Johnsen».

Saman kjem dei på sporet av løyndommen bak heile den vestlege visdomen, med ulne trådar til ein hemmeleg brorskap av diktarfilosofar.