Episode 1: Alabama?

Avdelingsleiar Inger Undheim styrta gjennom Garborgsenteret så kappen flagra. For kvar gong ho sette føtene framfor seg, stempla ho golvet med ein hol lyd av tomheit.

Ingenting hogg som kvasse hælar i eit stengt, dunkelt museum.

IngerPlakat8

Støv? Papirlappar? Ho hadde skapt senteret med sine eigne neglelakkerte hender. Tyggis? Ho vedlikeheldt livsdraumen med utømelege krefter og falkeblikk. Snus? Ho granska teiknebordet. Brekte blyantar? Veggbrosja. Feittmerke? Den interaktive døypefonten. Dogg? Ho tørka det vekk.

Dæven Dante!

Var det hårstrå på bøkene?

Ho tok seg oppgitt til panna. Frå hjørnet av bokhylla kunne ho sjå korleis dei tri Garborg-bystene skoda utover museet. Ho lukka auga og gjenopplevde marerittet. Kvar natt vakna ho med eit hylande skrik. I mardraumane var Garborg-bystene bytta ut med Kielland, Obstfelder og Tu. Somme gonger levde dei: bystene song svensktoppar i ustemt fistel. Torvald Tu hadde ein gigantisk drøvel. Sigbjørn Obstfelder ein gigantisk bart. Alexander Kielland ein gigantisk… ja, han helste til henne med flosshatten.

Ho opna auga, slo fast at alt var som det skulle. Ingen hadde rørt Garborg-bystene enno.

Kvar morgon sjekka ho at alt var i orden. Ettersom det var onsdag, forsvann ho gjennom ei svart gardin og inn i eit lite, nesten lystett rom. Der inne fanst ikkje anna enn ein påslått tøtsjskjerm og gråe krakkar. I TV-tønna kunne gjestene filma seg sjølve og legga igjen ein kort video – ein beskjed, ei meining, eit utsegn – eller dei kunne sjå innslag laga av andre. Ho gjennomgjekk filmane for å forsikra seg om at det ikkje fanst noko med upassande innhald, noko som kunne øydeleggja Garborgsenterets omdømme.

Som påstandar om at Kielland var ein større forfattar.

At Torvald Tu hadde betre humør.

At Obstfelders bart var ei hårfontene.

Ho sette administratorkortet i haldaren, førte fingeren over skjermen. Ho bladde seg gjennom videoane, avgjorde kvikt om dei fekk bli verande eller måtte slettast. Var det siste tilfellet, trykka ho nådelaust på sletteknappen og gjekk vidare til neste video. Ho fekk sjå eit latteranfall; ein som pilla seg i nasen; ei som tok på seg leppestift; ein blottar. Ho flirte. Blottaren likna jo, hihihi, noko heilt utruleg, hehehe, på onk… kva?

Ville Wessel!

Dette måtte ho fortelja tante Jenny ved første høve.

Vidare fekk ho sjå to unge jenter som hevda at Garborgsenteret var det beste Garborgsenteret i heile verda. Ein ung mann roste Garborg i milde ordelag, men påpeika at han tykte Hamsunsenteret var betre. Ein liten gut som heitte Vemund sa at han elska lego. Ein eldre mann fekk ikkje fram eit ord. Neste video viste kona hans; intens som ein mitraljøse demonstrerte ho korleis snakking skulle gjerast, medan mannen sto nikkande i bakgrunnen.

Avdelingsleiaren sletta alle desse videoane. Brått gjenkjente ho eit fjes. Den siste nye videoen viste oppfinnaren Vilhelm Skjærpe, hjernen bak utforminga av Garborgsenterets mest namngjetne installasjonar. Skjærpe såg ut til å sitta ukomfortabelt på krakken, han var uroleg, bleik som eit skrømt. Frå skjortelomma stakk ei bok opp, «Alabama?».

Undheim sette opp volumet. Ho gjorde eit byks då Skjærpe vende seg direkte til henne.

Avdelingsleiar Undheim tok seg til hjartet. Av rein refleks snudde ho seg mot gardina. Nokon der? Ho lytta.

Ein augneblink seinare hadde ho sletta filmen, og lyden av stotrande travelheit hakka seg veg gjennom Garborgsenteret. Ho snakka alvorleg i telefonen.

Alabama?

 


Kva skjer? Kven snakkar ho med? Har det noko med den amerikanske delstaten Alabama å gjera? Og viss ikkje, kva har det å gjera med då, då?

Følg med, for svingande, på episode 2: Shakespeare, Bacon og Garborg.