Hulda og Arne Garborg var sentrale norske intellektuelle i åra mellom 1880 og 1930. Dei var engasjerte i nasjonale, kulturelle, religiøse og etiske spørsmål. Det er vanskeleg å førestella seg korleis åndslivet i Noreg hadde vore om ikkje desse to hadde levd. Dei prega sterkt kulturen, debatten og åndsutviklinga i denne perioden, og sto sentrale i utforminga av det moderne Noreg.
I utgangspunktet var paret umake. Han var 11 år eldre enn henne og hadde allereie opparbeidd seg stor kulturell prestisje då dei møttest. Hulda var berre ei ungjente med forfattaraspirasjonar. Likevel fann dei saman og i 1887 gifte dei seg. Saman fekk dei sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg (oftast kalla Tuften). Som personar var Arne grublande og likte å arbeida i einsemd, medan Hulda var sosial, praktisk og utovervendt.
Arne og Hulda vart begge del av ei brei nasjonalpolitisk rørsle som i midten av 1880-åra tok over den politiske administrasjonen av det norske samfunnet. Arne var blitt lagt merke til som eit føraremne, ein av dei som kunne setta dagsorden politisk og kulturelt. Dessutan vart dei begge etter kvart òg med i ei brei internasjonal kulturell rørsle som både sette sitt preg på ei rekke sosiale spørsmål og på kunst og litteratur heilt fram til i dag: modernismen. Desse to rørslene sameinte dei og førte dei saman i skrivande prosjekt og politisk/kulturelt arbeid.
Saman skapte Arne og Hulda eit moderne ekteskap bygt på tillit og hardt arbeid. Dei respekterte og var rause med kvarandre og utvikla etterkvart eit vennskap og ein djup respekt for kvarandre som gjorde at ekteskapet bar gjennom store kriser.
Begge var medvitne nasjonsbyggjarar med rot i bonderomantikken, men med perspektiv langt ut over denne. Dei sprang ut av det kulturelle Venstre, hadde alliansar både i Kristiania og internasjonalt. Dei ønskte eit friare Noreg bygd på folkestyre og demokrati, og ei friare verd. Prosjektet deira var å skapa eit norsk kulturelt grunnlag for nasjonen, som skulle visa samanhengen med europeisk kultur. Sentralt i arbeidet deira står skrifta – alt det dei produserte i form av bøker, artiklar, dagbøker og brev. Me finn òg spor etter dei i dagens politiske og kulturelle liv, til dømes nynorskarbeidet og Det Norske Teatret.
Kjelde: Tor Obrestad sine biografiar Arne Garborg: ein biografi (1991) og Hulda (1992).