Aadne Garborg vart fødd 25. januar 1851 og var eldste son på ein velhalden gard i Time på Jæren. Men han var ikkje interessert i å ta over garden. Han ville heller skriva. Allereie etter at han vart konfirmert starta han og nokre vener å gi ut handskrivne blad i nærmiljøet.

I 1867/68 fekk Aadne jobb som lærar i Riskakvervo. Hausten 1868 kom han inn på lærarskulen i Holt ved Tvedestrand og flytte dit. Mens han gjekk der tok far hans sitt eige liv. Dette var ei hending som Arne bebreidde seg sjølv og som prega han gjennom heile livet. Etter lærarskulen jobba Aadne fleire år som lærar. Han starta òg opp eit lærarskuleblad og avisa Tvedestrandsposten. Si første bok Smaa-stubber ga han ut under psevdonymet Alf Buestreng i 1873. Same året reiste han til Kristiania for å «studera eller døy».

I Kristiania kom Aadne i direkte kontakt med landets intellektuelle og politiske miljø. Det var òg her han vart kjent med Hulda. Han skreiv artiklar til avisene heile tida og fekk rykte på seg å vera eit redaktøremne. Student Garborg fekk i 1875 løyve av det offentlege til å kalla seg Arne Garborg. På denne tida lærte han seg nynorsk ved å byggja ut sin eigen dialekt med hjelp av rettskrivinga til Ivar Aasen, og den nasjonale reisingstanken byrja å bli utforma i hovudet hans. Saman med Rasmus Steinsvik starta han etter kvart det nynorske bladet Fedraheimen. I Kristiania gav han i 1881 ut si første bok i eige namn: Ein Fritenkjar. Fleire bøker følgde. Han tok opp tidsaktuelle, betente tema i samfunnet i det han skreiv, både skjønnlitterært og gjennom artiklar, og han vart ei viktig røyst i samtida sin offentlege debatt. Samtidig verka det han skreiv om skremmande på dei som styrte. I 1887 mista han jobben som riksrevisor på grunn av romanen Mannfolk.

Då han mista jobben flytta han til hytta Kolbotnen i Tynset, saman med Hulda. Her vart dei buande i ni år, gifte seg og fekk ein son. Arne skreiv fleire av sine sentrale verk på Kolbotnen. I desse åra vart han også meir og meir radikal og snuste mellom anna på anarkismen. Saman med Rasmus Steinsvik starta han målbladet Den 17de Mai. Arne blei etter kvart ein slags guru for yngre litteratar frå inn- og utland, og somme av dei drog opp i fjellet for å vitja han. Han knytte òg kontakt med fleire av dei fremste biletkunstnarane i samtida. Om vintrane drog Arne og Hulda ofte på lengre reiser til utlandet.

Arne Garborg - StrekteikningLivet på Kolbotn var vanskeleg, ikkje minst fordi det låg så langt unna allfarveg. Sonen, Tuften, skulle byrja på skulen og i 1896 flytta dei. Først til Stokke i Vestfold og så vidare til Labråten i Asker. Men Arne sakna Jæren. Han kjøpte eit jordstykke ovanfor Undheim på Jæren, og fekk oppført ei diktarhytte her. Hit drog han fleire somrar for å skriva. I 1898 fekk han fast årleg inntekt i form av statsløn.

Dei siste 20 åra av livet sitt la diktaren Arne ned dei skjønnlitterære ambisjonane sine og fokuserte i større grad på avisinnlegg og artikkel- og dagbokskriving. Han engasjerte seg meir og meir i amerikanaren Henry George si tenking om jordlæra og brukte også tid på å omsetja klassisk litteratur: Goethe, Holberg, Moliere, Shakespeare, Rama-kvædet og Homer. Samstundes grubla han over religiøse spørsmål.

Arne Garborg sto høgt i folk sitt medvit i samtida. Då han vart 70 år, mottok han ei gåve på om lag 100 000 kroner frå det norske folk – pengar han nytta til å støtta fattige unge kollegaer.

14. januar 1924 døydde han etter å ha vore sjuk ei tid. Han vart kremert og vart gravlagt i Trefoldighetskirken i Oslo for statens rekning. Hulda skriv: «70 kransar vart paalagd med varme og gode ord og 400 brev og telegram kom til meg». I juni same året vart oska hans flytta og hauglagt i hagen utanfor Knudaheio.

Kjelde: Tor Obrestad sine biografiar Arne Garborg: ein biografi (1991) og Hulda (1992).

Vil du vita meir? Skriv du ei oppgåve eller er du berre nysgjerrig? På Forfattarnett kan du fordjupa deg i livet og litteraturen til Arne Garborg.