Bøkene til Arne og Hulda Garborg

Visste du at ekteparet Garborg er mellom dei mest produktive forfattarane Noreg har hatt? Til saman skreiv dei kring 70 bøker, fleire av dei klassikarar. Her får du eit lite oversyn, og kanskje lyst til å lesa ei bok du aldri hadde høyrt om?

I staden for å presentera bøkene etter forfattar, har me vald å visa dei som ein samla forfattarskap. Arne og Hulda Garborg levde i takt, hjelpte kvarandre med tekstar og prosjekt, og var opptekne av mange av dei same problemstillingane. Arne (1851-1924) var 11 år eldre enn Hulda (1862-1934), som til gjengjeld levde i 10 år etter at mannen gjekk bort. Tyngdepunktet i forfattarskapen hans kjem naturleg nok tidlegare enn hennar, men det litterære samspelet mellom dei då dei begge er på høgda i 1890-åra er unikt i den norske bokheimen, og føregrip litteraturhistoria på fleire måtar.

1870-åra

Smaa-stubber af Alf Buestreng. Arne Garborg, 1873. «Alf Buestreng» var den unge Garborgs psevdonym då han skreiv i avisene og småstubbane var tidlegare publiserte tekstar som nå kom i bokform.

Henrik Ibsen’s «Keiser og Galilæer». En kritisk Studie af G. Arne Garborg, 1873. Den unge artium-studenten gjorde seg skuldig i såkalla «fadermord» på landets fremste dramatikar, trass i at han opprinneleg var ein stor beundrar av Ibsen. Etter kvart blei han også ein ivrig kritikar av dramatikaren, men dette er første gongen han gjer det offentleg. Arne gjorde seg synleg mellom dei intellektuelle i hovudstaden med denne boka, som framleis skal vera noregshistorias lengste bokmelding.

Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Arne Garborg, 1877. Når Garborg hadde noko viktig å seia om nynorsk, skreiv han det oftast på dansknorsk. Det var mellom dei dansknorske han kunne vinna fleire over på si side. Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevegælse angav nye argument for målsaka og vart ståande som rørsla sitt viktigaste manifest. Forfattaren sjølv hadde nyleg lært seg nynorsk på eiga hand, og skulle gjennom heile livet koma til å skapa og gjenskapa nye og gamle skrivemåtar. Etter denne boka stod han fram som sjølve nynorskføraren, den tredje etter nemnde Aasen og A. O. Vinje. Posisjonen hadde han livet ut, og målmannen var med på å stifta både Det norske samlaget, Den norske Forfatterforening, Noregs Mållag og Det Norske Teatret.

Gud signe Norigs land. Arne Garborg, 1878. Hans einaste salme, opphaveleg med tittelen Norsk Fedralandssong, stod på trykk i hans eiga avis Fedraheimen, den 15. mai 1878. Songen vart ein skikkeleg hitt etter dåtidas forhold. «Den nynorske nasjonalhymna» var skriven til melodien God Save the King, men dei neste førti åra skulle kring tjue norske komponistar setja sine eigne tonar til. Garborg komponerte òg ein eigen melodi til den, som han heldt for seg sjølv. Gud signe Norigs land blei den teksten han tente mest pengar på i si levetid. Ho er salme 756 i den norske salmeboka, der Arne også er representert med diktet «Bøn» (frå Haugtussa) og som omsetjar.

Ein fritenkjar. Arne Garborg, 1878. Arne kalla henne sjølv «forteljing», men me kan godt kalla henne roman. Ho gjekk først som føljetong i Fedraheimen, frå desember dette året til april 1879. I 1881 kom ho ut i bokform. Boka blir ofte sett på som Garborgs skjønnlitterære debut, sjølv om ho var sjølvpublisert og han hadde skrive dikt for aviser tidlegare. Boka gav han eit rykte som gudlaus radikalar, noko som valda han store problem i åra som kom, mellom anna med Stortingets avslag på søknaden hans om forfattarstipend i 1882.

1880-åra

Bondestudentar. Arne Garborg, 1883. Arne Garborgs gjennombrotsroman, og på mange måtar nynorskens kunstnarlege gjennombrot. Ein danningsroman som skildrar vanskane med å koma frå landet og framstå som student og byborgar i Kristiania. Ein av dei mest lesne romanane i Noreg, då han blei mykje brukt som pensumlitteratur heilt fram til 1990-talet. Boka tar føre seg utdanningsproblematikken i det fattige landet Noreg. Dei sosiale skilnadane mellom by og land er store, og gjennom den berømte hovudpersonen Daniel Braut ser me kor ynkeleg ein kan bli når ein ikkje får anledning til å «vera seg sjølv». Den skjønnlitterære forfattarskapen til Garborg blei ofte inndelt i «jærbøker» og «kristianiaromanar» og Bondestudentar kan seiast å vera første boka i begge kategoriane.

Forteljingar og Sogur. Arne Garborg, 1884. Novellesamling som skaffa Arne nye, unge og entusiastiske lesarar. Mest kjend er novella «Ungdom», eit innlegg i den såkalla «hanskedebatten» Bjørnstjerne Bjørnson sette fyr på. Bjørnson var ein mann Arne frå denne tida hadde eit komplisert forhold til, og som eskalerte til rein fiendskap då målsaka spissa seg på 1890-talet.

Soveråd. Arne Garborg, 1886. Reisebrev frå Paris, trykt i Fedraheimen som føljetong i februar 1886. Garborg har reist ut for å gjera ferdig romanen Mannfolk, men ei valdsbølge skremmar han så han ikkje får sova. Med målarvennane Harriet Backer og Kitty Kielland si hjelp går han for å kjøpa ein revolver til sjølvforsvar. Morsom forteljing som blei tatt med i Garborg sine samla verk og gitt ut som boksingel av Garborgsenteret i 2021, både i original og språkmodernisert.

Mannfolk. Arne Garborg, 1886. Kristianiaromanen som endra Garborgs liv og som stadfesta folkets syn på han som radikalar. Boka kom ut i ei dramatisk tid for norsk litteratur og ytringsfridom, i kjølvatnet av «Albertine-saka», «Jæger-saka» og «Kielland-saka». «Mannfolk-saka» fekk som konsekvens at Garborg mista stillinga som fast revisor på Stortinget. Stortingsbøndene likte dårleg at Garborg i denne boka problematiserte ekteskapet som institusjon. Alexander Kielland, Christian Krohg og Hans Jæger var tre forfattarar Garborg hadde støtta, og skuffelsen var stor då dei ikkje støtta han tilbake. Ettersom han nå stod utan fast inntekt flytta det nygifte Garborg-paret til hytta hans, Kolbotn, på Tynset. Dette blei innleiinga på ein meir produktiv fase i forfattarskapen og skulle gje han eit internasjonalt gjennombrot. Mannfolk er ein naturalistisk roman som diskuterer moralen i samtidas Kristiania og som set fram forslag til korleis folk kunne få det betre, som å gje kvinna betre vilkår og mann og kvinne høve til å bu saman utan å vera gifte. For dette blei Garborg sett på som landets farlegaste mann.

Fri Skilsmisse. Arne Garborg, 1888. Den nygifte forfattaren kom med ein radikal og omstridt pamflett som kommentar i hanskedebatten. Undertittelen er «Indlæg i Diskussionen om Kiærlighed».

Uforsonlige. Arne Garborg, 1888. Arne Garborgs første skodespel, politisk og omstridt i hans levetid, blei ikkje nokon umiddelbar suksess. Han mislukkast i å finna eit teater som vil setja det opp då det er nytt, og det blei heller aldri spelt i hans levetid. Det kom imidlertid ut i bokform og vart bannlyst frå det offentlege.

1890-åra

Kolbotnbrev. Arne Garborg, 1890. Garborg løgnaste bok er også eit kunstnarleg meisterverk, sjangeroverskridande essaykunst som tar utgangspunkt i hytta Kolbotn. Her spelar han på alle dei formale strengene som finst og finn opp nokre nye. Boka tar utgangspunkt i artiklar («brev») publiserte i avisa Fedraheimen, men blir grundig bearbeidd før dei kjem i bokform. Resultatet er eitt, eller fleire (alt etter korleis ein ser det), essay med innslag av fiksjon. Boka har vorte mykje brukt som kjelde til ekteparet Garborgs liv fordi ho tar for seg tida før og etter dei gifta seg. Med mykje humor og finkjensle skildrar forfattaren kona si, den vesle sonen sin, samt vennar og uvennar. Han diskuterer tema som dukkar opp igjen i seinare bøker. Her finst inspirerte og språkleg energiske stykke naturlyrikk, komedie og ironi.

Hanna Winsnes’s kogebok. Arne Garborg, 1890. Arne Garborgs mest kjende essay syner ironikaren på sitt beste. Han er i storform og gjev eit skuleeksempel på ironi, mykje brukt på universitetet heilt fram til i dag. Kokeboka til Hanna Winsnes var ein av dei mest selde kokebøkene i Noreg på 1800-talet, men føreset stort kjøkken og store ressursar. Essayet vart opprinneleg skrive som ei satirisk bokmelding i tidsskriftet Samtiden.

Hjå ho mor. Arne Garborg, 1890. Ein naturalistisk roman som tok utgangspunkt i Hulda sin vanskelege oppvekst i Hedmark og Kristiania, og bearbeider denne til fiksjon. Garborg skreiv først på dansk og kalla romanen Hos Mama, før han i lag med Ivar Mortenson Egnund omsette teksten til nynorsk. Slik kunne boka koma ut i Norge og Danmark samstundes. Dette er nok det nærmaste forfattarparet kom å skriva ei bok saman. Ho stod i Arne sitt namn, men Hulda trådde fram som ein mogen romanforfattar allereie året etter, og måtte ha lært mykje av samarbeidet.

Trette menn. Arne Garborg, 1891. Eit kunstnarleg vågestykke og ei av dei mest avantgardistiske romanane som nokon gong er utgitt i Noreg. Romanen er ein av dei finaste døma på dekadansen mot slutten på attehundretalet og den europeiske «fin de siecle»-kjensla kjem tydeleg fram. Diktarfilosofen Garborg diskuterer tidstypiske stridsemne som nihilisme, etikk, menneskeverd og psykologi, kjærleik og seksualitet. Ei av dei første modernistiske bøkene i norsk litteratur og ei av Garborg sine kristianiaromanar.

Et frit forhold. Hulda Garborg, 1892. 31 år gammal debuterte Hulda som romanforfattar. Mannen slo fornøgd fast at kona hadde skrive «ei merkeleg god bok». Boka tar føre seg kjønnsroller og komplisert familieliv, to tema som skal oppta henne mykje gjennom heile forfattarskapen. Boka kan også lesast som ein kommentar til mannens Trette menn frå året før.

Fred. Arne Garborg, 1892. Garborgs store romanklassikar loddar djupt i menneskesinnet og viser nokre av problema med den pietistiske helvetesredsla. Garborg bygde hovudpersonen Enok på faren Eivind og kona hans, Anna, på mora Ane. Det er ein psykologisk og lyrisk roman som, sjølv om Garborg vurderte henne som naturalistisk, også er modernistisk. Jærromanen blir ofte nytta som kjelde til Arne Garborg sin vonde barndom, trass i at det er fiksjon. Fred har vist seg å vera Garborgs mest slitesterke roman og er framleis mykje lesen. Verkelegheitslitteratur hundre år før Knausgård.

Fra det mørke Fastland. Arne Garborg, 1893. Essay med undertittelen Reiseindtryk fra Stavanger og Jæderen. I denne boka skapte Garborg eit mykje brukt omgrep, og ei oppfatning av det pietistiske Jæren som framleis lever. Presten og politikaren Lars Oftedal får gjennomgå.

Jonas Lie. En udviklingshistorie. Arne Garborg, 1893. Ein kort biografi om sin venn og forbilde, forfattaren Jonas Lie.

Norges Selvstændighetskamp fra 1814 til nu. Arne Garborg, 1894. Ettertida hugsar den politiske Garborg mest som målmann og menneskerettsforkjempar, men han stod også i bresjen for at Noreg skulle få sin fridom ifrå Sverige, noko både denne boka og tallause avisartiklar syner.

Haugtussa. Arne Garborg, 1895. Diktsyklusen om Veslemøy er blitt kåra til 1800-talets fremste norske diktverk, og er eit av dei mest adapterte tekststykka i den norske bokheimen. Framleis blir det skrive ny musikk til dikta kvart år. Først ute var Edvard Grieg, med det som blir rekna mellom hans beste verk, og i utlandet blir Haugtussa gjerne knytt til komponisten. Ironisk nok er det verkets lyriske meisterskap som har hindra det i å gjera suksess på andre språk, det komplekse samspelet mellom språklydar og innhald har synt seg nesten umogleg å omsetja. Innhaldsmessig var det på mange måtar nyskapande og har dei siste åra møtt fornya interesse som ein tidleg forløpar til fantasy-litteraturen. Det er også det første norske diktverket med ei ung kvinne i hovudrolla. Ungjenta Veslemøy er synsk, lir svik i kjærleik og blir bergtatt av Haugkallen. Høgjæren og særleg området kring Snorestad, der Garborg var heiagjetar som gutunge, blir ofte sett på som Veslemøy sitt landskap. I 1899 blei Haugtussa kåra til den beste norske diktsamlinga nokonsinne og ho ragar framleis høgt i den norske litterære kanon.

Mødre. Hulda Garborg, 1895. Hulda sin debut som dramatikar. Handlinga er lagt til landsbygda og har bygdesamfunnets organisasjonsform og verdinormer. To kvinner pressar, på kvar sin kant, fram avgjerder for sønene sine som i større grad tek omsyn til tradisjon enn til einskildmennesket. Hulda viser seg som ein tydeleg nyrealist idet ho skildrar «ekte» bondefolk på eit tun med gamle uthus. Ho lèt dei jamvel snakka dialekt. Dette var nytt og vågalt. Kristiania-borgarskapet lika det ikkje, og Dagbladet slakta stykket då det i 1905 blei sett opp på Christiania Theater med kong Oskar i salen. Formalt var Hulda tydeleg inspirert av Henrik Ibsen, men ho nytta sine eigne miljø og problemstillingar.

Læraren. Arne Garborg, 1896. Arne Garborgs andre og mest kjende skodespel handlar om Paulus, sonen til Enok Hove i Fred. Han vil ta Jesus på alvor og leva etter hans lære, selja alt og gjera det gode framfor å be om tilgjeving for det vonde. Læraren er eit godt stykke, men vart ikkje sett opp før i 1914, då på Det Norske Teatret.

Rationelt fjøsstell. Hulda Garborg, 1897. Hulda fekk sitt gjennombrot med denne farsa, eller «folkekomedie» som den gjerne blei kalla, skriven i tradisjonen etter Ludvig Holberg. Stykket kom til å bli sett opp så mange gonger på hennar eigne turnear med Det norske spellaget at det til slutt blei noregshistoria sitt mest spelte stykke. Dramaet går ut på at dottera i huset kjem heim etter eit år på folkehøgskule, ho har fått nye impulsar og vil effektivisera arbeidet på garden. Verken foreldra eller kjærasten forstår seg på dette. Stykket har holdt seg godt og blir framleis sett opp i ny og ne. I 2013 rangerte Morgenbladet Rationelt fjøsstell som eitt av dei ti viktigaste norske stykka i tida mellom Ibsen og Fosse.

Heimestell. Hulda Garborg, 1898. Den første kokeboka på nynorsk kom i mange utgåver og blei til slutt ein suksess. Den første utgåva vart utgiven av Fedraheimen og kunne delvis lesast som ein skøyeraktig kommentar til hennar eigne og andre sine avisartiklar. Mannen Arne får gjennomgå så det held når det gjeld oppvask og andre enkle gjeremål. I tillegg til å vera ei kokebok er det også ei folkeopplysingsbok der lesaren får læra korleis ein kan halda huset reint og ungane friske. Heimestell blir ekstra underhaldande om ein les henne i lys av mannen Arne sitt bejubla essay om Hanna Winsnes» kokebok, ei bok Hulda sjølv nytta som ung husfrue i Kolbotn, noko dei skildra i Arnes Kolbotnbrev og hennar eiga Fra Kolbotn og Andetsteds. Hulda sjølv ville at boka skulle vera for «smaae hushald, då helst på landet». For kvar nye utgåve vart boka fylt med fleire oppskrifter, nokre av dei heilt nye i Noreg. Samstundes vart ho meir sakleg og kanskje mindre litterær interessant.

Den bortkomne faderen. Arne Garborg, 1899. Denne lyriske romanen blir jamnt nemnd som Arne Garborgs siste skjønnlitterære meisterverk. Han skreiv henne då han var på veg inn i ein djup depresjon, som det skulle ta han eit par år å koma ut av. Etterpå hadde han kanskje ikkje same skaparkrafta, sjølv om intellektet var like skarpt og han skreiv mange gode bøker fram til han døydde i 1924. I Den bortkomne faderen fortset dramaet om Hóve-sønene og spørsmålet om livsmeining. For å få boka til å henga saman med Heimkomin son, som kom nokre år seinare, la forfattaren til fire nye kapittel på slutten. Det klargjorde kanskje bodskapen, men svekka romanen som litteratur.

Hos Lindelands. Hulda Garborg, 1899. Hulda synte at ho var ei av landets fremste farseforfattarar, og blei med dette stykket den første kvinna som blir oppsett på Nationaltheatret. Med Edderkoppen fem år seinare blei ho den andre òg. I Hos Lindelands harselerer ho med motestyrte og overflatiske kvinner som reint gløymer å passa heim og barn. Hulda skulle markera seg som ein viktig feminist, ein såkalla «forskjellsfemist», som heile tida passa på at ikkje omsorgen for tredjeparten, barna, blei gløymt i likestillingsdebatten.

Noahs ark. Hulda Garborg, 1899. Farse der handlinga er lagt til Leipzig og Hulda harselerer muntert over ranglebohemens luftige kunstnarambisjonar og tvilsame arbeidsmoral.

Begynnelsen av 1900-talet

Sovande sorg. Hulda Garborg, 1900. Eit drama i tre akter om den norske fjellbygda, kjærleik, svik og familieforhold.

I Helheim. Arne Garborg, 1901. Diktsyklus med undertittelen Haugtussa 2 som skildrar Veslemøy si ferd gjennom Helheim, etter mønster frå Dantes Den guddommelege komedie. Oppfølgaren nådde ikkje heilt det kunstnariske nivået til Haugtussa og fekk heller ikkje same populariteten, men er interessant lesing for dei som lar seg fascinera av Veslemøy sitt fantasy-univers.

Ivar Aasen. Arne Garborg, 1902. Ein kort biografi om nynorskens far, som var eit førebilde og ein bekjent av Arne.

Norske folkevisor. Hulda Garborg, 1903. Eit lite hefte der Hulda Garborg definerte kva ho meinte folkeviser og folkevisedans var. Arbeidet med visene og dansen skulle bli mellom hennar største kampsaker og var saman med arbeidet for folkedraktene med på å definera henne som ein stor folkekulturpersonlegdomen. Utgjevar var Noregs ungdomslag og dei gjorde ein god jobb med marknadsføring og distribusjon. I løpet av to år var heftet seld i 15000 eksemplar.

Song-dansen i Nor-Landi. Hulda Garborg, 1903. Eit nytt hefte der Hulda ser på songdansen sine historiske røter. Skuffa samanliknar ho kåra til songdansen i Noreg med Færøyane sine, og set med det i gang ei stor rørsle i Noreg: bondeungdomslaga sine danseringar.

Fra Kolbotnen og andetsteds. Hulda Garborg, 1903. Huldas dagbok frå den første tida på Kolbotn som nygift er nok bearbeidd i ettertid, men teksten heldt friskheita og den naiviteten ei ung, nygift kone på fjellet sikkert kunne ha. Det gjorde henne berre betre. Teksten er truverdig, men er også klar og velskriven. I denne boka gjev ho si eiga versjon av dei hendingane mannen skildra i Kolbotnbrev. Ei samlesing av dei to bøkene gjev ein heilt spesiell lesnad, både sår og humoristisk, og innsyn i samlivet og forfattarparets kreative bruk av litterære teknikkar.

Liti Kersti. Hulda Garborg, 1903. Hulda synte si interesse for folkediktinga ved å adaptera forteljinga om Kersti til scena. Undertittelen er Eventyrspel med Song og Dans i tvo Vendingar, og ho fekk her knytt mange av sine interesser saman: teater, folkedans, folkedikting og folkemusikk. Det blei vellukka. Hulda braut med den holbergske og ibsenske teaterrealismen og var nå meir inspirert av europeisk teater. Frå og med Liti Kersti skreiv ho «sterkt visuelle og spektakulære scenestykke med store språklege spenn». Handlinga er lagt til mellomalderen og er eit sjeldant døme på historisk dikting hos ekteparet Garborg.

Knudaheibrev. Arne Garborg, 1904. Ei av dei viktigaste kjeldene til det gamle Jæren, idet Garborg tok føre seg både tida då han var gut, på midten 1800-talet og tida då han skriv, eit halv århundre seinare. Her fortel Garborg om oppveksten, farsgarden og jærbuen.

Kvinnen skapt av Mannen. Hulda Garborg, 1904. Denne essayistiske romanen var årets bestseljar i Noreg. Forfattaren var anonym, men «alle» skjøna kven som stod bak. Boka gjekk i tolv opplag på nokre veker, selde ti tusen første året, og resulterte i parodiar skrivne av andre. Boka var ein reaksjon på den kvinnefiendtlege filosofien til austerrikaren Otto Weiniger, og blei skriven i ein rasande raptus på eit par månadar tidlegare på året. Ho kom ut allereie på vårparten. Med denne boka stod Hulda fram som ein viktig feminist, men «forskjellsfeminismen» hennar var ein annan enn den politiske feminismen som stod på barrikadane og ville ha full jamlikheit mellom kjønna. Boka blei omsett til svensk og tysk. Historien om fru Eva heldt fram i Fru Evas dagbok som kom året etter. Ein av grunnane til den store suksessen var at mange lesarar trudde ho skildra sitt eige ekteskap, då hovudpersonane hadde mange ytre likskapar med kjendisekteparet Garborg, men dette var noko Hulda sjølv avkrefta.

Edderkoppen. Hulda Garborg, 1904. Hulda sitt store år blir til annus horribilis idet det ambisiøse stykket Edderkoppen blei tatt av plakaten på Nationaltheatret etter berre tre speledagar. Forfattaren ville vera anonym, men VG publiserte namnet hennar på førstesida. Ho forlet hovudstaden i skam og unngjekk å lesa aviser i lange tider. Kvifor stykket blei tatt av plakaten er noko uklart, men har nok samanheng med at hovudpersonen likna mykje på ei av byens rikaste og mektigaste kvinner, som nett på denne tida låg i rettssak for å reinvaska seg mot drapsanklager. Mellom elskarane ho var anklagd for å drepe var Hulda sin far. Edderkoppen er ikkje noko dårleg stykke, og Hulda føregreip verkelegheitsdebatten i norsk litteratur med hundre år, idet dei fleste karakterane er bygd på lett gjenkjennelege,til dels offentlege, personar – mellom dei nasjonalhelten og eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen. Hulda gjer dessutan karakterdrap på heile sin næraste familie.

Fru Evas dagbok. Hulda Garborg, 1905. Dagboksroman som var eit framhald av suksessen Kvinden skabt af Manden frå året før. Ein samfunnskritisk roman og ei personleg terapihistorie samstundes. Dagboksromanen har lite ytre handling, men fungerer godt som som nøkkel til Hulda sitt Rosseau-inspirerte verdiunivers. I begge desse bøkene eksperimenterte Hulda med subjektive former som dagbok og brev for å koma tett på karakterens psyke.

Norsk klædebundad. Hulda Garborg, 1905. Kom ut på ny i 1917, i ei illustrert praktutgåve med oppdatert folkedraktshistorie frå dei ulike regionane. Nybrottsarbeid som fekk stor betydning for bunadens kår i Noreg og Hulda sin status som «bunadens mor».

April. Hulda Garborg, 1905. Eit realistisk drama i tre akter som tar opp kvinnesyn og kjærleikssyn. Teksten er bohemkritisk og granskar den trøytte mannen.

Kongens Kone. Hulda Garborg, 1906. Drama med undertittelen Interiør fra Ludvig XIV’s hoff. I dette stykket tar republikanaren og forskjellsfeministen Hulda føre seg Solkongens andre kone, madame de Maintenon, som aldri vart opphøgd til dronning. Stykket fekk til dels hard kritikk.

Jesus Messias. Arne Garborg, 1906. Garborgs forsøk på å vaska kyrkja av Jesus, som her blir heldt fram som ein stor moralfilosof. Boka vaska også fritenkjaren av Garborg, iallfall i jærbøndene sine auger. Det skal vera hans mest selde bok heime på Jæren, og dei kom til å frykta han litt mindre etterpå.

Den burtkomne Messias. Innlegg i Ordskifte om Trui. Arne Garborg, 1907. Essay der Arne svarer kritikarane og forklarer kva han meinte med Jesus Messias.

Sigmund Bresteson. Hulda Garborg, 1908. Eit breitt anlagd historisk drama om den største færøyske sagahelten. Det var dette stykket Det Norske Teatret sette opp for å feira 70-årsdagen hennar i 1932.

Heimkomin Son. Arne Garborg, 1908. Den siste boka om Hòve-sønene og Arne sitt siste større bokverk. Her blei tankane frå Den bortkomne Faderen knytta til et praktisk arbeid i jordbruket, idet brorskapstanken blei innfelt i jordspørsmålet. Denne boka var ei kunstnarleg bearbeiding av Henry George sine tankar, ein politisk filosofi Arne brukte mykje tid på å formidla i artikkelform.

Mann av Guds Naade. Hulda Garborg, 1908. Roman. Dette er Huldas første bok med ein mann i hovudrolla og tittelen var ironisk meint. Skriven på landsmål. Boka fekk hard kritikk av hovudstadsanmeldarane, noko Hulda hadde mykje av frå 1904 til 1908, samtidig med at ho stod fram som ein viktig forfattar.

Rousseau og hans Tanker i Nutiden. Hulda Garborg, 1909. Ei bok om den franske opplysingsfilosofen Jean-Jacques Rousseau som inneheld utdrag av verka hans. Med denne boka vart Hulda den første nordmannen som omsette Rousseau, ein av dei viktigaste tenkarane i den vestlege sivilisasjonen. Dette er ei sentral bok i formidlinga av Hulda Garborgs eige menneske- og samfunnssyn.

1910-talet

Under Bôdhitræet. Hulda Garborg, 1911. Drama med undertittelen En drøm i fire billeder. Her gjorde Hulda askese til hovudtemaet, ein tydeleg parallell til Arnes Paulus Hòve-karakter i Læraren.

Eli. Hulda Garborg, 1912. Roman som innleidde ein produktiv og suksessrik periode med dannings- eller utviklingsromanar i nyrealistisk stil. Eli gjekk i fleire opplag og Hulda gjorde her bruk av tankane ho framsette i Rosseau-boka. Den forelska ungjenta blei frå og med Eli eit vanleg tema hos Hulda, og dukka opp i bøkene Gaaden, Mens dansen gaar og Helenes historie. Eli fekk svært gode kritikkar og kom raskt i nytt opplag.

Norske dansevisur. Hulda Garborg, 1913. Bokverk om og med folkeviser som kom i fire utgåver, etterkvart sterkt utvida.

Barn i by. Hulda Garborg, 1913. Novellesamling som gjekk i fleire opplag. Her sette Hulda det utsette barnet i sentrum. Ho leverte eit barneportrett frå fattigstrøk og industriområde i og ved Kristiania.

Mod Solen. Hulda Garborg, 1915. Oppfølgaren til romanen Eli om karakteren Eli Runge gjekk i fleire opplag. Hovudpersonen og sonen kastar seg her inn i kampen mot industrialisering og for naturvern.

Tyrihans. Hulda Garborg, 1915. Songspel som Hulda skreiv for Det Norske Teatret for å skaffa dei eit barnestykke og eit fast julespel til å dra familiepublikum år etter år.

Gaaden. Hulda Garborg, 1916. Kunstnarroman med undertittelen Efter Præstedatteren Else Marie Lindes Optegnelser. Boka stiller spørsmålet om det finst ein spesifikk kvinneleg kunstnarskap. Gjekk i fleire opplag.

Den store Freden. Hulda Garborg, 1919. Teaterstykke på vers. Ein tur til USA for å vera med på å avduka ein byste av Ivar Aasen førte til ei djup interesse for dei amerikanske urfolka, kulturen deira og den uretten som var gjort mot dei. Ho arbeidde i tre år med denne boka som skulle formidla fredstanken i ei tid verda var i krig. Arne Garborg sin utvandra bror Samuel sette stykket om til engelsk og gav det tittelen Hiawatha’s Visions etter fredsideane til den legendariske indianarhøvdingen som stykket handlar om.

1920-åra

Mens dansen gaar. Hulda Garborg, 1920. Den første av dei fire Hedmarks-romanane, som kanskje kan sjåast som Hulda sine hovudverk i siste delen av forfattarskapen. Bøkene var skrivne på bokmål, men Hulda gjorde utstrakt bruk av dialektar og kom Alf Prøysen i forkjøpet med å bruka hedmarksdialektens «je» og «itte».

I huldreskog. Hulda Garborg, 1922. Den andre av Hedmarks-romanane. Her diskuterte Hulda problematikken kring barnemord, og kom med sosial kritikk til samfunnet som ikkje klarte å gjera livet betre for ugifte mødrer.

Naar heggen blomstrer. Hulda Garborg, 1923. Den tredje av Hedmarks-romanane. Hulda diskuterte bandet mellom kvinnekroppen og «den store natur».

Grågubben. Hulda Garborg, 1925. Den fjerde og siste boka i Hulda Garborg sine Hedmarks-romanar.

Dagbok 1905-1923. Arne Garborg, utgitt posthumt 1925-1927. Garborg skreiv dagbok dei siste tjue åra av sitt liv, medviten om at dei ville bli publisert etter hans død. Dette gjorde at han la vinn på språket og dagboka hans blir rekna som ei av dei viktigaste litterære dagbøkene i Noreg, ofte trekt fram i lag med Olav H. Hauge sine. Verket blei redigert av Hulda før utgiving og (minst) ei utriven side har ført til spekulasjonar om kva som kan ha stått der.

Trollheimen. Hulda Garborg, 1927. Roman med undertittelen Av en prestesøns dagbog. Huldas andre og siste roman med ein mann i hovudrolla.

Helenes historie. Hulda Garborg, 1929. Utviklingsroman om ei ung jentes intellektuelle og erotiske oppvåkning.

1930-åra og vidare

Kornmoe. Hulda Garborg, 1930. Diktsamling. Boka er prega av fedrelandskjærleik og å vera skriven av ein vaksen forfattar som gjer seg ettertankar mot slutten av livet. I opningsdiktet «Noreg mitt land!» skriv ho «Gjev meg ei hamn i ditt famn, Noreg mi mor som eg elskar». Desse strofene kom til å stå på gravsteinen hennar i Knudaheio.

Hildring. Hulda Garborg, 1931. Roman på nynorsk, alle dei andre romanane hennar er skrivne på riksmål. Handlinga er lagt til Østerdalen og Hildring er den av romanane hennar som minnar mest om tradisjonell heimstaddikting.

Symra. Hulda Garborg, 1934. Diktsamling som vart den siste boka som kom ut i hennar levetid.

Barndomsminne. Hulda Garborg, 1935. Posthum utgiving etter at forfattarinna, som hadde fått ein slags status som norsk kulturs grand old lady, gjerne kalla både «mor Noreg» og «bunadens mor», døydde i 1934. Boka er ei viktig kjelde til dei første åra av livet hennar og er endå eit døme på den klåre, rytmiske skrivemåten som kjenneteikna dei beste av sakprosabøkene hennar. Ei lys bok om ein vanskeleg barndom og ei viktig kjelde til livet hennar.

Dagbok 1903-1914. Hulda Garborg, 1962. Utdrag frå Hulda si dagbok ved K.G. Koht og Rolv Thesen. Godt skrivne og artige notat om familielivet, forfattarskapen og kulturprosjekta, samt tankar ho gjorde seg om stort og smått. Store delar er framleis ikkje utgitt i bokform, men er tilgjengeleg som manuskript på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Lista er ikkje komplett. I tillegg til fleire eigne bøker, gjorde Arne og Hulda Garborg også omsetjingar og skreiv tusenvis av artiklar for aviser og tidsskrift. På bøker som ikkje er nyutgjevne og modernisert, har me halde på den originale tittelen.

Andre kjelder:
Grønstøl, Sigrid Bø: Hulda Garborg. Forfattaren og feministen; Aschehoug 2012.
Lunden, Eldrid: «Etterord» i Hulda Garborgs Mødre, Rationelt Fjøsstell, Edderkoppen; Vidarforlaget 2012.
Obrestad, Tor: Arne Garborg; ein biografi; Gyldendal 1991.
Obrestad, Tor: Hulda; Gyldendal 1992.
Skre, Arnhild: Hulda Garborg; nasjonal strateg; Samlaget 2011.
Sørbø, Jan Inge: Nynorsk litteraturhistorie; Samlaget 2018.

Teikningar: Steffen Kverneland.