Bygget

Garborgsenteret er samlokalisert med Time bibliotek og Hulda kafé. Bygget sto klart i 2010 og utgjer ein fløy av Forum Jæren.

Idéen om etableringa av eit Nasjonalt Garborgsenter spring ut av 150-årsjubileet for Arne Garborg sin fødsel, Garborg-året 2001. I etterkant av jubiléet tok Time Mållag initiativ til ei utgreiing av ideen om eit Garborgsenter. Ei arbeidsgruppe leia av Tarald Oma, dåverande leiar i Time Mållag, la i 2004 fram forprosjektet «Nasjonalt Garborgsenter på Bryne – for lesing og litteratur». Dette førte til at det blei sett ned ei styringsgruppe.

Prosjektet starta opp i oktober 2006 med Time Mållag, Time kommune og Rogaland fylkeskommune som initiativtakarar. Time kommune fekk ansvaret for å driva prosjektet.

Frå 1. april 2008 tok Jærmuseet over ansvaret.