Om Nasjonalt Garborgsenter

Garborgsenteret er eit interaktivt museum og besøkssenter i Bryne. Senteret formidlar Arne og Hulda Garborg, to viktige forfattarar og samfunnsaktørar.

Senteret vil inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass. Det er eit levande senter for demokrati, kunnskap og skaparkraft. Publikum blir invitert til å setja fram meiningar og løysa oppgåver for slik å bli kjende med Arne og Hulda Garborg – ein skal læra gjennom å gjera.

Målgruppa for senteret er eit allment publikum utan særskilte faglege føresetnader. Ungdom i 15- 25-årsalderen og unge vaksne er peika ut som hovudmålgrupper for senteret sitt arbeid.

Garborgsenteret ligg sentralt i Bryne, i Time kommune. Senteret er samlokalisert med Time bibliotek, plassert mellom høghuset Forum Jæren og den nye vidaregåande skulen. Området Garborgsenteret ligg i har fokus på læring, næring og kultur. Me vil at senteret skal vera ein stad der folk har lyst til å vera, enten dei vil oppleva kultur, arbeida med store tankar og prosjekt, eller bare ta ein kaffikopp. Bygget er tilpassa alle desse føremåla og inneheld, i tillegg til utstillingsdelen og biblioteket, kafé, butikk og ein sal til føredrag og små framsyningar.

Bygget er universelt tilrettelagt.


«Garborgsentret er Jærmuseets humanistiska vitensenter. Garborgsentrets udstilling rummer en interaktivitet og publikumsinvolvering av hög klass. Skoleforløbet med folkeafstemningen, om man
i det fiktive landet som liknar Norge helt skal droppe det inhemska språket og gå over til engelsk som hovedsprog, er særdeles spændende designet. Centret er en smuk kombination af bibliotek,
museum og vitensenter.»
Per-Edvin Persson og Asger Høeg: Evalueringsrapport av Jærmuseet 2016

«Formidlingen på Vitengarden, Vitenfabrikken og Garborgsentret viser, at Jærmuseet mestrer at udnytte de senest udviklede formidlingsteknikker.»
Per-Edvin Persson og Asger Høeg: Evalueringsrapport av Jærmuseet 2016

«Allt vad vi sett av Jærmuseet är av hög klass, men vi vill särskilt understryka det unika med Garborgsentret, ett vitensenter och dokumentationscenter i en biblioteksmiljö som är nydanande,
engagerande, intellektuellt stimulerande och intresseväckande.»
Per-Edvin Persson og Asger Høeg: Evalueringsrapport av Jærmuseet 2016

«En ut-av-monter-opplevelse. Selv for trette menn finnes håp. På Jæren. Garborgsenteret klarer nemlig det de færreste museer makter: å treffe målgruppeblink gjennom morsom og engasjerende interaktivitet. (…) Luftig design og oversiktlige medievalg gjør at informasjonen kan tilpasses den lærestilen besøkende har. I motsetning til mange museer, ekskluderer den ikke dyslektikere eller besøkende med audiovisuell lærestil.»
Museumsnytt 1/2013 (les heile meldinga her)

«Utfordrande vil det alltid vere å skape engasjement omkring utstillingar som forsøker å visualisere så pass teoretiske tema. At Garborgsenteret likevel maktar det, vart eg overtydd om da eg fekk sjå innsatsen til den heller museumserfarne gjengen eg sjølv var ein del av denne kvelden. Museumsfolk er nok ikkje alltid dei enklaste å ha med på omvising. Men her koste dei seg verkeleg.»
Aalesund- og Borgundberetninger 22.2.13 (les heile blogginnlegget her)