Garborg-husa

Time kommune

Garborgheimen på Garborg i Time var Aadne (Arne) Garborg sin barndomsheim. Det er eit typisk jærhus og vart bygd i åra 1847/48 av foreldra Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg. Familien budde der fram til 1869 då Eivind Garborg tok sitt eige liv. Då hadde allereie Aadne flytta ut – han reiste som 16-åring. Innreiinga og møblene er frå 1850-åra. Garborgheimen er skildra i fleire av Arne sine verk, mellom anna i Bondestudentar (1883), Den burtkomne Faderen (1899), Fred (1892), Haugtussa (1895) og Knudaheibrev (1904).

Huset vart freda av Riksantikvaren i 1939 og overteke av Time kommune året etter. Frå 1951 har Garborgheimen vore museumsbygg, og er tilgjengeleg for publikum om sommaren og elles etter avtale.

Les meir om Garborgheimen.

Knudaheio er Arne Garborg si sommarstove ved Undheim på Jæren, og sto ferdig i 1899. Frå då av reiste Arne hit for å skriva nesten kvart år til og med 1923. Innreiing og inventar er autentisk. Dei fleste fotografia som er tekne av Arne i og utanfor huset er og utstilt inne, saman med kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene han skreiv, møbler og andre eigedelar. Det biografiske verket Knudaheibrev (1904) er skrive her, og har fått namn etter staden.

Både Arne og Hulda er hauglagde i hagen på eigedommen (til venstre på biletet).

Les meir om Knudaheio.


Asker kommune

Labråten var opphavleg ein husmannsplass under Bruset gard, på Hvalstad i Asker kommune. Arne og Hulda Garborg busette seg her i 1897 og vart buande der resten av sine liv. Labråten var ein møteplass for vener og åndsfrendar av ekteparet, ein møtestad for tankar og skaping, der impulsar frå Europa og verda elles vart formidla og vidareførte. Området vart ofte omtala som Kunstnerdalen. Forfattar Rasmus Løland budde ein periode i eit lite hus i hagen til Arne og Hulda, og biletkunst- og forfattarparet Tilla og Otto Valstad budde like i nærleiken. Eit anna kallenamn på staden var Målkroken, fordi målfolket hadde ein naturleg samlingsplass her. Dei første spirene til Det Norske Teatret grodde og fram på Labråten.

Asker kommune er i dag eigar av Labråten, medan Asker museum – Valstads samlinger står for drifta. Huset er opent for omvisning.

Kjelder: Store Norske Leksikon og Asker Museum. Les meir om Labråten hos Asker museum.


Tynset kommune

Kolbotnen er ei østerdalsstue i Tynset, ved innsjøen Savalen, på grensa til Alvdal. Med hjelp frå sin gode venn Ivar Mortensson-Egnund kjøpte Arne Garborg tomta og bygde sommarstova si her i 1885. Dette var Arne sin første eigne heim. Namnet Kolbotnen kjem av at det tidlegare hadde vore ei kolmile på plassen. Då Arne og Hulda gifta seg flytta dei begge inn i Arne si stove. Tidleg året etter fekk dei sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg («Tuften»), og familien budde meir eller mindre fast på Kolbotn fram til 1896 då Tuften hadde nådd skulealder. Åra på Kolbotn var svært produktive for både Hulda og Arne – dei skreiv mykje. Hjaa ho mor (1890), Trætte mænd (1891), Fred (1892), Læraren (1896) og deler av Haugtussa (1895) av Arne Garborg vart mellom anna skrive her. Forteljingar om huset og familien sitt liv kan ein lesa om i essaysamlinga hans Kolbotnbrev (1890), og i Hulda si bok Frå Kolbotnen og andetsteds (1903).

Kolbotn er i dag freda og er eigt av familien til ekteparet Garborg. I samband med Garborgdagane på Tynset er det likevel lagt opp til arrangement og utfluktar hit. (Kjelder: Wikipedia og Tor Obrestad sine biografiar Arne Garborg: ein biografi (1991) og Hulda (1992))

Fedraheimstua er opphavleg frå 1700-tallet, og har vore ombygt fleire gongar. Namnet har huset fått fordi det i åra 1888 – 1890 var redaksjonslokale for bladet Fedraheimen, utgjeve av Arne Garborg, Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson-Egnund. Seinare har huset vorte nytta som bustadhus. I dag står huset i museumsparken til Tynset bygdemuseum, ein del av Nordøsterdalsmuseet.

Kjelder: Store Norske Leksikon, Hedmark fylkesbibliotek og Nordøsterdalsmuseet. Les meir om Fedraheimstua hos Nord-Østerdalmuseet .