Det nærmar seg jul og på Jæren er alt som vanleg. Folk vassar i snø, dei er lukkelege og gler seg til å handla julegåver. Så begynner snøen å smelta, menneska skrik og hiv gåvene frå seg. Kvifor? Jammen, det veit vel ikkje me! Det er difor eit par litteraturspionar og ein bokmålsutdrivar blir sett på saka. Ja, og så norsklektoren John Fossmark då, men det er jo ikkje sikkert at dét er så lurt.