8. desember: #ivaraasen

Dette har hendt: Garborgsenterets avdelingsdirektør er sjukmeld etter nærkontakt med ei bokmålsomsetjing av Arne Garborgs Fred. I ørska utpeika ho John Fossmark til vikar. Han, i sin tur, kontakta litteraturdetektiven Helge Torvund. Femte hjulet på vogna er Sorry Jansen, Garborgsenterets formidlar. Han følgde dårleg med på skulen, så Torvund tar ansvar for å oppdatera han i norskfaget. Følgde du òg dårleg med? Så følg med, då!

For andre dag på rad kom John Fossmark og Sorry Jansen gåande gjennom Storgata for å snakka med Helge Torvund. Poeten var utkledd som julenisse, men eigentleg spionerte han. Saman med ein ape i band samla han inn pengar til folk flest, slik at dei ikkje skulle kjenna seg diskriminerte i forhold til flyktningehjelpa.

Han tok det frå begynnelsen.

«Hæ?» sa Fossmark.

«I begynnelsen,» sa Torvund, «var ordet. Dei sa eg, men skreiv jeg. Attenhundretalet var ei mørk tid utan lys i skugganes dal. Lågt skydekke, høge fjell. Lyspæra var kje oppfunnen ennå. Svenskekongen regjerte med dunkle metodar og skriftspråket var dansk i gotisk skrift. Nordmennene fekk kje lov til å vera norske og det gjorde dei nedtrykte. Mange berre sulla rundt i søla, særleg her på Vestlandet. Tida gjekk sakte. Det regna mykje. Det var ulveår. Og var det kje ulveår, så var det lemenår. Og var det kje lemenår, så var det svenskeår. Vaflane var gamle og tørre. Pannekakene trilla av garde. Ein god målestokk på tingas tilstand er at i løpet av heile hundreåret klarte me kje å kvalifisera oss til fotball-VM ein einaste gong.»

Sorry måpte:

«Ikkje ein einaste gong?»

«Ikkje ein einaste gong,» gjentok Torvund. «Opprøret måtte koma. Og det kom. Han som kom var Ivar Aasen; rett nok berre éin meter og førtini centimeter høg, men når han kom, så kom han. Dessutan var det ei høgd som kledde han. Han hadde berre små klede, så viss han hadde vore høgare, ville det ha sett rart ut. Aasen la ut til fots. Han labba nord og ned, sør og opp, rett vest og snirklete i aust. Der snubla han fleire gonger. På denne måten fekk han snakka med mange utan å seia noko. Han tidde nemleg, slik at dei ikkje vart påverka av talemålet hans. Han var redd dei skulle knota om dei skjøna at han kom langvegs frå. Resultatet av dette er den dominerande posisjonen monologen har fått i norsk litteratur. Knausgård, til dømes, skriv bind etter bind utan å sleppa andre til orde. Det er Aasen si skuld, men han kunne ikkje noko for det. Han kunne ikkje ha gjort det annleis. Han måtte skriva dialektane ned, så reine som overhovudet mogleg. Dessutan hadde han dårleg tid. Han hadde berre tatt med seg éi einaste underbukse og ville gjerne koma seg heim for å skifta. Sjå her, gutar, ein språkhygienisk skandale. Dette må aldri koma i hendene på bokmålsfolk.» 

img_20161127_192232insta

«Men ein sundags morgon kunne Aasen endeleg stå opp i ein skinnande rein dovremakko og presentera livsverket sitt: landsmålet, eit mål for heile landet – omtrent som då Rekdal skåra i Marseilles. Seinare kalla dei landsmål for nynorsk, men Rekdal kallar dei framleis for Rekdal. Nynorsken viste seg å vera eit skriftspråk som ingen ville bruka, difor måtte Aasen bruka det sjølv. Dette irriterte han, for han var mest van med å skriva dansk. Men etterkvart fekk han dreisen på det. Etter å ha prøvd seg fram med eit dikt kalla «Jærbuen», fann han endeleg løysinga og kalla det «Nordmannen» i staden. Det var glupt av han. For det er jo ingen jærbuar som har fengje sin heim millom bakkar og berg. Med dette diktet gjorde Aasen endeleg suksess og vart nokre centimeter høgare. Men så døydde han, og mange forsøkte å fortrenga dette språkarbeidet. Dei med makt lika nemleg best dansk; det var dette dei kunne frå før og dei gadd ikkje å bruka krefter på å læra noko nytt.»

«Oi oi,» sa Jansen.

«Ja,» sa Torvund. «Det er neimen kje rart at Noreg ikkje klarte å kvalifisera seg til fotball-VM med slike haldningar. Men så plutseleg ein dag kom det ein ny mann. Eg snakkar sjølvsagt om Garborg, me har kje tid til å drøsa om Vinje. Arne Garborg var éin sekstito høg; ikkje svært stort det heller, men det kledde han. Han lika nemleg å gå i litt store klede. På det viset kunne han framstå som veik og audmjuk, sjølv om han var stolt og sterk og regjerte heile Stortinget frå kopistkontoret sitt. Han lærte seg sjølv å skriva nynorsk utan å kunna det frå før. For ein lærar! Og for ein elev! Han gjorde det på berre éin einaste sommar. Og så, i 1883, sto han bak nynorskens kunstnarlege gjennombrot med Bondestudentar. Etter dette var det ingen veg tilbake. Alle kunne sjå at Garborg hadde rett i alt, han var den beste og han var høgare enn dei hadde trudd. Påstandane om at han var éin sekstitre eller éin sekstifire kjem frå denne tida. Ei bølgje bølgja over landet. Nå ville alle vera målmenn.

«Verkeleg?»

«Ja ja,» sa Torvund, «så intens var denne vekkinga at det blei underskot på utespelarar, noko som må ta skulda for den dårlege fotballinnsatsen siste delen av hundreåret. Kort tid etter kom jamstellingsvedtaket. Stortinget sa at nynorsk var like bra som gammal dansk, og på kopistkontoret sat Garborg og gliste. Han feira med absint, han var jo bohem. Vegen låg open. Noreg skulle bli Nynoreg. Den nye litteraturen skulle ta over og bli feira i heile landet. Alle barn skulle ta til seg det nye målet. Den gamle litteraturen skulle gløymast og utsiktene var herlege.

«Kva skjedde så?»

«Vel, det som skjedde var Bjørnstjerne Bjørnson. Han var nokså høg og det kledde han dårleg. Han trudde han var noko. Likeeins med Alexander Kielland som var ein meter og nitti. Og Jonas Lie. Faktisk foretrakk Ibsen å sitja på skuldrene til dei tre andre store for å framstå som jamhøg. Men dette er noko som ikkje har kome fullgodt fram i den norske litteraturhistoria.»

«Korleis veit du det då, Helge? Er du så gammal at du hugsar det?»

«Nei, gammal er eg ikkje, men eg hugsar det. Eg er velsigna med eit kolossalt kollektivt undermedvit. Eg er jo psykolog. Dessutan var ein slektning av meg med i forfattarmiljøet den gongen. Han heitte Langhelge og vart skikkeleg gammal, og fekk med seg alt, og fortalde det til meg før han døydde.»

«Var han like lang som dei andre, han då, sidan han heitte Langhelge?»

«Nei, nei. Han var berre glad i fritid. Han likte å avspasera, dra på hytta. Han var ein latsabb. Men nå tok målstrevet fyr. Bjørnson hadde jo tent seg rik på å selja bøker på dansk og ville gjerne oppretthalda sin ekstravagante livsførsel. For øvrig mykje det same som Kielland og Lie. Men ikkje Ibsen, han selde mest på tysk og fransk og engelsk. Bjørnson blei desperat og reiste land og strand rundt og fortalde bøndene om kor dumme dei var som ville ha nynorsk. Dei var kje danna nok, meinte han, til å forstå at dansk var det danna språket som var best for alle dei udanna.»

«Var kje det litt frekt?»

«Om det var frekt? Det var så frekt at Garborg tok fram sin beste polemikk. «Bjørnstjerne!» tordna han, «din dust!» «Garborg er ei pingle!» svarte Bjørnson. «Bjørnson er eit dyrebarn!» sa Garborg. Og slik heldt dei på i årevis; den eine sintare enn den andre, men Garborg hadde rett og Bjørnson tok feil. Men ein kan seia at striden endte uavgjort sidan Bjørnson var høgare. At bokmålsfolket leid nederlag på logikkens alter har plaga dei sidan, difor har dei halde fram med å spela ut storleikskortet. Dei meiner at sidan dei er størst og flest, så er det dei som skal bestemma. Me må skriva så dei forstår, seier dei, i staden for at dei skal forstå det me skriv.

«Dette er jo forferdeleg!» sa Sorry Jansen.

«Ja, forstå det den som kan,» sa Torvund. «Og eg har sett fleire slike bokmålsfolk i Storgata i dag.»

«Har du, Helge? Fortel! Kven har du sett?»

«Kom tilbake i morgon, så skal eg fortelja det då.»

«Men Helge! Må me venta heilt til i morgon?» Sorry Jansen reiv seg utolmodig i kragen. «Kvifor det, Helge? Kvifor? Kvifor?»

«Fordi eg vil fortelja det eg skal fortelja på ein morosam og spennande måte, og då må eg øva litt. Dessutan har eg ei kjensle av at det blir meir action i morgon. Då må me vera her, alle fire. Snakkast då!»

img_20161106_210949insta

Torvund og apen vinka farvel.

 


Men i alle dagar! Må me venta heilt til i morgon for å få vita kva som skjer i morgon? Vel, då er det berre éin ting å gjera: følg med i morgon!

Til i morgon (9. desember)

Til oversynsside