9. desember: #bjørnstjernebjørnson

Dette har hendt: Garborgsenterets avdelingsdirektørvikar John Fossmark og hans assistent, vikarformidlaren Sorry Jansen, har avtalt å møta Helge Torvund i Storgata for tredje dag på rad. Litteraturdetektiven lærer frå seg alt han kan om målstrevet. Håpet er å forstå kven som kan ha omsett Fred til bokmål. Klarer dei det? Følg med!

Det var den niande desember og John Fossmark rusla nedover Storgata saman med formidlaren Sorry Jansen.

Dei hadde ein avtale om å møta Helge Torvund, litteraturorakel og detektiv frå Ogna, diktar av første klasse og utkledd som julenisse for å spionera på folk. Ei bokmålsomsetjing av Fred hadde skapt uro i byen. Panikken hadde spreidd seg frå Garborgsenteret sin museumsbutikk; og butikksjefen, Gjertrud Marie, hadde sete dagar og netter i avhøyr før politiet endeleg hadde frikjent henne. På Garborgsenterets kvilerom låg avdelingsdirektør Inger Undheim med store indre sjokkskadar. Heldigvis fekk ho god pleie av doktor Vold.

Fossmark var altså blitt avdelingsdirektør, men berre vikar på ubestemt tid. Han gjekk i blådressen og smilte breitt. Folk nikka og helsa som om han var ordførar. Sorry Jansen gjekk litt bak, han hadde vanlege klede og vinterjogg med borrelås. Han bar på ein stor trestol, ei nydeleg utskoren trone som Fossmark skulle sitta på. Dei hadde nemleg gjort ein avtale om at Helge Torvund – for tida kalla Julehelge, ein etterkommar av Langhelge – skulle fortelja historia om målstrevet etter Bjørnsons død. Dette kunne ta litt tid, så Fossmark ville sitta.

Gata var full av nissar, men Torvund var gjenkjenneleg på apen. Han hadde ein kvikk, liten apekatt i band, som sprang rundt og samla inn pengar til folk flest.

«Hei, ape,» sa Jansen.

«Hei,» svarte apen.

«Hei, Helge,» sa Fossmark.

«Der er de endeleg,» sa Torvund. «Sett dykk ned, så skal eg fortelja.»

Sorry Jansen sette den nydeleg utskorne tretrona på fortauet.

«Det var ei nydeleg utskoren tretrone de hadde der,» sa Torvund.

«Takk,» sa Fossmark. «Sorry har brukt natta på han.»

Avdelingsdirektørvikaren plasserte si ømfintlege direktørrompe langsamt på setet og tok fram termosen med kaffi. Det heile kunne begynna.

«Det heile begynte ille,» fortalde Torvund, «i 1903 fekk Bjørnson nobelprisen. Men dette var ikkje det verste. I 1907 stifta han Riksmålsforbundet, ein gubbeklubb som skulle arbeida for den moderne norske normalformen av det skriftspråk som er nedarvet fra den dansk-norske språktradisjonen på 1700- og 1800-tallet og det norske tale- og lesespråk som er knyttet til det

«Åh!»

«Du skjønar det, Sorry,» sa Torvund, «at på denne tida snakka dei kje så mykje om bokmål og nynorsk, men riksmål og landsmål. Bjørnson, riksmålsmannen, ville ikkje ta utgangspunkt i talemålet. Han og Garborg blei erkefiendar. Bjørnson skjøna lite av folket og målstrevet, medan Garborg forsto alt. Opprettinga av Riksmålsforbundet var ein direkte reaksjon på Garborgs kamp for nynorsken. Heldigvis dreiv Garborg, den tidlegare kopisten frå sitt tidlegare kopistkontor, så god lobbyverksemd at stortingsrepresentantane vedtok sidemålsstilen!»

img_20161118_173150insta2

«Å!» Sorry Jansen klappa i hendene. «Var det Garborg som sto bak sidemålsstilen? Då eg gjekk på skulen, elska eg sidemålsstil!»

«Kan nå dette vera tilfelle?»

«Ja, det var så herleg å få lov til å skriva bokmål. Hupps!»

Jansen gøymde ansiktet skamfullt i hendene, medan Fossmark, som var utdanna norsklektor og van med å retta stilar i jula og påsken, løfta han opp i lufta med den eine neven og knytta den andre:

«Kva er det du seier? Tykte du, vikarformidlar på sjølvaste Garborgsenteret og min næraste undersått, at det var morosamt å skriva bokmål

«Ikkje slå, herr John! Det eg meinte var at det var kjekt å skriva tullespråk, ikkje noko anna. Bokmål er jo nærast som utanlandsk.»

«Du er neppe til å lita på, Sorry, men du er den eg har.» Fossmark slapp Jansen ned. «Lat oss difor nøya oss med lite og lita på at det er godt nok.»

Han gjorde teikn til at Torvund skulle halda fram.

«Vel. I 1910 skjedde det noko positivt. Nemleg at Bjørnson forlet oss for godt. Den tredje mai vart han bisett med pomp og prakt.»

«Meiner du promp og pakt?» spurde Jansen, framleis med hendene framfor ansiktet.

«Nei nei! Bjørson fekk ei storslagen gravferd, akkurat som Garborg fjorten år seinare. Det offentlege Noreg hadde med dette akseptert dei to målformene som likeverdige. Alle nordmenn skulle vera frie også i den forstand at dei kunne velja kva mål dei ville skriva på. Gjennom tvungen sidemålsopplæring kunne ein nå forventa at alle i landet forsto kva andre skreiv. Problemet var berre eitt: Riksmålsforbundet anerkjende kje nynorskfolket sin rett til å bli forstått.»

«Dette er jo frykteleg! Eg skal aldri skriva på bokmål igjen! Eg lovar!»

«Godt, godt,» sa Torvund. «Men nå er tida ute. Kom tilbake i morgon, så skal eg fortelja om det store teaterslaget, samnorskbråket og Riksmålsforbundet sin politikk i dag.»

«Men Helge,» sa Fossmark og trippa utolmodig, «du lova oss noko action, kor vart det av det?»

«Det er utsett til i morgon. Slik er det. Det er berre å gleda seg.»

Ansiktet til Sorry Jansen lyste av spenning, omtrent som ein vanleg halogenlampe.


Lyser du òg av spenning? Då kan du lesa i mørkret.

Til neste episode (10. desember)

Til oversynsside