Lær meir

På denne sida får du lenker og andre ressursar som kan hjelpa deg til å finna ut meir om Arne og Hulda Garborg. Følg med, det kjem stadig ny, spennande lærdom om forfattarparet.

Ein god stad å begynna er på Store Norske Leksikon. Der kan du lesa fyldige artiklar om både Arne og Hulda. Også Wikipedia har gode artiklar om Arne og Hulda.

Arne Garborg

Du kan lesa meir om Arne hos Tidsånd og Bokselskap.

Kuben Arendal har skrive om Arne Garborg som lærar i Søndeled. 

Målaren Kitty Kielland var forfattaren Alexander Kielland si syster og ein av Arne og Hulda sine beste vennar. Hos Bokselskap kan du lesa brevvekslinga mellom Kitty og Arne.

Henrik Johnsson gjev eit perspektiv på Arne Garborg som tenkar hos Idunn.

Hulda Garborg

Du kan lesa meir om Hulda hos Tidsånd og Bokselskap. Arnhild Skre fortel om Hulda på Litteraturhuset i Trondheim sin podkast. I Norsk Oversetterleksikon skriv Skre om Hulda som omsetjar.

Hulda blei kalla «bunadens mor» og var ei hovuddrivkraft i å gjera folkedrakt populært i Noreg. Hos Norsk institutt for bunad og folkedrakt kan du få eit oversyn over dette temaet. Dei har òg ein artikkel som handlar spesifikt om Hulda Garborg.

Ho gjorde mykje av den same jobben for folkedansen. Du kan lesa meir om dei ulike danseformene hos Noregs ungdomslag.

Bøkene deira

Arne og Hulda skreiv fleire titals bøker og hefte. Treng du eit oversyn over forfattarskapa, kan du sjå her. I Garborgsenteret si utstilling har me dessutan dei fleste bøkene tilgjengelege, anten i bokform eller digitaliserte.

Nasjonalbibliotekets søkemotor finn du her. Der kan du lesa dei fleste bøkene deira. Her er søket på Arne Garborg. Du kan også søka i Norske fagbibliotek. Hos Oria kan du søka opp og bestilla bøker og tidsskrift.

Dei norske universiteta har ein database for litteraturkritikk der du kan søka etter forfattar og verk.

Det er skrive mange akademiske avhandlingar om litteraturen til Arne og Hulda. Dag Skarstein har skrive hovudfagsoppgåve om Arne Garborg sin roman Trette menn. Litteraturforskar Per Buvik har skrive om same boka hos Idunn, han har også skrive om Arne og dekadensen.

Norsk bokselskap har skrive om musikken til Arne sine diktverk.

I Store Norske Leksikon kan du lesa om Arne Garborgs roman Bondestudentar. Hos Wikipedia kan du lesa om romanane Bondestudentar, Mannfolk, Trette menn og Fred, diktsamlinga Haugtussa, skodespelet Læraren og essayet Kolbotnbrev.

På Wikipedia kan du lesa om Huldas romanar Et fritt forhold og Kvinnen skapt av mannen, skodespela Rasjonelt fjøsstell og Edderkoppen, samt kokeboka Heimestell.

Avisene deira

Både Arne og Hulda var redaktørar, journalistar og bidragsytarar til mange aviser og tidsskrift. Avisene dei var mest involvert i var Tvedestrandsposten, Fedraheimen og Den 17de Mai.

Det går an å søka i Nasjonalbibliotekets database for digitaliserte aviser.

Aust-Agder Museum har skrive om Arne Garborgs tid i Holt, Søndeled, Risør og Tvedestrand, då han grunnla Lærer-standens avis og Tvedestrandsposten.

Husa deira

Arne og Hulda vaks opp på Garborg og i Hamar, og hadde mange bustadar gjennom livet, både kvar for seg og saman. Dei viktigaste er Garborgheimen på Garborg, Knudaheio ved Undheim, Labråten i Asker og Kolbotn på Tynset.

Du kan lesa meir om Garborgheimen her. Arkivverket har skrive om Jærhuset som litteratur og kultur.

Du kan lesa om Knudaheio her.

Labråten kan du lesa om hos Asker Museum eller på Wikipedia.

Redaksjonsbygget Fedraheimsstova kan du lesa om hos Musea i Nord-Østerdalen.