Bursdag

Ha ein tøff barnebursdag på Garborgsenteret på Bryne!

På Garborgsenteret får barna heile anlegget for seg sjølv.

Dei kan utforska utstillinga, leika, kle seg ut og teikna.
I tillegg har me alderstilpassa aktivitetar.

Bursdagspakke kr. 200,- per barn inkluderer:
– Pølse i brød
– Brus
– Saftis / fløteis
– Inngangsbillett

Verdt å merka seg:

  • Du kan gjerne ta med kake om du vil
  • Minimum 8 barn, maksimum 30 barn
  • Det skal vera ein vaksen per 10 barn, minimum 2 vaksne uansett
  • Aldersgrense 5-12 år
  • Meld frå om allergiar eller andre behov

Tidspunkt
Me tar imot selskap på følgande tidspunkt:
Fredag kl. 17-19
Laurdag kl. 15-17
Søndag kl. 17-19

Bestilling
Fyll ut bestillingsskjemaet så sender me deg ei stadfesting på bestillinga.

Spørsmål? Ring oss på tlf. 47 77 60 20