Garborgheimen

Garborgheimen var Aadne (Arne) Garborg sin barndomsheim. Det er eit typisk jærhus og vart bygd i åra 1847/48 av foreldra Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg.

Familien budde der fram til 1869 då Eivind Garborg tok sitt eige liv. Då hadde allereie Aadne flytta ut – han reiste som 16-åring. Innreiinga og møblene er frå 1850-åra. Nokre av gjenstandane er stadautentiske, medan det meste er tidsautentisk. Garborgheimen er skildra i fleire av Arne sine verk, mellom anna i Bondestudentar (1883), Den burtkomne Faderen (1899), Fred (1892), Haugtussa (1895) og Knudaheibrev (1904).

Huset vart freda av Riksantikvaren i 1939 og overtatt av Time kommune året etter. Det budde folk i huset til 1947. Frå 1951 har Garborgheimen vore museumsbygg, og er tilgjengeleg for publikum om sommaren og elles etter avtale.

Garborgheimen er eit godt bevart jærhus, og med innreiing og møblar frå 1850-åra gir det et godt bilete av den kulturelle og sosiale bakgrunnen til diktaren. Nokre få gjenstandar er stadautentiske; den blå kista, ei hylle og ein lysestake, medan det meste er tidsautentisk. Huset er skodeplass i fleire av diktaren sine verk, m.a. i hovudverket Fred frå 1892.

Den freda eigedommen ligg ved RV 505 (Bryne – Varhaug) på Garborg, 8 km frå Bryne. Adressa er Garborgvegen 597, 4340 Bryne.

Garborgheimen er open søn- og helgedagar, kl. 12-16, f.o.m. 1. mai og ut september. Sommarope kvar dag frå 1. juli til midten av august, kl. 12-17.

Inngangspengar Garborgheimen og Knudaheio: kr 40,-; alle under 18 år går gratis. Løyst billett på ein av stadene gjeld òg på den andre (samt Fotland mølle) same dagen. Ein får også rabatt på inngangsbilletten til Garborgsenteret ved framvising av billett frå Garborgheimen eller Knudaheio.

Det kan bestillast historieformidling/guiding gjennom heile året.

Kjelder: Wikipedia og Time kommune.

Les meir om Garborgheimen