Karen Hulda Bergersen vart fødd 22. februar 1862 på storgarden Såstad i Stange i Hedmark. Foreldra hennar vart skilde eit år seinare, og Hulda vaks opp hos mora. I 1875 flytta dei til Kristiania, kor ho nokre år seinare fekk arbeid i butikken til den radikale venstrepolitikaren Mikkel Dobloug, som dreiv firmaet Brødrene Dobloug. For lønna ho fekk, greidde ho og mora å overleva. Gjennom Dobloug fekk ho kontakt med kretsen kring Christiania Arbeidersamfund, kor ho mellom anna møtte Bjørnstjerne Bjørnson, Olaus Fjørtoft, Hans Jæger, Johan Sverdrup og Arne Garborg. Hulda vart prega av dette miljøet, radikal og idealistisk. Sommaren 1885 begynte ho på målskule og vart begeistra for nynorsk. Samstundes spelte ho teater og piano, og lærte seg fransk og tysk. Etter sju år slutta ho hos Dobloug fordi ho vart sjuk av trekken i lokalet. Ho ønskte sterkt å bli forfattar og skreiv mykje. Men då ho forsto at det kunne bli noko mellom ho og Arne Garborg, brann ho alt ho hadde skrive.

Då dei vart kjærastar sommaren 1887 hadde verken Hulda eller Arne jobb. I september oppdaga Hulda at ho var gravid og 3. desember gifta dei seg. Dagen etter flytta dei til hytta Kolbotn i Tynset, og 25. mai 1888 kom sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg til verda. Dei ni åra dei budde på Kolbotn vart ein kreativ fase i liva deira. Hulda hadde ikkje gitt opp forfattardraumen og utdanna seg til å bli forfattar. Ho fortalde ektemannen om livet sitt, og skreiv. Om vintrane reiste dei mykje, mellom anna til Italia og Tyskland. Åra i Kolbotnen kom til å bety mykje for Hulda. Ho fekk gjenoppliva sin «Hedmarks-identitet» som ho seinare skulle utforska i fleire bøker. I 1897 flytta Hulda med familien til Labråten i Asker. Dei politiske straumdraga som førte fram mot 1905 frigjorde mykje skaparkraft hos Hulda. Ho vart ein del av, og ein pådrivar for, den norske bølgja i samtida. Kampen for den norske stoltheiten og det norske sjølvstendet sto sterkt hos ho, og Hulda arbeidde med folkeopplysing og for at det bygdenorske skulle koma fram i lyset. Folkeopplysingsverket hennar må sjåast på som eit heile; eit stort program for mat- og heimestell, klær og folkedrakter, oppseding og livsførsel, biletkunst, dans, teater og litteratur. Målet var eit rikare og meir fornuftig liv. Byen og landsbygda skulle stå saman om noko som var integrert i folket, løfta det og fylla det med stoltheit. Det byrja med at ho samla matoppskriftene sine frå Den 17de Mai til boka Heimestell frå 1899. Sidan balla det på seg både med bøker og reiser. Over alt der ho fôr, både i inn- og utland, samla ho kunnskap – noterte oppskrifter, matslag, namn på medisinske urter, lånte bunadar, dekorative mønster, lærte dansar og folkeviser, og snakka med folk. Det ho lærte sjølv lærte ho vidare til andre. Samstundes var Hulda motoren i heimen. Ho sto for mesteparten av det praktiske arbeidet der fordi ho meinte at kvinna si fremste oppgåve var mann og barn. I tillegg fekk ho tid til å skriva: romanar, artiklar, reisebrev, dagbøker og skodespel. Tema ho tok opp i litteraturen sin var mellom anna imperialismen, folkemordet på indianarane i USA , barnearbeid og barn som vart utsette for skilsmål, og seksualitet hos «mogne» kvinner.

Hulda Garborg - StrekteikningFrå og med 1919 vender ho litterært sett tilbake til traktene i Hedmark, som ho kjende frå barneåra, og skreiv fleire romanar frå miljøet der. I 1910 danna ho eit spellag med amatørskodespelarar. Spellaget vart forløparen til Det Norske Teatret, stifta i 1912. Hulda var styreformann der i to år, tok det administrative arbeidet og jobba som instruktør. Frå 1919 til 1924 vart ho med i styret igjen og i 1919 var ho i tillegg teatersjef. Hulda engasjerte seg òg i politikken og vart i 1917 den første kvinna i Asker kommunestyre, sat i to periodar for liberale Venstre, og eitt år som varamann. 31. juli 1920 bygde ho seg ei sommarhytte ved Strålsjøen, nokre kilometer frå Kolbotn. Etter at Arne døydde i 1924, meldte Hulda seg ut av statskyrkja. Dei siste åra av livet hennar var både ein kamp for å bevara Arne sitt ettermæle og ein kamp for å greia seg økonomisk sjølv, og halda på sin sosiale posisjon. Ho skreiv bøker og artiklar, og redigerte Arne sine dagbøker. I tillegg leigde ho ut delar av huset, og ho greidde seg såpass at ho kunne reisa i Europa. Ho fekk Kongens fortenestemedalje, og var ein akta og staut figur i det norske kulturmiljøet heilt fram til ho døydde 5. november 1934. Hulda vart hauglagd i hagen utanfor Knudaheio saman med mannen sin.

Kjelde: Tor Obrestad sine biografiar Arne Garborg: ein biografi (1991) og Hulda (1992).

Vil du vita meir? Anten du skal skal skriva oppgåve eller berre er nysgjerrig, kan du finna mykje stoff om Hulda på Forfattarnett.