Garborgs galningar

Nå kan du lesa alle tre sesongane av Garborgs galningar fortløpande, men dei kan også lesast kvar for seg.

AvGonzoJohnsen.jpgGarborgs galningar av Gonzo Johnsen (sesong 1, 2012)
«Den dagen Arne Garborg veks inn i himmelen, skal den nye Garborg koma.» Dette er ein spådom Garborgsenterets formidlar og hans kumpan, den dominerande norskfagsfanatikaren John Fossmark, likar dårleg. Dei fryktar at den nye Garborg skal overskugga den gamle.

Garborg-jegerane bestemmer seg for å identifisera den nye Garborg og uskadeleggjera han. Jakta tek dei frå Garborg-monument til Garborg-monument. Undervegs møter dei forfattarar, Torvald Tu-tilhengarar og politimenn som er gysla gode til å setta krokfot. Les!

 


DiktarhjuletKolonne.jpg

Garborgs galningar og diktarhjulet (sesong 2, 2013)
Mannen bak Garborgsenterets namngjetne installasjonar, den geniale oppfinnaren Vilhelm Skjærpe, forsvinn frå TV-tønna. Poet og litteraturdetektiv Helge Torvund tek saka og oppsøker Garborg-eksperten John Fossmark, for tida innesperra i Åna fengsel for ugjerningane i «Garborgs galningar av Gonzo Johnsen».

Saman kjem dei på sporet av løyndommen bak heile den vestlege visdommen, med ulne trådar til ein hemmeleg brorskap av diktarfilosofar. Les!

 


Garborgs galningar møter Riksmålsforbundet (sesong 3, 2016)
Det nærmar seg jul og på Jæren er alt som vanleg. Folk vassar i snø, alle er lukkelege og dei gler seg til å handla julegåver. Så begynner snøen å smelta, menneska skrik og dei hiv gåvene ifrå seg. Kvifor? Jammen, det veit vel ikkje me! Det er jo difor eit par litteraturspionar og ein bokmålsutdrivar blir sett på saka. Og så norsklektoren John Fossmark då, men det er ikkje sikkert at dét er så lurt.

Dette er den tredje sesongen av krimkomedien Garborgs galningar, men kan lesast uavhengig av dei to andre. Les!

 


Garborgs galningar er samansett tekst spesiallaga for Internett (digital litteratur). Handlinga foregår i og rundt Garborgsenteret, eit samfunn av kjende og ukjende som spelar seg sjølv.
«Garborgs galningar av Gonzo Johnsen» vart opprinneleg publisert under tittelen Garborgs galningar i samband med den offiselle opninga av Garborgsenteret, seinsommaren 2012. I mars 2013 kom «Garborgs galningar og diktarhjulet». først lansert som påskekrim.  «Garborgs galningar møter Riksmålsforbundet» gjekk som julekalender i 2016. Forfattar er Ørjan Zazzera Johansen.