Om Knudaheio

Diktarstova på Undheim
080910_jn_053wp

Knudaheio er Arne Garborg si sommarstove ved Undheim på Jæren, og stod ferdig i 1899. Frå då av reiste Arne hit for å skriva nesten kvart år til han døydde i 1924. Innreiing og inventar er autentisk. Dei fleste fotografia som er tatt av Arne i og utanfor huset, er òg utstilt inne, saman med kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene han skreiv, møbler og andre eigedelar. Utvendig framstår huset slik det gjorde i 1909, då det vart kledd med ståande panel. Det biografiske verket Knudaheibrev (1904) er skrive her, og har fått namn etter staden.

I 1924 donerte enka Hulda Garborg eigedomen til Time kommune. Huset er opent for besøkande om sommaren. Både Arne og Hulda er hauglagde i hagen på eigedommen.

Her kan du sjå 3D-vising av skrivestova:

I samband med Garborg-året 2001 vart det sett opp to minnesmerke ved Knudaheio: steinandletet “All denne fagre utsyn” av Hugo Frank Wathne, og varden “Tek kvar og ein sin vesle stein” av barna i krinsen.