Om Garborgheimen

Garborgheimen var Aadne (Arne) Garborg sin barndomsheim. Det er eit typisk jærhus og vart bygd i åra 1847/48 av foreldra Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg.

Familien budde der fram til 1869 då Eivind Garborg tok sitt eige liv. Då hadde allereie Aadne flytta ut – han reiste som 16-åring. Innreiinga og møblene er frå 1850-åra. Nokre av gjenstandane er stadautentiske, medan det meste er tidsautentisk. Garborgheimen er skildra i fleire av Arne sine verk.

Huset vart freda av Riksantikvaren i 1939 og overtatt av Time kommune året etter. Det budde folk i huset til 1947. Frå 1951 har Garborgheimen vore museumsbygg, og er tilgjengeleg for publikum om sommaren og elles etter avtale.

Garborgheimen er eit godt bevart jærhus, og med innreiing og møblar frå 1850-åra gir det et godt bilde av den kulturelle og sosiale bakgrunnen til diktaren. Nokre få gjenstandar er stadautentiske; den blå kista, ei hylle og ein lysestake, medan det meste er tidsautentisk.

Foto: Jan Nordtveit.

Garborgheimen er også ein del av Garborgløypa, i lag med Knudaheio og Time kyrkje. Såleis finn du små skilt med QR-kodar i og rundt huset. Skannar du desse får du fram filmar og lysnuttar med handling frå livet i Garborgheimen og Arne Garborg sine bøker. Mellom anna møter du diktaren både som ung og vaksen, foreldra hans og karakterar frå romanen Fred.

Frå Garborgløypa: Vegar Hoel i rolla som Enok Hove i romanen Fred. Foto: Filmavdelingen AS.