10. desember: #teaterslaget

Dette har hendt: For å vera ærleg: ikkje mykje. I fleire dagar har Helge Torvund fortalt om Arne Garborg sitt målstrev. Det er grusomt kjedeleg. Men kven veit, plutseleg skjer det noko spennande!

Garborgsenterets vikaravdelingsdirektør, John Fossmark, og formidlaren hans, vikaren Sorry Jansen, møtte den utkledde julenissen, Helge Torvund, som ikkje var vikar, og apen hans, som heller ikkje var vikar, i Meierigata, som vikarierte for Storgata.

Litteraturdetektiven Torvund heldt fram der han slapp i går:

«Frontane sto steilt. Bjørnson hadde stifta Riksmålsforbundet, og dei kollaborerte med hovudstadsgymnasiastane. Arne Garborg jobba utrøytteleg for målsaka. Og nå fekk han god hjelp av kona si, den fantastiske Hulda. Ho hadde i fleire år brukt sitt geni på å skriva nynorske einaktarar, veleigna til landsbygdas småscenar. Rationelt fjøsstell er Noregs mest oppsette teaterstykke.»

«Hæ?» Sorry Jansen gapte. «Eg trudde det var Peer Gynt.»

«Nei,» sa Torvund, «og ikkje Ein dokkeheim heller. Hulda stifta Det norske spellaget og reiste omkring i heile landet og spelte nynorskteater. Ja, ho reiste land og strand rundt, nesten som Aasen, berre at ho hadde med seg fleire underbukser.»

«Korleis veit du det, herr Torvund? Er du så gammal at du hugsar det?»

«Nei», sa Torvund, « gammal er eg ikkje. Men eg hugsar det. Eg hadde ein slektning i Nord-Noreg på den tida, Helge Land, som deltok på den delen av turneen som foregjekk i Trøndelag. Han vart svært gammal og fortalde meg mykje før han døydde.»

«Men Trøndelag er kje i Nord-Noreg, herr Torvund.»

«Han tok toget, så det gjekk fint. Uansett, Hulda klarte å skrapa saman nok pengar til å grunnleggja eit fast teater i Kristiania. Det norske teateret blei grunnlagt i 1913, og Hulda blei vald til første styreformann. Dette fekk Riksmålforbundet med seg; dei la henne for hat, likså mykje som dei hata gubben hennar. Og dei fekk gymnasiastane, hatefulle på grunn av sidemålsstilen, til å laga så mykje kvalm i opningsveka at det ei stund kunne sjå ut som om teateret måtte stenga. Det heile toppa seg ein dag i oktober, då 15000 menneske kom for å protestera. Og herregud, som dei protesterte. «Me protesterer!» ropte dei. Og dei slåst. Dei knuste ruter. Dei avbraut forestillinga. Både teateret og Kaffistova vart fullstendig rasert. Sjå på dette.»

img_20161129_134458insta2

«Det er det største opprøret som har vore i Noreg i fredstid,» sa Torvund, «og heile den ridande politistyrken i Kristiania blei utkalla for å roa gemyttane.»

Jansen gøymde ansiktet i hendene:

«Det må ha vore hundrevis av politiar.» Han gløtta gjennom fingrane: «Eller tusenvis?»

«Tolv,» sa Torvund, «men dei var frykteleg spreke. Dei kunne slå hjul. Uansett, Arne og Hulda vann denne striden. Det norske teateret fortsette med å spela, og står i dag sterkare enn nokon gong. Riksmålsforbundet fortsette å grumbla, og slik er stoda framleis. Nynorsken blomstrar, riksmålet grumblar. I over hundre år har me venta på Riksmålsforbundets endelege framspel.»

«Hrmf!» Den tidlegare norsklektoren John Fossmark var tydeleg misnøgd. «Var det kje eit mellomspel med noko samnorsk der, Helge? Du kan kje hoppa bukk over hundre år med språkhistorie.»

«Me har kje tid til meir,» sa Torvund, «for nå vert det action her.»

«Ååå!» Sorry Jansen klappa i hendene. «Dette vert spennande!»

«Det har seg nemleg slik at eg, som erfaren litterat og etablert diktar, har lært meg å gjenkjenna forfattarar på stilen.»

Torvund ba apen om å setta seg og høyra etter.

«Ser de han der? Han litle som fyk av garde rundt hjørnet.»

Fossmark nikka, Jansen måpte og apen følgte interessert med.

«Det er Lars Saabye Christensen,» sa Helge Torvund.

«Koss ser du det?» spurde Fossmark. «Han hadde jo hette på.»

«Eg ser det på stilen. Saabye Christensen kan eg gjenkjenna på hundre meters hald.»

«Men…»

«Ser de ho der?»

«Ho med handlenettet?»

«Det er Helene Uri. Ho er lettbeint og småspring mest alltid. Raskt og rytmisk.»

«Kvifor er dei her, Helge, i nynorskland?»

«Det hadde eg tenkt å spørja dykk om, John.»

«Kan det ikkje berre vera at dei promoterer bøkene sine? Det er jo jul. Eg meiner å ha lese at Saabye Christensen skal lesa frå den nye romanen sin på biblioteket, medan Uri skal signera bøker på kjøpesenteret.»

«Men,» sa Torvund, «ser de han der?»

«Han som et på ein stor salami? Sikkert ein danske.»

«Ikkje kva for ein danske som helst,» sa Torvund. «Eg tar han på stilen. Det er Jørn Lund, han er internasjonal kontakt.»

«Spion?»

«Nei, det er heilt openlyst. De kan finna han på nettet.»

Apen viste dei ei Internett-side på smarttelefonen sin. Fossmark utbraut:

«Jørn Lund er internasjonal kontakt for Riksmålsforbundet

Sorry Jansen smilte breitt.

«Var dette den actionen du lovde oss i går, herr Helge?»

«Det kjem meir,» sa Torvund og peika nedover gata.

Alle fire la hendene flatt til panna for å skjerma for sola, som plutseleg forsvann.

«Dei to karane der,» sa Torvund, «som kjem frå kjøpesenteret, med breie skuldrer og lange armar, ser de dei?»

img_20161118_192039insta

«Er dei forfattarar, dei òg?»

«Definitivt ikkje,» sa Torvund. «Dei er Frank og Morten Sørensen, Torvald Tu-tilhengarar av første klasse om igjen. Og dei har nyss sloppe ut av fengselet. Dei går rett på, same kva dei støyter på. Å-å!»

«Kva? Kva nå då?»

«Sjå den andre vegen! Ser de dei to karane der, som kjem frå torget, med like breie skuldre og like lange armar?»

«Er dei Frank og Morten Sørensen, dei òg?»

«Nei, dei er politimennene Strand og Salte. Men dei òg går rett på same kva dei støyter på!»

img_20161118_191900insta2

«Det må vera den nye politireforma,» sa Fossmark.

Sorry Jansen gjorde seg klar til å filma. Han visste at det gjekk an å publisera korte filmar på Instagram. Det var i ferd med å bli action.


Ja, men så følg med i morgon då! Kva er det du ventar på?

Til det du ventar på (11. desember)

Til oversynsside

PS! Teikninga av teaterslaget er laga av Jens R. Nilssen. Bildet er eigd av Det norske teatret og er henta ifrå boka Trass alt av Alfred Fidjestøl.