Sommaropent i Garborgheimen og Knudaheio

Fram til 13. august er det opent i begge husa kl. 12-17. Hyggelege og flinke vertar tar imot dykk. Inngang kr 40, alle under 18 år går gratis. Har du løyst billett for det eine huset, gjeld han også på det andre same dagen. Du får også fratrekk for denne på Garborgsenteret.

Garborgheimen blei bygd i 1848 og er Arne Garborg sin barndomsheim. Det er eit av dei best bevarte jærhusa og har tidsautentisk inventar. Huset ligg på Garborg i Time kommune, nokre kilometer sør for Bryne. Les meir

Knudaheio stod klar i 1899 og var Arne Garborg si skrivestove. Han og kona Hulda er begge hauglagt i hagen. Huset ligg ved Undheim i Time kommune. Les meir

I og tundt Garborgheimen, Knudaheio og Time kyrkje finn du òg Garborgløypa, ei interaktiv formidlingsløype med filmar og lydspor frå Arne Garborg sine tekstar. Det dukkar også opp nokre overraskingar som passar for heile familien. Les meir om Garborgløypa