Dette har hendt: Garborgsenterets vikaravdelingsdirektør John Fossmark og hans assistent, vikarformidlaren Sorry Jansen, har møtt opp i Storgata fleire dagar på rad. Og alt dette berre fordi Helge Torvund har lokka dei med action. Herregud! Følg med! Det kan bli action!

Helge Torvund, John Fossmark, Sorry Jansen og ein ape sto i Storgata og måpte idet Torvald Tu-tilhengarane såg ut til å kollidera med politimennene Strand og Salte.

Dei gjekk rett på, same kva dei støytte på.

«Nok action for i dag,» sa Helge Torvund. «Nå må me sjå framover. Lat oss begynna med å sjå bakover. Eg vil gjerne oppsummera litt. Først: me har etablert det faktum at riksmålsfolket er onde og vil nynorsken til livs. Deira leiestjerne er Bjørnstjerne Bjørnson, medan målfolkets er Arne Garborg. Så langt éin-null til oss. Deretter har me etablert det faktum at Garborgsenteret sin museumsbutikk fleire dagar på rad er blitt infisert av ei bokmålsutgåve av Fred. Butikksjefen er sjekka ut i saka, men angrepet held fram. Inger er, som følgje av overgrepet, blitt sjukmeld. Inntil vidare er du, John, vikar. Det fell dermed på dine og Sorry sine skuldrer å redda byen frå bokmålshelvetet. Samstundes har me etablert det faktum at det kryr av bokmålsforfattarar her. Eg konkluderer med at det heile er eit komplott og at Riksmålsforbundet står bak. Det er nå på tide å fortelja dykk litt meir om Riksmålsforbundet. Dette er nødvendig om de skal koma dei til livs.»

Tovund klappa apen på hovudet.

«Går det bra med deg, ape?»

«Ja då.»

«Flott, du skal snart bli fri.»

Apen smilte lukkeleg og Torvund heldt fram:

«Riksmålsforbundet er nemleg kje berre Riksmålsforbundet. Organisasjonen sitt styrande organ er ein losje, nokså hemmeleg, men eg har nå likevel litt kunnskapar om han.»

«Er du så gammal at du hugsar det?» spurde Jansen.

«Nei, gammal er eg ikkje,» svarte Torvund, «men eg hugsar det. Eg hadde ein slektning som var støttemedlem i Riksmålsforbundet, og han fortalte meg mykje før han døydde. Han heitte Pinsehelge og var svært konservativ. Det sentrale elementet i Riksmålsforbundet er losjen Det norske akademi. Det er eit akademi som er norsk, dei var kje så kreative når dei fann på namn. Det som derimot er spesielt med dei, bortsett frå at dei er skikkeleg spesielle som vil fremja riksmål, er at dei har fått med seg ei rekkje brukbare folk. Og eg, litteraturdetektiven, veit kven dei er.»

Han trekte pusten.

«Smatt på desse namna, gutar: Bang-Hansen, Berg Eriksen, Bomann-Larsen, Bull-Hansen, Saabye Christensen, Fosnes Hansen, Lange-Nielsen. Det er…» han spytta orda ut: «… riksmålsnamn! Det ligg i deira genetiske natur å villa kjempa for dei store. Som sagt, eg er jo psykolog, og eg har lese nokre svært interessante vitskapelege studiar om dette emnet. Det viser seg nemleg at riksmålshjernar fungerer om lag som hjernane til historiens største tyrannar. Dei lir alle av spesifikke særeigenskapar. Til dømes er dei positive til kommunesamanslåing.»

«Eg skal kommunesamanslå dei sønder og saman!» ropte Fossmark og løfta ein knytneve i vêret. Han viste dei eit skikkeleg kommunesamanslag.

«Så så, John,» sa Torvund. «Ta ein ekstra dose av medisinen din, me treng deg i toppslag skal me vinna denne kampen.» Han fortsette: «Av dette kan me slutta at alle store tyrannar og erobrarar ville ha vore riksmålsfolk om dei hadde budd i Noreg. Alexander den store. Pontius Pilatus. Nero. Attila. Solkongen. Karl den tolvte, trettande og fjortende. Samtlege danskekongar og oljebaronar. Hitler. Stalin. Og eigarane av Volkswagen! For å hjelpa dykk har eg tenkt å gje dykk hjelp; men ikkje personleg, eg er jo ein gammal diktar og må difor innta rolla som den gamle kloke mannen som forstår alt. Difor gjev eg dykk ein annan diktar, ein ung ein, med raske bein og lågt kolesterol!»

Apen tok av seg hovudet sitt.

«Ikkje ver redd,» sa han, «eg har eit anna hovud under.»

«Nils Henrik!» ropte Fossmark. «Eg trudde du var ein ape!»

«Eg berre kledde meg ut som ein ape,» svarte forfattaren Nils Henrik Smith.

«Men herr Smith!» utbraut Jansen, «eg var sikker på at du budde i Berlin!»

«Pøh!» svarte Smith. «Eg berre kledde meg ut som ein som budde i Berlin.»

«Nå,» sa Torvund faderleg, «gjenstår det berre for meg å gje dykk viktig informasjon. Deretter skal eg trekka meg ut av denne soga for godt.»

«Skal du forlata oss, herr Torvund?»

«Tenk deg, Sorry, at me var fiktive. Ja ja, eg veit det er vanskeleg å sjå føre seg ein så stor og handlekraftig kar som John som fiksjon…» Idet Torvund sa dette, reiv Fossmark opp eit vegskilt med berre tennene. «…men eg ville ha vore ein mister Myiagi, den gamle vismannen i Karate Kid; eller sensei Splinter i Teenage Mutant Ninja Turtles; eller sensei Wu i Lego Ninjago.»

«Men eg då, Helge, kven ville eg ha vore? Robin frå Batman?»

«Du, Sorry, er nok meir ein Langbein-type, berre lågare. Men ikkje ver lei deg for det; me er jo kje fiktive, det var berre ein fantasifull tanke.»

«Kva skal du finna på , då, Helge, når du ikkje vil vera meir saman med oss?»

«Hadde me levd i ein TV-serie eller noko slikt, ein krim, til dømes, så ville eg nok ha dukka opp igjen i siste episode for å fortelja dykk kven mordaren var. Eg kunne ha vore Derrick, og Nils Henrik kunne ha vore Harry Klein – den forutinntatte etterforskaren som alltid tar feil, blir korrigert av sjefen og reddar dagen med ein rask spurt fem minutt før slutt. Men me må forhalda oss til verkelegheita, og det har kje ein gong skjedd eit mord. Sanninga, Sorry, er at eg skal besøka ein slektning av meg. Han er skikkeleg gammal og skal fortelja meg noko før han døyr.»

«Kva skal han fortelja deg?»

«Nei, det veit eg kje ennå. Men det vert nok festleg.» Torvund smilte: «Han heiter kje Nyttårshelge for ingenting.»

Den gamle diktaren tok farvel og gjekk nedover fortauet. Men han hadde ikkje kome langt før han snudde seg og sa:

«Eg gløymde å fortelja dykk noko viktig. Det finst nemleg eit medlem i Det norske akademi som bur like i nærleiken. Det kan vera ein god stad å begynna. Han heiter Kjell Arild Pollestad og er tidlegare pater. Lukke til!»

Diktaren ringte med bjella si og nikka til alle han passerte på sin veg oppover gata.

 


Kjell Arild Pollestad, altså… Kven skulle trudd det? Han som alltid har verka så sympatisk. Vel, me kan visst ikkje stola på nokon lenger. Darth Vader, Pølse-Hansen og nå Kjell Arild Pollestad. Det er ei hard verkelegheit me lever i, folkens. Ta på dykk hjelm og følg med i morgon!

Til neste episode (12. desember)

Til oversynsside