13. desember: #enhimmelfullav #bjørnstjerner

Dette har hendt: Nokon har omsett Arne Garborgs Fred til bokmål og dette har delt byen i to: dei som tykkjer det er avskyeleg og dei som tykkjer det er motbydeleg. Samstundes viser det seg at Riksmålsforbundet har eit hemmeleg losjemøte i byen. Er det heile eit komplott mot nynorsken? Vel, møtet må iallfall infiltrerast. Gjer Garborgsenteret det sjølv? Vel, dei får nynorskforfattar Nils Henrik Smith til å gjera det. Garborgsenterets folk gøymer seg bak veggen heller. Dei går ding på spring hos Riksmålsforbundet, men ærleg tala: kven gjer vel ikkje det?

Medan John Fossmark og Sorry Jansen limte seg inntil veggen og heldt seg for munnen for ikkje å le, sto forfattaren Nils Henrik Smith oppreist i brisen. Han var rette mannen for oppgåva. Han var ung, sprek og framåtstormande. Han hadde slått seg inn i det litterære etablissementet med intellektuelle og velkomponerte romanar, han beherska antydningas kunst og viste psykologisk innsikt i mellommenneskelege relasjonar. Han var blitt kåra til ein av landets beste unge forfattarar og hadde tileigna seg illusoriske evner. Nils Henrik Smith hadde gjort seg til meister over den ultimate adaptasjon: han brukte litterære verkemiddel i den verkelege verda.

At ikkje andre forfattarar hadde tenkt på det!

Etter eit intenst dobbeltstudium av Kafka sine noveller og eit par av bøkene om Harry Potter, hadde han forstått at skilnaden i leseoppleving hovudsakleg var å finna i lesaren si forutforståing. Litteratur var i det heile eit kontinuum: samanlikning-metafor-metamorfose. Ein trong berre ørsmå tilpassingar i Aristoteles’ lære om logikk for å overføra verkemidla til vår felles verkelegheit.

Snøen var tjukk som Alexander Kielland. Snøen var Alexander Kielland. Alexander Kielland var verkeleg snø.

Nils Henrik Smith kledde seg ut som ein ape. Nils Henrik Smith var ein ape. Apen var verkeleg Nils Henrik Smith.

Ved å manipulera situasjonskonteksten, samt utnytta andres forutforståing av kva han var kapabel til, hadde han tatt det vesle, men hittil umoglege, steget frå litterær til verkeleg magisk-realisme.

Nils Henrik Smith kledde seg ut som eit losjemedlem. Nils Henrik Smith var eit losjemedlem. Losjemedlemmet var Lars Saabye Christensen.

Han kunne jo ikkje avsløra seg heller.

For augneblinken sto han utanfor eit tilsynelatande vanleg kontorbygg i ein vanleg norsk småby. Takka vera litteraturdetektiv Helge Torvund var han blitt sett på sporet av Riksmålsforbundet sin representant på Jæren: Kjell Arild Pollestad. Smith hadde iført seg riksmållosjen Det norske akademi sin uniform: ein munkekjoleliknande kjortel med hette. Og han hadde øvd på å snakka som ein av deira mest framtredande medlemmar, Lars Saabye Christensen, dansk statsborgar og bokmålsmafioso.

Smith pusta tungt, men det var berre fordi han var tett i nasen.

Han var ikkje nervøs.

Det gjekk kaldt nedover ryggen på han. Men det var berre fordi det var vinter. Og han hadde gløymt å ta på seg ull.

Det dunka i brystet. Men det var berre fordi han hadde hjartebank.

Då døra gjekk opp, kjende han korleis det dirra i knea. Men det var fordi han var heilt skjelven. Nils Henrik Smith var ikkje nervøs.

Mannen som opna minna mistenkeleg om Kjell Arild Pollestad, tidlegare pater. Han sa:

«Fred være med deg, kjære deg, hvem du nå enn er. Passord!»

«Eh…» mumla Smith på umiskjenneleg Saabye Christensen-vis.

«La meg hjelpe deg litt,» sa Pollestad. «Dersom jeg sier Syse, så sier du… Å, kom igjen nå, du husker det nok? Syse…»

«…er en pyse,» sa Smith. Han visste jo at filosofen og statsministersonen Henrik Syse var medlem i Det norske akademi.

Pollestad såg seg om. Så kviskra han:

«Jeg er i grunnen enig, men ikke si det til noen.» Han fnyste: «Filosofer! De hadde ikke klart seg i Hå kommune en lørdagskveld.» Han lente seg fram og kviskra: «Vi prøver igjen. Det rette passordet er Syse … har sett lyset. Husker du det til neste gang?»

«Skal prøve,» sa Smith.

«Godt,» sa Pollestad. «Da prøver vi på ny. Vi vil jo ikke slippe inn uvedkommende, vi leker ikke riksmålsforbund her. Er du klar?»

Smith nikka.

«Godt,» sa Pollestad. «Da starter vi: Syse…»

«…har sett lyset.»

Den tidlegare pateren vinka Smith inn og etter seg. Dei gjekk opp ei trapp, gjennom ein gang, ned ei vindeltrapp, gjennom endå ein gang, tilbake igjen, til ei vindeltrapp som likna den førre, men denne gjekk oppover, gjennom ein ny gang, tilbake igjen, ned vindeltrappa, gjennom ein speilsal som svingte nitti gradar – og endeleg kom dei til to gigantiske mahognidører med inngraverte habsburgspurvar.

Dørene gjekk opp.

Pollestad let tærne løpa inn i salen, bråsnu, for så å ta Smith imot innanfrå. Den tidlegare pateren smilte.

«Velkommen skal du være, kjære medlem.»

Smith gjekk mot det enorme langbordet. Femti hettekledde riksmålsfanatikarar glante. Han såg dei ikkje, men han kjente dei: blikka etsa som raudglødande mikrobølger frå raudglødande mikrobølgjeomnar.

«Ta plass, herr dem.»

Meterhøge sølvkandelabrar sto på rekkje og rad. Bak Pollestad, som sat ved bordenden midt i rommet, sto ei lita hylle med ein raud fløyelsduk. Oppå den låg riksmålsordboka og den nynorske ordlista side om side.

Sistnemnde var klussa med.

Spynorsk mordbok.

Og ved ein storskjerm på veggen hang eit gigantisk oljemaleri av Bjørnstjerne Bjørnson.

Smith fann ein ledig stol. Pollestad klappa i hendene, og inn frå ei sidedør kom to servitørar, hettekledde, med kvar si trillevogn. Dei serverte dugande porsjonar til alle.

«Dette,» forklarte Pollestad, «er middag a la Kielland. Spis opp alt. For som vi vet, er størrelsen av største betydning. Til sammen veide de fire store over fire hundre kilo, mens de fire små…» Han trykka på peikaren og eit samansett bilde av fire nynorskforfattarar dukka opp på storskjermen: Arne og Hulda Garborg, Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje. «… veide mindre! Så, er vi størst, dere?»

Det norske akademi svarte samstemt:

«Vi er flest,
eier mest
og vi skriver aller best!
Særlig verdens beste prest!»

«Da,» sa Pollestad, «er det på tide å utsi manifestet vårt.»

Dei tok kvarandre i hendene og sa i kor:

«Kjære Bjørnstjerne. La oss hevde riksmålets posisjon i vort samfunnsliv. La oss hevde det som skriftsprog, kultursprog og fellessprog i de funksjoner hvor et standarisert talesprog er på sin plass. Gi oss et stabilt og normfast sprog på tradisjonens grunn. Bedre den høyere sprogbevissthet hos alle som bruker norsk i tale og skrift. Gjør skolens opplæring i skriftlig sidemål frivillig. Gi oss i dag vort eldgamle sprog, tilgi oss våre dialekter. For riget er vort, og makten og æren i all evighet. Takk.»

Han slo ut armene:

«Jeg har en plan, dere! Første ledd er allerede satt ut i livet. Det var Fred. Pollestad-utgaven. Snart kommer Haugtussa. Pollestad-utgaven. Etter dette er målfolket så mørt at vi kan sette inn støtet. Da inntar vi Garborgsenteret, tyvlåner formidlerens mobiltelefon og hacker Instagram-kontoen. De har over tusen følgere! Tenk, for et signal det blir til de udannede når Garborgsenterets statusoppdateringer kommer på riksmål! Den politiske nynorskbevegelsen vil fullstendig opphøre å eksistere. Det blir slutt på nynorskkommuner i hele landet. Før jula kommer skal Norge atter samles til ett rike!»

Han la handa på riksmålsordboka:

«Jeg lover, og til det tar jeg Bjørnson som vitne, at jeg ikke skal gå til frisøren eller bruke sjampo og balsam før Norge er samlet til én kommune. Og den kommunen skal hete…» Pollestad rakte den ene knyttneven i vêret, noko han ikkje hadde gjort sidan han var ein obsternasig liten gut med rosa bollekinn: «…Norge kommune!»

Heile Det norske akademi reiste seg og klappa. Dei hylla sin herre. Men om nokon hadde sett godt nok etter, ville dei ha lagt merke til ein begynnande kumulonimbus over hetta til den sist ankomne.

Det var nynorskforfattaren Nils Henrik Smith. Inkognito.

Jubelen la seg ikkje før etter fleire minutt, og då hadde Pollestad bestemt seg for å slå seg laus:

«Det er på tide å begynne festlighetene. La oss synge sangen vår!»

Losjemedlemma tok kvarandre om skuldrene og song for full hals:

«En himmeeel full av bjørnstjerneeer
Blått hav så langt du seeer
En jooord med riksmålsooord
Kan du ønske meeeeer?»

«Nå,» ropte Pollestad, «la oss danse jenka, dere!»

 


Så Riksmålsforbundet har tenkt å hacka Garborgsenterets Instagram-konto og gjera landet vårt til ein éinkommunestat? Kan dei klara det nå når me alle veit om det? Det må vel vera noko me kan gjera med det? Kva då? Jau, følg med i morgon, det er det minste du kan gjera! Følg med! Gjer det!

Neste episode (14. desember)

Til oversynsside

PS! Garborgsenteret poengterer at alle karakterar og institusjonar, sjølv dei som er baserte på verkelege personar og institusjonar, er fiktive karakterar og institusjonar.