17. desember: #gourmet

Dette har hendt: Den fanatiske norskfagsfanatikaren John Fossmark er blitt utnemnd til avdelingsdirektør på Garborgsenteret. Nå har han, saman med sin assistent, formidlaren Sorry Jansen, brote seg inn i Jærmuseet si gjenstandssamling og stole avdelingsregaliane. Kva skal dei med det? Følg med! Men først må dei eta. Følg med på det òg!

Sorry Jansen let fingrane gli over kappa til sin herre, avdelingsdirektør John Fossmark. Den var av den herlegaste hermelin og hadde store brune bartar sydd inn i stoffet. Saman med kongekrona hadde han nå fått eit fint tillegg til avdelingssepteret.

«Herr John,» sa Jansen, «så fin kappe du har.»

Fossmark tok ein ekstra runde rundt seg sjølv framfor spegelen i gangen på Vitengarden.

«Så fint septer du har.»

Fossmark kikka litt ekstra på staven med Garborg-hovud.

«Så fin krone du har.»

Fossmark smilte. Gullkrona var opprinneleg blitt funnen i ei grav ved Tinghaug; men sidan ingen hadde kunna prova at ho ikkje hadde vore Arne Garborg si, var ho blitt flytta frå jernaldersamlinga til Garborgsenterets avdelingsregaliar.

«Men, herr John,» sa Jansen til avdelingskongen med kannibalsyndrom, «så stor munnen din er. Er det lenge sidan du tok medisin?»

«Er du konge nå? Eg meiner, er du arveavdelingsdirektør nå, herr John? Skal eg seia: dykkar majestet, direktør John den første

«Du må innsjå verdas realitetar, Sorry. Me treng godkjenning frå museumsdirektøren i Jærmuseet og det veit du. Målfrid Snørteland er Garborgsenterets overherrekvinne og det er ho som har makt over dette.»

«Du snakkar som om me var del av eit føydalsamfunn allereie, herr John.»

«Som om me var føydalherrar,» retta Fossmark. «Heldigvis tilhøyrer me eliten, Sorry, særleg eg. Og etter mitt syn er føydalsamfunnet det beste av alle gode samfunnssystem. Tidlegare, då eg var historie- og norsklærar og underviste i demokrati og menneskerettar, hadde eg ikkje dette synet; noko som viser at eg har utvikla meg til det betre. Du trur vel ikkje Europa ville ha blitt ein så overlegen og sivilisert verdsdel utan føydalsamfunnet?»

«Slett ikkje, herr John.»

«Og korleis skulle me ha fått gratis naturressursar og billeg arbeidskraft, om det ikkje var for kolonitida?»

«Sant nok, herr John. Men kva tid vil museumsdirektør Snørteland sanera desse planane?»

«Førstkomande tysdag klokka to. Då er det møte på hovudkontoret og eg er invitert. Kva dag er det i dag, Sorry?»

«Tysdag, herre.»

«Og kva er klokka?»

«Eitt.»

«Herleg. Då har me tid til lunsj. Det passar bra. Eg brukar å ta medisinen min til dessert, ser du.»

«Flott, herr John. Det likar eg.»

«Men kor skal me eta? Skal me gå på pizzarestaurant? Hamburgarrestaurant? Fiskerestaurant? Eller gourmetrestaurant?

«Gourmet, herr John! Det er jo så godt!»

«Då tar me gourmet, Sorry. Det er mat ein konge verdig, også er me jo her på Vitengarden allereie.»

Dei sprang opp trappa ved museumsbutikken og kom rett inn i den store kafeen. Dei gjekk bort til kassen og dytta vekk nokre irriterande ungar som smilte og lo og gleda seg til brus og is.

«To gourmetar, takk!» brumma Fossmark til kokken; «og ein kaffi med påfyll! Gje meg to koppar! Eg tar påfyllet med det same!»

Han fekk med seg kaffien og nokre beger med mjølk; og ikkje lenge etter kom kokken serverande med to porsjonar gourmet, dagsferske rett frå anlegget.

«Åh! Desse var møre,» sa Jansen.

«Og desse var romsdal,» sa Fossmark.

Dei smatta, åt og koste seg.

«Eg et,» sa Fossmark.

«Eg koser meg,» sa Jansen.

Begge smatta.

«Mmmhm!»

«Åååååh!»

«Tykkjer kje også du, Sorry,» sa Fossmark, idet han slikka seg rundt munnen for å få tak i dei siste gourmetrestane, «at gourmetrestaurantar er mykje betre enn fiskerestaurantar og hamburgarrestaurantar?»

«For ikkje å snakka om kebabsjapper, herr John. Og pølsebuer og hundehus.»

«Men,» sa Fossmark og vart flakkande i blikket, «når eg tenker meg om, så likar eg nok aller best familierestaurantar.»

Formidlaren stoppa brått med å eta. Han visste jo at Fossmark leid av eit mildt kannibalsyndrom. Livretten var kjøtkaker med brun saus og steikte poetar.

«Ta medisinen, herr John. Du må ikkje få eit anfall.»

John Fossmark hadde fått auge på Helge Torvund. Poeten åt middag i lag med ein slektning. Det såg ut som dei hadde det festleg.

Avdelingsdirektøren skulle til å reisa seg då ei hand la seg over aksla hans.

«Er det her de sit?»

Ho peika på kaffikoppane og det halvtomme medisinglaset: «Tar du medisinen saman med dette, John?»

«Faen, Bente. Medisinen smakar heilt jevleg, og det veit du. Det er jo du som lagar han, ditt rævhol. Du må då forstå at eg blandar han med kaffi.»

«Det er kje kaffien eg snakkar om!» Doktor Vold slo neven i bordet så plastikkbegera eksploderte under den. «Det er mjølka! Mjølkeprodukt svekkar verknaden. Det er motgift, John, høyrer du meg?»

«Høgt og tydeleg, Bente. Du spylte jo øyrene mine i førre veke. Du fann ei katteleike inni der, har du gløymt det alt? Du sa at slikt var sjeldant. Dessutan var det du som meinte at eg måtte slutta med konjakk. Då begynte eg med mjølk i staden.»

«Konjakkforbodet», hamra doktor Vold fram, «var på grunn av at forbruket ditt dreiv alkoholprisane oppover, sjølv på legesprit. Kor lenge har dette foregått, John? Har du hatt mjølk i kaffien heile tida? Den første medisinen fekk du for tre år, sju månader og tjuetre dagar sidan, i halv tre-tida. Medisinen kjem til å mista sin verknad…» Ho rekna i hovudet. «…nå!»

Fossmark høyrde ikkje etter lenger. Tungt og målretta som ein zombie trampa han mot den andre enden av restauranten.

Der sat poeten Helge Torvund i ein hyggeleg samtale med ein slektning.

 

 

 

 

Hos riksmålslosjen Det norske akademi var det stort oppstyr. Medan medlemmane hadde vore opptatt med å avlegga ed på at dei aldri skulle skriva nynorsk, forsvann forfattaren og nynorskspionen Nils Henrik Smith frå fangeburet sitt. Døra var låst frå utsida og ingen kunne skjøna kor det var blitt av han.

«Har han gjort seg usynlig?» sa ho som høyrdest ut som Helene Uri.

«Pøh!» tenkte Nils Henrik Smith. Han hadde kledd seg ut som ei jernstong.

 


Til opplysing: Skulle denne episoden ha påverka einskilde lettpåverkelege lesarar til å tvila på Garborgs galningar møter Riksmålsforbundet sin realitetsstatus, kan me stadfesta at det var mange vitne til hendingane både på Vitengarden og i losjesalen. Ikkje ein bøddel er gått tapt. Følg med i morgon og sjå om nokre blir lagt til.

Til neste episode (18. desember)

Til oversynsside

PS! Garborgsenteret poengterer at alle karakterar og institusjonar, sjølv dei som er baserte på verkelege personar og institusjonar, er fiktive karakterar og institusjonar.