Det er jul. Eller iallfall første desember og lufta bevar av julestemning. Himmelen er rein og klår, på bakken ligg snøen kvit og tjukk som Alexander Kielland. Folk går på ski og sparkar spark og renn på akebrett, eller dei sutrar over at det går så seint med truger. Det er Jæren, dette, ein heilt vanleg vinter - og på tide å begynna.

«Å, er det kje herleg!» sa Inger Undheim. Ho tok eit djupt andedrag og kjende eimen av rykande vedomnar. Garborgsenterets avdelingsdirektør var like glad i jula som i Arne og Hulda Garborg. Ho snudde seg mot staben som kom halsande etter henne. «Nå,» sa ho, «ja, nå har dei pynta statuen av Garborg på torget, dei har sett stjerna på hovudet hans, alle barna har gått i ring rundt han og sunge julesongar, og kommunen har delt ut nisseskjegg og garborgbartar, og frå alle gatehjørne duftar det av peisvarme og herlege julekaker etter Hulda sine oppskrifter!» Ho slo armane ut av glede. «Nå,» ropte ho, «ja, nå kan me endeleg handla julegåver!»

Ho vinka medarbeidarane etter seg, og skunda seg inn i Garborgsenterets museumsbutikk.

Sorry Jansen, formidlaren, ville først ta eit bilde av idyllen. Han hadde ansvaret for Garborgsenterets Instagram-profil; og så god jobb hadde han gjort at Garborgsenteret med sine tusen følgjarar var å ansjå som landets leiande nynorskinstitusjon.

«Kanskje eg får fast stilling etter kvart?» tenkte Jansen og smilte. Det blei brått til eit grin: «Søren!»

Eit plutseleg tøvêr smelta all snøen før han knipsa. Han blei forfjamsa, men ikkje meir enn at han rakk å ta ein sjølvi medan han framleis måpa.

img_20161124_102528tekst2

img_20161124_103023tekst2
Han var lynrask i å legga bilda ut på Instagram. Deretter hasta han inn i museumsbutikken etter sjefen sin. Inger Undheim gjekk frå vare til vare i sin eigen butikk, rytmisk kakkande i tregolvet med høghælte støvlettar. Like bak følgde utstillingsleiaren med like høge støvlettar, deretter museumslektoren med endå høgare støvlettar, til sist formidlaren i vinterjogg med borrelås.

Sorry Jansen var ikkje van med å slita fysisk. Derimot hadde han slite mykje psykisk. Etter kvart hadde han heldigvis forsont seg med namnet sitt, og dei siste åra hadde andre ting krevd meir av han. Den eine etter den andre av begge hans to næraste fetterar var blitt drepne. Først den kjende skribenten Gonzo Johnsen, skoten av ein berykta norskfagsfanatikar, John Fossmark. Deretter den ukjende journalisten Bongo Jensen, drukna under mystiske omstende som den same Fossmark under alle omstende hadde noko med å gjera. Den første hendinga var blitt skildra i artikkelserien Garborgs galningar av Gonzo Johnsen, der Johnsen som førstemann i litteraturhistoria hadde makta å skildra sin eigen død innanfrå; den andre blei skildra i Garborgs galningar og diktarhjulet, der Jensen forsøkte å setja saman Arne Garborg sitt diktarhjul i jakta på å bli verdas beste journalist. Dei einegga fetterane Johnsen og Jensen hadde tilfeldigvis også vore Jansens forgjengarar som formidlarar på Garborgsenteret, men der stoppa mykje av likskapen. Johnsen og Jensen hadde vore lidenskapeleg opptekne av litteratur og journalistikk, medan Jansen berre var opptatt av Instagram. I tillegg hadde Jensen og Johnsen vore hårfagre menn med fysisk energi og sterk karisma – noko særleg gledespikene på Strøget i København sette pris på, høg pris, jamvel dobbel pris – medan Sorry Jansen var ein grå, skalla, sjarmlaus mann med briller og borrelås. Hadde han hatt meir personlegdom kunne han ha vore bitter som Jensen eller modig som Johnsen, men slik var ikkje Jansen. Han var trist å sjå på og trist inni seg. Det første var ei årsak til det andre, og det andre ein verknad av det første. Sorry Jansen var ein slik som lista seg gjennom livet og gjorde som direktøren sa. Det einaste han tenkte på, var Instagram.

Det var på grunn av arbeidet med sosiale media at han hadde søkt vikariatet.

Inger Undheim klukka og lo. Garborgsenterets museumsbutikk viste seg frå si beste side. Butikksjefen, Gjertrud Marie, sto bak disken og smilte lunt. Myntane klang lukkeleg i det svære kasseapparatet. Det var det hundreogsjuande året på rad at salet av Arne Garborgs samla verk gjekk rett til himmels.

img_20161124_110934tekst2

Avdelingsdirektøren fauk frå den eine reolen etter den andre med sine tilsette på slep. Ho kjøpte gåver til barna sine, mannen sin, faren sin, syskena sine og tantungane, svigerfamilien, vennane og uvennane, uvennane og vennane til vennane og uvennane, familiane deira, til alle i mållaget og nokre i nabolaget, eit par i Samlaget og ei på handballaget.

Garborgsenterets tilsette kom bak henne, dei bar på høgare og høgare pakketårn, men ennå var ho ikkje ferdig. Undheim visste nemleg kva ho skulle gje til den som hadde alt. Ho visste at på bakrommet hadde Gjertrud Marie eit resteksemplar av Hos Mama, bokmålsvarianten av Hjaa ho mor. Garborg hadde sjølv skrive begge, og dei var difor rekna som ubesudla originalar, sjølv om nynorskvarianten sjølvsagt hadde høgare status.

«Hos mama!» ropte Undheim. «Den kjem Kenneth til å lika!» Ho smilte, og gav teikn til at dei andre skulle følga etter henne bort til kassa. «Hos Mama kjem til å bli julaftans store slager!» Ho klappa i hendene. «Tenk å få bokmålsbok av meg! Det vert festleg.»

Ho snudde seg mot dei tre bak henne – utstillingsleiaren, museumslektoren og formidlaren – som alle måtte stikka hovuda ut til sides for å sjå rundt pakketårna dei gjekk og bar på. Avdelingsdirektøren heldt fram: «I fjor fekk Kenneth liturgisk ordbok, de kan tru me lo.» Ho la til: «Han er ateist.»

Men med det same Gjertrud Marie opna døra til bakrommet, kjende Undheim opplagt eit ubehag. Det var noko gale. Utstillingsleiaren, museumslektoren og formidlaren vart ståande igjen og nøla, medan Undheim storma mot døra. Pluseleg stoppa ho. Ho stakk nasen i vêret. Ho lukta. Augene flakka frå side til side, ho kikka på reol etter reol der bak, skanna forfattarnamn etter forfattarnamn med augene, tittel etter tittel, utgåve etter utgåve. Til sist festa ho blikket på ei bunke gule bøker, storma mot dei med armane flagrande som påfuglvenger og ho hylte, ho hylte så drøvelen rikosjetterte i halsopninga og Garborgsenterets tilsette kasta frå seg gåvene, kom stormande til og forsøkte å hjelpa, men…

Avdelingsdirektøren blei liggande på golvet.

Ho hylte og hylte og ville ikkje stoppa.

img_20161124_111355tekst


I alle dagar, kva slags historie er eigentleg dette? Det var jo jul! Kan det verkeleg vera ein julekalender når det går så gale? Og kva er det med dei gule bøkene? Er det fargen som er så stygg eller er det noko meir? Er det det at dei er bøker? Ikkje veit me. Følg med på dei neste 23 episodane av Garborgs galningar møter Riksmålsforbundet, så får du kanskje svaret – eller i det minste fleire spørsmål.

Til fleire spørsmål (2. desember)