24. desember: #norgekommune

Det er synd å måtta forstyrra julefreden med hardbarka action, men glade jul, slik er det. Verda lever sitt eige liv, ho heiter ikkje Moder Jord for ingenting. Hadde Garborgs galningar møter Riksmålsforbundet vore fiksjon, derimot, skulle det ha blitt andre boller. Rosinboller og sju kakesorter og eggehviter med melis og saftis i. Fryd og gammen. Fred og Haugtussa. Julehelge Torvund og gåvebøker på nynorsk utan orddelingsfeil. Men akk. Akk nei. Riksmålsforbundet er i ferd med å hacka Garborgsenteret sin Instagram-konto. Klarer dei det, bryt nynorskveldet saman og Noreg blir samla til éin kommune. Følg med!

John Fossmark tok Kjell Arild Pollestad i handa. Vikaravdelingsdirektøren hadde gjort ein avtale om at Garborgsenteret skulle bli Riksmålsforbundet sitt lydrike og gå over til riksmål, mot at dei gjorde han til avdelingskonge.

«Og derfor», sa den tidlegare pateren, «må du si eden etter meg.»

«Eden etter meg.»

«La oss hevde riksmålets posisjon i vort samfunnsliv.»

«Lat oss hevda riksmålet sin posisjon i samfunnslivet.»

«La oss hevde det som skriftsprog, kultursprog og fellessprog i de funksjoner hvor et standarisert talesprog er på sin plass. Gi oss et stabilt og normfast sprog på tradisjonens grunn. Bedre den høyere sprogbevissthet hos alle som bruker norsk i tale og skrift. Gjør skolens opplæring i skriftlig sidemål frivillig. Gi oss i dag vort eldgamle sprog, tilgi oss våre dialekter. For riget er vort, og makten og æren i all evighet.»

«Lat oss hevda det som skriftspråk, kulturspråk og fellesspråk i dei funksjonane kor eit standarisert talespråk er på sin plass. Gjev oss eit stabilt og normfast språk på tradisjonens grunn. Styrk det høgare språkmedvitet hos alle som brukar norsk i tale og skrift. Gjer skulen si opplæring i skriftleg sidemål frivillig. Gjev oss i dag vårt eldgamle språk, tilgjev oss dialektane. For riket er vårt, og makta og æra i all æve.»

«Og til slutt: Jeg skal aldri skrive nynorsk.»

«Eg skal aldri skriva nynorsk.»

«Da, herr Fossmark,» sa Pollestad med ei glede som ikkje lenger var av det pietistiske slaget, «erklærer jeg dem som ufullverdig medlem av Riksmålsforbundet. Gratulerer! Hadde du derimot vært et fullverdig medlem, ville jo medlemsskapet ha vært fullverdig. Nå, derimot, beholder du et skinn av selvstendighet som ingen vil tro på. Deilig! Du blir vår allierte i kampen mot nynorsk og i arbeidet for storstilt og imminent kommunesammenslåing. Så: til saken. Ta et bilde og legg det ut på Instagram, med riksmålske hashtags. Bruk gjerne duckface

Men då Fossmark slo på telefonen, og skulle til å logga seg på Garborgsenteret sin Instagram-konto, viste det seg at det ikkje var ein telefon likevel.

«Nils Henrik!» utbraut Fossmark. «Eg trudde du var ein telefon!»

«Pøh!» svarte forfattaren Nils Henrik Smith. «Eg berre kledde meg ut som ein telefon. Forresten likar eg ikkje at du trykker meg på magen.»

Fossmark slo ut med armane:

«Då kan eg kje logga meg på. Utan telefonen til Sorry er me nøydde til å ha passordet.»

«Eg har løysinga!» ropte doktor Vold. «Me må berre få tak i passordet!»

Då hylte Inger Undheim. Den friskmelde avdelingdirektøren uttrykte sjokk og skuffelse over at livlegen hennar ville hjelpa Riksmålsforbundet. Til dette svarte doktoren at det ikkje var det at ho lika riksmål:

«Men eg elskar kommunesamanslåing. Då kan eg hjelpa mange fleire pasientar. Og ikkje berre det, fleire pasientar kan få hjelp av meg. Det er ein vinn-vinn-situasjon.» Ho ropte: «Og eg vinn! Herre Hippokrates!»

«Flott, flott!» sa Pollestad og klappa i hendene. Han gjorde eit ørlite hopp av lukke. «Men hvordan får vi så tak i dette passordet?»

«Det vet jeg!» sa den eine av dei to hettekledde som høyrdest ut som Lars Saabye Christensen, «Jansen hadde en gul jukselapp på kontoret!»

«Strålende!» sa Pollestad. «Men hvordan vet du det, du som er så dannet og halvdansk og klok og fornuftig og alt som bra er, bortsett fra hårfager? Du ville jo aldri ha satt din fot på Garborgsenteret før det ble underlagt Riksmålsforbundet; ville du vel, broder Lars?»

«Nei», sa han som høyrdest ut som Saabye Christensen, «men jeg er ikke Lars Saabye Christensen.» Han drog av seg hetta. «Eg er Gjertrud Marie.»

Då ho fekk sjå Garborgsenteret sin eigen butikksjef kollaborera med Riksmålsforbundet, heldt Undheim seg for øyrene og hylte som vanleg.

«Men kjære deg, Inger,» sa Marie, «ikkje ta slik på veg. Nynorsk er vel og bra, Garborg òg, men bokmål sel trass alt betre.» Ho peika mot døra. «Til kontoret!»

«Nei nei,» sa Pollestad. «Først må dere, doktor Vold og butikksjef Marie, si eden. Vi kan ikke la oss lose på tidligere fiendtlig territorium av mennesker vi ikke stoler på. Dere må sverge å aldri skrive nynorsk.»

Dei sa eden hurtig, men blei likevel ståande.

«Hva er det nå da?» spurde Pollestad.

«Eg har gløymt inngangskortet», sa Marie.

«Følg meg!» sa doktor Vold. Ho tok fram legekortet, og skulle til å låsa seg inn, då skyvedørene gjekk opp på vidt gap. Ein familie kom spaserande ut. Det var jo i Time bibliotek si opningstid.

Dei storma inn. Doktor Vold og Gjertrud Marie først, deretter Fossmark og nokre titals hettekledde bokmålsbrukarar, til sist den berrføtte Pollestad med tær som jobba som krabbebein.

Dei forsvann opp trappa, ned korridoren, og der, heilt inst, var formidlaren sin PC-stasjon.

Gjertrud Marie sette seg ved datamaskinen. Ho opna skuffa under skrivebordet, bladde seg gjennom alle lappane med brukarnamn og passord: Facebook, Acos, bryne.no, Region Stavanger, Twitter, garborg.no, jaermuseet.no, Vikaranes midlertidige landsforbund, Garborg-galningane si heimeside, dei Kielland-kjære si borteside, bokomslagas bakside.

Og Instagram.

Ho tok fram smarttelefonen sin og trykte på appen.

Brukarnamn? Ho tasta garborgsenteret.

Passord? Ho såg lenge på lappen. Ho såg på telefonen. Ho såg på Pollestad. Ho snakka med seg sjølv. Ho såg på lappen igjen.

«Men Gjertrud Marie, da», utbraut Pollestad. «Er det noe galt? Hvorfor taster du ikke?»

«Fordi,» svarte ho, og flykta opp i vinduskarmen, «eg ikkje har lov.»

«Ikke lov? Hva mener du? Det er vi som bestemmer over Garborgsenteret nå. Jeg forlanger at du logger deg inn. Nå!»

«Det strir mod eden.»

«Eden?»

«Ja, passordet, fader Kjell.

«Hva er det med det?»

«Det er inkjekjønn.»

«Men så skriv noe på intetkjønn, da.»

«Eg meiner ordet inkjekjønn, fader Kjell. Og det finst berre på nynorsk!»

Medan dei såg på kvarandre, og prøvde å koma på noko å gjera, høyrde dei tunge steg i korridoren. Pollestad, doktor Vold, John Fossmark og alle dei andre riksmålsfolka steig opp ved sida av Marie. Då Inger Undheim runda hjørnet med politimennene Strand og Salte på slep, var det heilt fullt i vindauget. Men idet skurkane skulle til å hoppa ut i fridommen, var det som om vinduskarmen krympa. Det blei trongare og trongare, dei kom verken ut eller inn, opp eller ned, att eller fram.

Det var ikkje ein vinduskarm likevel.

«Eg berre kledde meg ut som ein vinduskarm,» forklarte Nils Henrik Smith.

 

 

 

 

Riksmålsfolket og hjelparane deira blei tiltalt for kulturimperialisme og dømde til open soning på terrassen til ein hyggjeleg familie i Sogn med utepeis og to snille, men hårete, kattar. På dagtid måtte dei arbeida med rosemåling. Fossmark slapp billegare. I rettssaka vart han framstilt som tilrekneleg i gjerningsaugneblinken, noko som var til hans fordel sidan han då «beviseleg ikkje var seg sjølv». Etter ei helg med samfunnsteneste gjekk han mellombels tilbake til jobben som norsklektor på Bryne vidaregåande, og alt blei som før igjen. Den einaste forskjellen var at vikarformidlaren, Sorry Jansen, var daud.

«Ja ja,» sa Undheim, «så vart det på alle måtar ein lukkeleg slutt.»

«Og», sa Fossmark, som på rekordtid hadde fått permisjon frå lektorjobben og overtatt vikariatet etter Jansen, «nå som Riksmålsforbundet er slått, og bokmål på defensiven, då er det vel på tide å styrka nynorskens stilling ved å motverka påverknaden frå engelsk?»

Inger Undheim tykte det var ein god idé, men lurte på korleis dei skulle klara det.

«Jau», svarte Fossmark, «alt me treng å gjera er å hacka The Globe Theatre i London, der The Shakespeare Company held til». Han smilte koseleg til kollegene sine – avdelingsdirektør Undheim, utstillingsleiar Hammeraas og museumslektor Osland – og så viste han dei The Shakespeare Company si Facebook-side.

 


I Garborgs galningar møter Riksmålsforbundet møtte du:

John Fossmark som John Fossmark
Helge Torvund som Helge Torvund
Nils Henrik Smith som Nils Henrik Smith
Kristin Auestad Danielsen som Kristin Auestad Danielsen
Pia Kaldheim som Bente Vold
Inger Undheim som Inger Undheim
Gunhild Hammeraas som Gunhild Hammeraas
Jorunn Osland som Jorunn Osland
Gjertrud Marie Jensen som Gjertrud Marie
Frank Sørensen som Frank Sørensen
Morten Sørensen som Morten Sørensen
Leif Rune Salte som Leif Rune Salte
Jan Terje Strand som Jan Terje Strand
Målfrid Grimstvedt som Målfrid Grimstvedt
Målfrid Snørteland som Målfrid Snørteland
Sondre B. Hvam som Sondre Hvam
Endre Ueland som Endre Ueland
Siv Renate Salte Mjåtveit som kokk
Trond Tveit som ape
Iselin Grayston som veldig mykje
og
Ørjan Zazzera Johansen som Sorry Jansen

Stor takk til:
Kjell Arild Pollestad

Også takk til:
Ove Martin Mellemstrand, Anders Aanes, Thorbjørn Jensen,
Time bibliotek, Fantefølge
og hjelpsame kolleger i Jærmuseet

Alle illustrasjonar tilhøyrer Garborgsenteret.
Unnataka er historiske foto.

Garborgs galningar er laga av Ørjan Zazzera Johansen

img_2052svartkvitt6krymp3

Garborgsenteret poengterer at alle karakterar og institusjonar – sjølv dei som er baserte på verkelege personar og institusjonar – er fiktive karakterar og institusjonar. At t.d. diktaren Helge Torvund blir spelt av ein diktar som heiter Helge Torvund er heilt tilfeldig. At John Fossmark blir spelt av John Fossmark er derimot høgst deterministisk.

Til oversynsside

Meir Garborgs galningar? Sjå her


EKSTRAMATERIALE