Inger Undheims livlege, doktor Bente Vold, hadde tidleg på morgonen reist meir enn to hundre meter frå legesenteret til Garborgsenteret. Ingen skulle seia at ho ikkje gjorde alt for sine pasientar. Ho helsa kvikt på butikksjefen nede, tok heisen opp, brukte legekortet til å koma seg inn i kontorkorridoren og der, i løyndaste mørkekrå, hola seg ein hall av kopar.
Kvilerommet.
Avdelingsdirektør Undheim låg til sengs, i ørska. Dei bekymra tilsette sat hos henne. Utstillingsleiaren og museumslektoren hadde begge raude auge og skifta på å halda sjefen i handa. Formidlaren Sorry Jansen, som berre hadde eit vikariat, gjennomgjekk Garborgsenterets tidslinje på Instagram.
Då doktoren steig inn, kikka dei opp. Dei såg at det var alvor, men var ikkje førebudde på det som kom:
«Høyr etter!» sa ho. «Den gule boka Inger hadde nærkontakt med, var Fred omsett til bokmål!»
Utstillingsleiaren og museumslektoren kvitna.
«Ta det roleg,» sa doktor Vold, «kan nokon ordna opp i dette her, så er det meg. Inger er blitt utsett for det me kallar andeleg vald. Dette har i sin tur medført store indre sjokkskader, ein tilstand som gjerne blir plassert i gråsona mellom fysisk og psykisk skade. Skaden sit i kroppen og ikkje i hovudet, difor er han ikkje psykisk. Tilstanden er ein reaksjon på hennar eigen sansefortolking, difor er han ikkje fysisk. Slike tilfelle fell utanfor alle kategoriar og er difor ukjente for legar flest.»
Ho tok eit steg fram.
«Eg er ikkje som legar flest!»
Ho opna legeveska si.
«Eg er doktor Vold!»
Utstillingsleiaren la ansiktet i hendene og gret stille. Doktoren la armen over skuldra hennar.
«Dette vil ta tid,» sa ho. «Ikkje ein gong blod, svette og tårer kan eg lova, for blod og svette er reaksjonar på noko fysisk, medan tårer er ein reaksjon på noko psykisk. Inger må sjukmeldast på ubestemt tid.»
Éin time seinare opna Undheim augene på gløtt. Ho var framleis i ørska, men langt der inne i dei mørkeblåe augene kunne ein ana eit skin av fornuft. Ho sette seg forsiktig opp, løfta peikefingeren og mumla:
«Vikaren min… er …»
Så fall ho langsamt bakover, utslitt, på veg inn i søvnen att. Fingeren vart hengande i lufta og peika mot døropninga.
Og der, i døra, viste seg plutseleg ein diger skugge. Han sa:
«Hekkan, er det her de er? Har de kanskje noko kaffi å tilby ein gammal venn og mordar?»
Oi. Den kom brått. Kan slike ting verkeleg skje? Går det an å koma inn i eit rom for plutseleg å bli utpeika til avdelingsdirektør? Tydelegvis. Det skal bli spennande å følga med vidare og oppleva andre ting som uventa går an.
Til andre ting (4. desember)