19. desember: #målfrid

Ja vel, då. Det er blitt neste dag og du kan lesa vidare. Kva skjer nå? Koss vil det gå med Garborgsenterets avdelingsdirektør, Inger Undheim, som skal behandlast med eksorsisme? Vil vikaren hennar, John Fossmark, bli utnemnd til avdelingskonge og hindra henne i å koma tilbake? Og tenk, bak dette dramaet lurer Riksmålsforbundet med planar om å hacka Garborgsenteret sin Instagram-konto. Det er frykteleg spennande

Snøen fall tett i Knudaheio. Berre ein time etter at John Fossmark og hans lakei hadde forsvunne inn den tunge jerndøra til Jærmuseet sitt hovudkontor, sparka dei henne rasande opp igjen.

Det hadde ikkje gått etter planen.

Faen.

Planen hadde vore å overtala Jærmuseets museumsdirektør til å utnemna vikaravdelingsdirektøren til avdelingskonge eller arveavdelingsdirektør. Slik ville Fossmark sikra seg makta over Garborgsenteret i overskueleg framtid. Dette var naudsynleg i ei tid då Garborgsenteret var truga av utanomavdelingske interesser som bokmål. Riksmålsforbundet hadde allereie begynt sine angrep.

Fossmark hadde sågar møtt opp til oppmøte nede på møtet iført avdelingsregaliane: krone, hermelinskappe og avdelingssepter. Men møtet var berre så vidt begynt då museumsdirektøren, Målfrid Snørteland, vart oppringt av sjefskonservatoren, Målfrid Grimstvedt.

Faen. Faen. Faen.

Ettersom openheit var ein verdi som sto sterkt i Jærmuseet, hadde museumsdirektøren slått på høgtalarfunksjonen så alle kunne få høyra.

«Hei, er det deg, Målfrid?» hadde ho sagt.

«Ja, Målfrid», svarte Målfrid Grimstvedt. «Går det bra med deg, Målfrid?»

«Jau takk, Målfrid. Og med deg?»

«Berre bra, Målfrid. Fint vêr i dag.»

«Neimen Målfrid då, det der var det eg som skulle seia!»

«Var det? Orsak, Målfrid, det går visst i ball for meg.»

«Ingen fare, Målfrid. Det er jo kje så lett å halda oversyn over dialogane alltid.»

«Nei, ikkje sant, Målfrid. Nå, kva var det du skulle seia?»

«Det som du sa, Målfrid.»

«Kva var det eg sa?»

«Men Målfrid, då. Du må høyra etter når du snakkar.»

«Eg beklagar! Då synst eg det er du som skal ha den neste replikken. Kva hadde du i tankane, Målfrid?»

«Jau, Målfrid, nå skal du høyra. Me sit i møte på hovudkontoret; og vikaren for Inger på Garborgsenteret, han John Fossmark, veit du, triangelspelaren som ser så godt ut i flammestillongs, foreslår å etablera avdelingskongedømme. Han har til og med henta avdelingsregaliane. Har han fått dei av deg, Målfrid?»

«På ein måte, Målfrid, han batt meg og putta meg oppi ein stor vase, braut seg inn og tok dei med seg. Men eg høyrde at han signerte dei ut, så då det jo gyldig, på ein måte.»

«Høyrde det? Kva meiner du, Målfrid? Såg du det kje?»

«Eg er framleis oppi vasen.»

«Kva er det du seier, Målfrid!»

«Eg kan kje sjå nokon ting.»

«Er det difor det er slik romklang i telefonen din?»

«Det er nok det, Målfrid.»

«Vel, takk skal du ha, Målfrid. Då veit me det. Det var godt å høyra at det ikkje var noko gale med telefonen din. Dei er dyre å reparera, veit du. Pass godt på han. Og lukke til med å koma deg laus.»

«Takk for det, Målfrid.»

«Då snakkast me, Målfrid.»

«Det gjer me, Målfrid. Du ringer viss det er noko.»

«Ja, Målfrid. Og det same gjeld for deg.»

«Takk, takk. Ha det bra så lenge, då…»

Museumsdirektøren klaska røyret på før sjefskonservatoren rakk å seia «Målfrid».

«Og du,» sa ho til Fossmark, «vil vel kronast av biskopen i Nidarosdomen, du?»

«Ikkje ver dum,» sa Fossmark, «alle veit jo at Napoleon krona seg sjølv – i Notre Dame.»

Etter dette hadde museumsdirektøren vore urokkeleg. Ikkje eit einaste argument tok ho til seg. Ikkje ein gong det at Garborgsenteret trong indre stabilitet i kampen mot ein ytre fiende. Eller at Fossmark var den einaste personen som kunne styra Garborgsenteret, sidan han trass alt hadde styrt i to veker heilt åleine. Meinte ho at erfaring var verdilaust?

«Svaret», sa ho, «er nei. For kven skal tilby stabilitet når di tid er ute? Kven skal vera arvingen din? Har du barn?»

«Arvingen min,» sa Fossmark, «er min assistent, Sorry Jansen.»

«Men han er jo eldre enn deg.»

«Han er mindre enn meg.»

«Han liknar på Garborg. Og Garborg var, som alle veit, gammal! Dessutan har eg høyrt av doktor Vold at han består av recessivt genmateriale. Så kom deg ut, du Fossmark!» ropte Snørteland. «Di tid er ute så snart Inger blir frisk att!»

På vegen opp øydela Fossmark og Jansen fleire antikvariske jærstolar i vilt sinne. Fossmark herpa også ein stumtenar frå Skeidar, som ikkje var gammal, men skikkeleg fin. På pur faen sparka han hol i ein vegg med autentiske holemåleri. Motiva var rett nok berre frå cupfinalen 1987, men dei var skikkeleg autentiske.

Nå sto dei to Garborg-galningane utanfor steinhovudet med snø til midt på leggen. Dei såg seg olmt frå side til side. Nokre hundre meter nedanfor dei, i Knudaheihagen, var Kristin Auestad Danielsen i ferd med å utføra eksorsisme på Inger Undheim. Doktor Vold hadde uttrykt håp om at det kunne gjera henne frisk.

«Dette må me motverka,» sa Fossmark innbitt.

«Ta denne, herr John.»

«Ein revolver? Men Sorry då,» smatta Fossmark, «så kjekt! Kor gøymde du den hen?»

«Eg brukar kje vinterjogg med borrelås for ingenting,» svarte Jansen og pikka på revolverløpet. «Lat oss gå ned i hagen nå, det er dags for utreinskingar.»

Seriemordaren Fossmark tok eit fastare grep om revolveren. Dei bulande fingermusklane bulte noko skikkeleg rundt avtrekkaren.


Er du Inger Undheim? Nei, då kan du slappa av. Alt tyder nemleg på at det er ho som skal beskytast og ingen andre. Vil du sjå på valden? Ta deg ein tur til Knudaheio, men skund deg, ho får behandling med eksorsisme. Tenk om ho blir frisk att før det er for seint? Me meiner for tidleg. Me meiner… det vil seia, me veit ikkje heilt kva me meiner… det vil seia, me meiner dette: følg med, for faen!

Til eksorsisme (20. desember)

Til oversynsside