7. desember: #julehelge

Dette har hendt: Den monumentale, verkelegheitspåtrengande John Fossmark fungerer som Garborgsenteret sin avdelingsdirektør medan Inger Undheim er sjuk. Ho pådrog seg store indre sjokkskader etter nærkontakt med Arne Garborgs Fred i bokmålsomsetjing. Herregud! At ho braut saman er forståeleg! Kven kan stå bak slikt eit brotsverk?

John Fossmark, avdelingsdirektør på Garborgsenteret, og Sorry Jansen, ein formidlar så kortvokst at han nesten var fiktiv, gjekk målretta gjennom snøen i Storgata.

«Me har altså eit problem,» oppsummerte Fossmark, «som kan utradera heile nynorskens eksistens. Får bokmålsmafiaen halda på med dette, vil jærbuen venna seg til bokmål og alt kan skje.»

«Ja,» sa Sorry, «men der det er eit problem som har med litteratur å gjera, må det også finnast ei løysing.»

«Men kor er han då? Ser du han?»

«Løysinga?»

«Ja. Helge Torvund.»

Fossmark og Jansen hadde sjølvsagt ringt til den berømte poeten, litteraturorakelet og ufeilbarlege detektiv i alt som hadde med språk, litteratur og psykologi å gjera. Han hadde svaret på alt, jamvel den vanskelegaste sudokuen i VG gjekk som ein leik for han. Torvund var sjølvsagt nynorskforfattar og til å stola på når det kom til målsaka. Han hadde mellom anna vore toppskårar på gutelaget til Nærbø i 1967.

«Han er til å stola på!» hadde trenaren sagt på årsfesten. «For Helge er mål ei lett sak.»

Sidan hadde han halde seg til målsaka. Til nå hadde Torvund skrive over førti nynorskbøker.

Men kor var han?

Dei kikka til høgre og til venstre, såg framfor seg og bak seg. Fossmark løfta jamvel på føtene for å sjekka at ikkje litteraturdetektiven skjulte seg under sålen hans.

Mange menneske passerte, somme vart ståande litt før dei tok vegen. Ein og annan spurde Fossmark om autografen, men dei forvann fort då han snerra til dei.

«Besynderleg,» snerra han. «Helge er ein mann som held ord. Når han seier at han er i Storgata, så er han i Storgata, det er eg sikker på.»

«Kanskje han er sur for at du beit han i leggen den gongen?»

«Gje deg. Det må ha grodd nå,» sa Fossmark.

Påsken 2013 hadde leggen til Helge Torvund vore framsidestoff i Jærbladet. Fossmark, som på denne tida ennå ikkje hadde fått medisin mot den leie kannibalismen sin, hadde då tatt ein smakebit av poeten.

«Me får spørja julenissen,» sa Sorry Jansen og peika på ein nisse med apekatt i band. Dei samla pengar til folk flest, slike som elles ikkje ville hatt råd til å dela med flyktningar.

Jansen tok eit bilde til Instagram. Det var jo så vakkert. Med snø, julepynt i gata og ein skjeggete nisse med apekatt. Men akkurat idet han knipsa, smelta snøen og nissen løfta på lua.

img_20161105_171915insta2

 

«Helge!» sa Fossmark.

«Ikkje så høgt,» hysja Torvund og sette raskt på seg lua att. «Eg spionerer.»

Helge Torvund var ein skikkeleg luring. Han visste jo alt. Ein gong, då oppfinnaren Vilhelm Skjærpe var blitt kidnappa, var det Torvund som ordna opp. Først visste han kva honorificabilitudinitatibus betydde, dinest hadde han vore klok nok til å spørja Fossmark om hjelp. Så hadde han motvillig smugla Fossmark ut av fengselet. Til sist hadde han gjort som Fossmark sa når dei prøvde å spora opp Skjærpe. På vegen hadde dei kome over det legendariske diktarhjulet. Denne historia hadde ført Fossmark og Torvund så nær kvarandre at det førte til den berømte smakebiten.

Dei var opplagt glade for å sjå kvarandre.

«Javel,» sa Torvund.

«Jaudå,» sa Fossmark.

«Går det bra med deg, John?»

Fossmark nikka:

«Og med deg?»

«Eg har framleis bitemerke i leggen.»

«Så kan du identifisera meg når eg døyr.»

«Det ser eg fram til. Men eg vil kje ha noko merke i den andre leggen òg.»

«Eg tar medisin nå.»

«Godt å høyra. Men det er vel berre mot kannibalismen, det, tenkjer eg. Kva med sinneanfalla, John, tar du medisin mot dei?»

«Doktor Vold seier at sinne er heilt normalt for ein med mitt temperament.»

«Ja, då så. Doktor Vold var jo den beste studenten på medisinstudiet. Men kven er det du har med deg?»

«Dette er Sorry,» sa Fossmark. «Han heiter faktisk det. Han er formidlar på Garborgsenteret.»

«Det er ein utsett posisjon,» sa Torvund. «Dei døyr som fluger, dei formidlarane der. Er han vikar?»

«Sjølvsagt. I tillegg er han fetter av Bongo Jensen; men ikkje einegga, slik som Gonzo Johnsen var.»

«Han liknar ikkje på dei.»

«Sorry er opphoping av recessivt genmateriale.»

«Slikt kan skje.» Torvund rekte handa ut mot Jansen. «Eg takkar deg på vegner av alle med suksess. Hadde det ikkje vore for slike som deg, så ville kje me andre ha vore vellukka.»

«Inga årsak, herr Torvund.»

«Ikkje tenk på det, Sorry. Alle har sin skjebne, særleg du. Nå, koss går det med etterforskinga?»

«Me var nettopp hos politiet,» sa Fossmark. «Dei står utan spor.»

«Då må me finna ut av dette sjølv.»

«Det var det eg håpte på.» Fossmark gnei seg i hendene. «Kor skal me begynna?»

«Med begynnelsen,» sa Torvund. «Kom tilbake i morgon, så skal eg fortelja historia om den norske målstriden. Då vil me kanskje forstå kven som har motiv til å omsetja Fred til bokmål.»

«Men Helge!» Fossmark flekka tennene. «Eg er norsklektor, for faen, eg kan alt om målstriden!»

«Men det kan kje eg,» sa Jansen. «Orsak, herr John, men dette har eg verkeleg lyst til å høyra.»

«Der ser du,» sa Torvund til Fossmark, «så lenge det finst dustar, må me kje slutta med folkeopplysing.»

 


Er du ein dust? I så fall: følg med på folkeopplysinga!

Til opplysing (8. desember)

Til oversynsside