16. desember: #gjenstandssamlinga

Dette har hendt: Den maktglade norskfagsfanatikaren, lokalrocktriangelisten og småkannibalistiske katteeigaren John Fossmark er blitt utnevnt til vikar for Garborgsenterets avdelingsdirektør. Problemet er at han må seia frå seg stillinga når ho blir frisk igjen. Men frykt ikkje, Fossmark har funne ei løysing. Han treng berre å overtala museumsdirektør Snørteland til å endra Garborgsenterets status frå vanleg avdeling i Jærmuseet til arveavdelingsdirektorium eller avdelingskongedømme. For å imponera vil han møta til oppmøte på møte iført avdelingsregaliar. Følg med!

«Køyr fortare,» sa Fossmark.

«Det er berre ein skoda,» sa Jansen.

«Men det er jo ei stasjonsvogn.»

«Det er sant. Du har rett. Eg lovar å køyra fortare neste gong, herr John.»

Jansen parkerte sin mørkeblå skoda utanfor Vitengarden på Nærbø. Han opna døra for Fossmark, og avdelingsdirektøren steig majestetisk ut.

Vitengarden blei kalla «vitensenteret midt i matfatet«, og utstillingane tok utgangspunkt i dei grøne naturvitskapane, jærlandskapet, jordbruket, samt mat, energi og miljø. Fossmark og Jansen dreit i alt dette; dei hasta forbi ein bråte ungar som lo og bråkte og hadde det irriterande kjekt; vidare ned ei trapp, gjennom ei tung dør og ein lang korridor med nakne lyspærer i taket; og der, inst i korridoren: ei dør og ein skranke. Oppunder taket hang eit skilt som viste kva slags kontor dette var. Det var hovudkvarteret til avdelinga for levande historie: GJENSTANDSSAMLINGA.

img_20161110_212255insta

Her oppbevarte dei gjenstandane som ikkje passa inn i profilen til Jærmuseet sine avdelingar. I følgje ryktene kunne ein finna alt frå relikvier til islandske sagamanuskript, dei vises stein, saks og papir, Kåre Willochs babyhår, sjørøvarskattar, vikingskip, Leonardo da Vincis originale flygemaskin, ein og annan mumie, Karl den tolvtes gamasjar, lykketiøringen og fleire forfalska foto av ekte spøkelse.

Når John Fossmark, den største mannen nokon hadde sett, kasta skugge nedover ein lang korridor, kunne det skræma vatnet av kven som helst. Men sjefskonservatoren i Jærmuseet, Målfrid Grimstvedt, var sjefskonservator i Jærmuseet. Ho var ein av direktørane og hadde sett alt. Sjølv fjernsynsteateret i svartkvitt hadde ho sett. Ho hadde nesten likt det. Det var så musealt.

Ho myste uinteressert då Fossmark og hans assistent, den bepukla, men vesle Sorry Jansen, stilte seg framfor skranken. Ho mumla:

«Er det Garborgsenteret som er ute og rek?»

«Eg skjønar at du veit kven me er,» svarte Fossmark stolt, «men lat oss presentera oss likevel. Ver så god, Sorry.»

Jansen løfta ein trompet og spelte «Sporven» etter Catharinus Elling sin melodi – allegro, men utan appassionato. Han proklamerte:

«Frå Garborgsenteret: norsklektor, katteeigar, rockar og seriemordar, kannibal med… nei vent litt, herr John, skal eg ta med det om porno òg?

«Sjølvsagt skal du det,» sa Fossmark, «eg gjorde kje dei greiene der for ingenting. Gode referansar fekk eg òg».

«OK. Høyr etter. Frå Garborgsenteret: norsklektor, katteeigar, rockar og seriemordar, kannibal med måte, trønderhatar og kaffielskar, stjerne i tyske pornofilmar og vinnar av pris for beste enderim: Inger Undheims vikar som avdelingsdirektør: Jooooooooooohn Fossmark!»

«Så det er deg,» sa Målfrid Grimstvedt.

«Med utropsteikn,» sa Fossmark. «Ja, du har treft meg før. Det gjorde nok inntrykk. Nå, kva kan du gjera for oss?»

«Der kom det,» sa Grimstvedt utan å gløtta opp frå papira sine, «Kva kan eg gjera for dykk?»

«Me er ute etter éin spesiell ting. Eller snarare to spesielle ting. Hi hi hi, dei tilhøyrer meg nå. Du veit sikkert kva eg snakkar om?»

Grimstvedt retta på brillene.

«For å vera heilt ærleg, herrane Fossmark,» sa ho og såg oppover, «og Jansen,» sa ho og såg nedover, «eg har ikkje peiling.»

«Så lat meg hjelpa deg litt, Målfrid,» sa Fossmark med griske fingerbevegelsar. img_20161118_175748insta«Det eg vil ha,» kviskra han, «er Garborgsenterets avdelingsregaliar.»

«Mhm,» svarte Grimstvedt. «Så det vil du ha. Og kvifor det, om eg torer å spørja?»

«Dei er mine! Finn dei!»

«Finna dei, seier du? Ja, det gjer du. Då, min gode mann, kan du gjera det sjølv. Dei ligg på Acos.»

«Acos?»

Grimstvedt nikka før ho let blikket forsvinna inn i papira igjen.

«Meiner du sørveren?»

«Jærmuseet er eit moderne museum der alle gjenstandar vert lagra på forskriftsmessig vis. Me har nesten kje bruk for fysiske gjenstandar lenger.»

«Eg har.»

«Jasså du?» Ho såg opp att. «Skal du laga ei utstilling?»

«Eg skal bruka dei.»

«Er du kje klar over at avdelingsregaliane er museumsgjenstandar nå, dei kan kje brukast utan tillating frå sjefskonservator.»

«Kor er denne sjefskonservatoren, då?»

«Det er jo meg. Og det kjem kje på tale å gjeva deg tillating til noko som helst, herr Fossmark.»

img_20161110_212615insta

Augneblinken etter var Grimstvedt bunden og litt basta. Dei stappa henne oppi ein svær vase frå Moses si tid, braut seg gjennom eit par dører og spaserte rett inn i gjenstandssamlinga.

Ein svær hall openberra seg. Fossmark og Jansen måpte. Her var luftskip, varmluftballongar, kaldluftballongar og ballongar som berre ville fly med luft som var lunka; her var romerske galeiar og karibiske skattkister, den flygande hollender, kolumbiegg og bacon, den forsvunne diamant, Perleporten, Jerikos mur, Odins auge, verdas navle, staven til Brå, miniski frå syttitalet, higgsboson, sarkofagar, ein og annan egyptisk pyramide i full storleik, Neros fele og Napoleons hest, Schrødingers katt, katta i sekken og sekken til Oskeladden som kappåt med trollet. Ja, utstoppa troll var her òg, samt speil speil på veggen der, flygande teppe, gåande teppe, liggande teppe, soveposar, det gyldne skinn, Torinokledet, eit falskt torinoklede og eit klede som ikkje var frå Torino ein gong.

«Har du sett, Sorry?» sa Fossmark, «all verdas hemmelegheitar og mest verdifulle ting. Det einaste som manglar er kaffi.»

«Frykt ikkje. Eg har tatt med termos, herr John.»

img_20161118_175514insta


Har du termos? Og kva trur du dei finn? Aasens underbukser? Ibsens ripsbuskar? Lat oss håpa det. Ja, lat oss håpa både det og det. Følg iallfall med i morgon. Ja, følg iallfall både med og både med!

Til begge (17. desember)

Til oversynsside