Episode 6: Det siste ordet?

Dette er saka: Oppfinnaren Vilhelm Skjærpe er forsvunnen og vart sist observert på Garborgsenteret. Garborg-jegeren John Fossmark rømte fengselet for å bistå poeten Helge Torvund i topphemmeleg detektivarbeid. Det er berre Garborgsenteret sine lesarar som kjenner til dette arbeidet. I sist episode møtte dei ei hjelpsam bondedotter som kunne fortelja om mystiske hendingar i Knudaheio. Var dette til hjelp? Sannsynlegvis ikkje. Følg med likevel!

episode 6
Oppfinnaren av Garborgsenterets mest namngjetne installasjonar, den uvanleg gåverike Vilhelm Skjærpe, sat bunden til ein stol og iakttok den stormannsgale formidlaren Bongo Jensen. Skjærpe var høgare enn ein gjennomsnittleg nordmann, men hadde fått ein god omgang juling av den iltre overfallsmannen Jensen – som både klorte, klaup og hylte som ei jente når han slåss. Det var nå gått tri dagar sidan overfallet, og Skjærpe hadde berre uklare og glimtvise minne frå tida etterpå. Han visste berre at han måtte ha sete i den same stolen, at han var inne i ei mølle, samt at overfallsmannen Jensen hadde gjeve han vatn og suppe frå tid til annan.

Han tok seg til skjortelomma.

Alabama?

Han måtte ha mista boka på Garborgsenteret!

Alabama?

Kva ville biblioteket seia? Ville dei krevja 40 kroner om han ikkje fann ho att i tide?

Skjærpe lukka auga, såg for seg den eine bibliotekaren etter den andre. Han stramma kjeven, knytte nevane. Koss skulle han forklara dette? At boka «Alabama?» var vekke. At han ikkje hadde rokke å opna henne eingong. At han ikkje visste om det var ei slik bok han var ute etter.

Alabama? Ei reisehandbok?

Han hadde bestilt Amerika-turen for lenge sidan.

Skjærpe var blitt klarare i hovudet, om enn framleis ganske sliten; og raseriet bobla i han der han sat og såg Jensen pusla i hop det eine ordet etter det andre.

Diktarhjulet.

Enorme ringar låg på golvet, festa til eit gedigent reisverk av tre og metall. Til saman utgjorde det eit slags hjul, og frå dette hjulet var det beste av vestleg filosofi og litteratur skapt. Tri verdsspråk var sett saman på ein så sinnrik måte at sjølv tilfeldig snurring, diktrullett, kunne skapa dei mest vedunderlege strofer. Ein diktarhjultekst var klangfull som ein orkestersymfoni – og inneheldt visdom så djup at mennesket ikkje kunne produsera han åleine. Diktarhjulet var dei store diktarane sin katalysator: ein strengt organisert semantisk mosaikk med tallause funksjonar.

Skjærpe hadde dekoda eit tilsynelatande uforståeleg brev: skrive av Garborg, stilt til Steinar Schjøtt. Han hadde rekna seg fram til korleis hjulet måtte ha vore konstruert og kor Garborg hadde gøymt dei tallause små delane. Ei setning i «Knudaheibrev» – Dei små delane er sjølvsagt i hagen min; grav der, gåsehjerne – hadde fått han inn på tanken om at han kanskje skulle grava i hagen ved Knudaheio. Overraskinga var stor då han fann bit etter bit.

Hjulet hadde ikkje vore i bruk sidan 1899, då Garborg nytta det til å skriva meisterverket «Den bortkomne faderen»; men det kunne føra si historie heilt tilbake til slutten av 1500-talet, då William Shakespeare og Ben Jonson sameinte sine geni med filosofen og kodeknekkaren Francis Bacon. Dei tok utgangspunkt i det engelske språket og skapte litteratur og filosofi verda aldri hadde sett maken til.

På diktarhjulets merittliste sto Romeo og Julie; Hamlet; Shakespeare sine sonettar. Og Bacons Votone; Alkymisten; Sejanus. Jonsons Det nye Atlantis; Essayes; Den nye metoden.

Etterpå kom det i klørne på dei franske brørne Corneille og nevøen deira, diktarfilosofen Fontenelle. Saman hadde dei tilføydd alle orda i den franske encyklopedien.

Med dei kom storverk som Le Cid; Horace og Attila. Ariane; Jarlen av Essex; Timmokraten. Thetis og Pelee; Samtalar om mangfald av verdar; Oraklas historie.

Hjulet vart så stole av den ustyrlege adelsguten Donatien de Sade. Han la straks la til banning og griseord.

Under erotikkens gissel; Justine; Hundreogtjue dagar i Sodom.

Markien hadde opprinneleg tenkt å skriva om berre hundreognitten dagar i Sodom, men diktarhjulet forbetra teksten kraftig. Frå marki de Sade gjekk hjulet til den bråmodne Victor Hugo, som la til ein ring med undertekst.

Frå franskmannens hand og diktarhjulets mekanikk kom klassikarar som Fangen på Munkholmen; Ringeren i Notre Dame; Dei elendige.

Då Garborg fekk diktarhjulet av den gamle Hugo i Paris på 1880-talet, nådde den vestlege litteraturen sitt foreløpige senit.

Bondestudentar; Haugtussa; Fred; Den bortkomne faderen.

Ståande støtt på gigantane sine skuldrer hadde Garborg utvikla hjulet til å innehalda nynorsk. Han hadde lagt til ein ironi-funksjon og ein knapp med dobbel botn. På baksida festa han to spakar for kløyvd infinitiv, samt eit vektlodd for å justera syntaksen. Mindre brukte funksjonar var synonymspegelen, antonymvibratoren, den automatiske metaforknappen og den hemmelege brytaren for skjulte allusjonar. Klisjémoderatoren kunne trenga ein ny pakning.

Bongo Jensen drog i infinitivsspaka. Han let pila peika på a-endingar og klappa hysterisk i hendene. Så festa han repet til eit tannhjul og drog. Langsomt lyfta diktarhjulet seg. Etter nokre minutt sto det nesten loddrett, to etasjar høgt, og Bongo Jensen braut saman i eit hysterisk latteranfall.

Jævla Bongo Jensen.

Vilhelm Skjærpe såg korleis den vonde formidlaren plukka dei siste metallbitane opp frå golvet. Ved hjelp av ei høg gardintrapp begynte han å setta dei på plass. Den eine biten var betrakteleg lenger enn dei andre.

Honorificabilitudinitatibus.

Formidlaren strippa på overkroppen og dansa magedans av rein, skitten glede.

 

Ingerisk

 

«Sjå,» sa Helge Torvund då citroenen svingte nedover mot Lågjæren. Dei skulle til Grødaland, der Garborg hadde henta sand som liten og kor det var ei vindmølle – eit hjul med krefter nok til å driva eit stort og tungt diktarhjul.

Torvund var Jærens uoffisielle hoffpoet og ein kanonisert barnebokforfattar. Den einaste svakheita i forfattarskapen hans var titlane, særleg diktsamlinga «Alabama?». Dette hadde medført at mest ingen visste kva boka eigentleg heitte.

Alabama, kanskje?

Nå peika Torvund fornøgd på sola, ho var i ferd med å klatra over fjellryggen bak dei.

«Høyr lerkesongen, John,» smilte poeten, «ingenting er som ein soloppgang om våren.»

Dei kryssa Flatjæren i ein rasande fart, fòr forbi tettstaden Nærbø, kryssa riksvegen og trilla langsamt inn på den aude landevegen mellom dei spreidde gardane sør for Obrestad. Då frontlysa klatra oppover veggen til det forlatne huset på Grødaland – ved vindmølla – slo Torvund motoren av, bremsa lydlaust og sette bilen i vegkanten. John Fossmark bretta erma opp og kviskra:

«Let’s roll.»

«Hæ?»

«Lat oss rulla, Helge.»

Finn diktarhjulet. Redd Vilhelm Skjærpe.

Dei ålte seg på grusen dei siste metrane mellom bilen og huset. Med ryggen mot veggen, reiste dei seg forsiktig og lista seg bort til vindauget.

Millimeter for millimeter nærma dei seg vindaugskarmen. Til slutt kikka dei forsiktig inn.

Ein augneblink etter såg dei forskremt på kvarandre.

«Herregud!» sa Fossmark. «Det er ingen her!»

 

Ingerisk

 

I Fotland mølle dansa Bongo Jensen sigersdans. Han gjorde høge kneløft og spretne hip-moves. Han var i stand til å ta gjera moonwalk utan å gå bakover. Han var lukkeleg, så lukkeleg. Vikariatet på Garborgsenteret hadde gjeve han alle moglegheiter. Ikkje berre hadde han fått utvikla si skriftlege formidling i nettavisa Den 17de Mai – men guidinga på Garborgheimen, Knudaheio og Fotland mølle hadde gjeve han handlingsrom. Dinest var han blitt kjend med Vilhelm Skjærpe, oppfinnaren som sto bak installasjonane på Garborgsenteret. Då Skjærpe fann sluttordet, slo Jensen til.

Honorificabilitudinitatibus.

Brått høyrde han ein lyd. Skjærpe? Nei, oppfinnaren sat framleis bunden til stolen. Det var forresten tid for å gje han suppe. Det var viktig at Skjærpe var opplagt og konsentrert når Bongo Jensen skulle restarta diktarhjulet for første gong på meir enn hundre år. Bongo Jensen ville bli opphøgd til ein plass mellom store diktarar.

Shakespeare, Garborg og Bongo Jensen.

Bongo Jensen.

Bongo Jensen.

Stordomen gav gjenlyd i formidlarens hovud. Han gnei seg ivrig i hendene.

Først suppe, så sluttordet.

Nei nei, hihihi, aller først ein liten artikkel i Den 17de Mai.

Bongo Jensen vert genial

Vilhelm Skjærpe skar grusomme grimasar då Jensens vonde latter runga gjennom mølla.

Shakespeare, Garborg og Bongo Jensen.

Shakespeare, Garborg og Bongo Jensen.


Oi oi. Kva skal me seia om dette? Kva skjer med Skjærpe når formidlaren vert genial? Må han driva diktarhjulet rundt og rundt som ein hamster? I så fall, lat oss håpa nokon filmar det, det bør bli ein hit på Youtube. Følg med i morgon, så får du svaret – i den siste episoden av påskekrimmen Garborgs galningar og diktarhjulet: Det brenn eit kveldblått lys!