Episode 29: Garborgsenteret opnar!

Dette er saka: Garborgsenterets formidlar Gonzo Johnsen og det unge diktargeniet Nils Henrik Smith har følgt blikket til Veslemøy-statuen utanfor Time rådhus. Det førte dei til Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar i dag. Plassen utanfor yrer av liv. Alle mennene brukar falske Garborg-bartar og alle damene har Hulda-parykkar. Kjende forfattarar kretsar omkring som gribbar. Dei siklar etter tittelen «den nye Garborg». Kven av dei blir det? Kva konsekvensar vil det få for Garborgsenteret. Kva skjer, kva skjer?

Skund deg, du òg! Adressa er Hetlandsgata 11.

Ordførar Kverneland tok farvel med oss og skreid verdig gjennom folkemassen til podiet. Eg og Nils Henrik Smith vart ståande bakerst og glana.

Hundrevis av menneske hadde samla seg i atriet utanfor Garborgsenteret og Høghuset. Nysgjerrigperar hang ut av vindauga som klesvasken i Napoli. Over oss hang skyene tunge som bombefly, men for augneblinken heldt dei skytsen tilbake. Oppe på podiet sto sjefen på Garborgsenteret, Inger Undheim, i lag med direktørane i Jærmuseet, Målfrid Grimstvedt og Målfrid snørteland, ordføraren i Time kommune, Høgres Reinert Kverneland, som hadde stemt på Dei grøne; kulturminister Huitfeldt, kong Harald og dronning Sonja. I trappa sto utstillingsleiaren, og nedanfor henne dei staute og stolte politibetjentane Jan Terje Strand og Leif Rune Salte. Dei stilte seg i rett då ordføraren kom.

I hjørnet utanfor helsestudioet sto byens opprørarar, litteraturhooligansane Frank og Morten sørensen. Dei gjekk i vestar med Torvald Tu på ryggen. Dei hadde lagt ei fisepute på ein benk og forsøkte å få ein eldre mann til å setta seg. Eg lo høgt då eg såg at det var pater Pollestad. Håbuen Pollestad hadde omsett Snorre til riksmål utan tanke på kva Gadamer ville ha sagt om det. Brørne Sørensen forsøkte å trykka han ned på benken, men han rappa til dei med stokken sin og svor eder og galle på bokmål.

I det heile teke var det flust av forfattarar til stades. Håbuar, kleppsbuar og timebuar. Smith sin konkurrent i å bli utropt til den nye Garborg, Einar O. Risa, hadde teke ein pause frå skrivinga av åttebindstrilogien «M.Kanne & Sønesøn»; Tor Obrestad åt pølser med alt, særleg ketsjup; Svein F. Hestvaag undersøkte Garborg-barten han hadde fått utdelt; Ingrid Z. Aanestad kom løpande frå togstasjonen; Heidi Strand Harboe heldt mannen sin, Leif, i handa; Helge Torvund tasta noko på telefonen, sikkert ei twitter-melding; og Nils Henrik Smith sto der i lag med meg.

Me venta på stadfestinga av at det var han, Nils Henrik – ingen ringare, som var den nye Garborg. Han skulle omdøypa senteret til Smiths bestevener og gje meg fast stilling som formidlingssjef.

Dette gledde eg meg til. Eg håpte eg skulle få betre løn og fleksitid.

Kjende eg Nils Henrik rett, ville eg få lov til å bruka spanskrøyr på ringevikarane òg.

Eg kunne ikkje nekta for at eg var lukkeleg. Etter ein del motgang, såg det endeleg ut til å gå min veg. I utgangspunktet hadde det vore tri kandidatar til tittelen som ny Garborg: Nils Henrik, Einar O. Risa og Jan Zahl. No var Zahl død, mest på grunn av lesarbrevforfattaren John Fossmark sine kyniske ambisjonar. Fossmark hadde overfalle Nils Henrik òg, som heldigvis hadde kome seg unna. Den siste kandidaten, Einar O. Risa, var det ingen grunn til å ta alvorleg – sidan han berre skreiv på verdas lengste trilogi, noko gamle Garborg aldri ville ha funne på. Så skjøna då Risa heller ingenting av det som var i ferd med å skje. Han rusla omkring med hovudet plassert på toppen av sitt lange legeme og slikka i seg sukkerspinn.

Då gjekk døra opp frå Arne & Hulda frisør.

Ut kom det monumentale legemet til John Fossmark. Han hadde skrelt seg på hovudet. Han hadde Garborg-barten på. Han hadde skumle planar – hadde eg ikkje visst betre, ville eg ha trudd han var den nye Garborg. Han tok ei avis fram frå baklomma, opna han og leste. Eg kunne sjå at det var Jærbladet, ekstrautgåve. Fyrst trudde eg dei hadde gjeve ut eit ekstra bilag i samband med opninga av Garborgsenteret. Så fekk eg auge på overskrifta. Det sto: EXTRA Einar O. Risa avbryter Kanne-trilogien etter berre fire bind. 25. september kjem den sjølvstendige romanen «Maskineriet. Listene».

Nils Henrik såg det same. Han snappa han i seg ei flue som som flygande forbi. Han var i sjokk.

«Kven vert no den nye Garborg?» gispa eg.

Inger Undheim hosta i mikrofonen. Me tidde, alle saman. Ho smilte, ho var lukkeleg. Dette hadde ho venta på så lenge. Medan me andre sov, hadde ho arbeidd for dette i all løyndom. Det kunne verka urettvist at ho hadde gått bak ryggen vår på den måten, men i dag skjøna eg kvifor.

Ho var så stolt. Det var vel fortent.

Ho takka publikum for oppmøtet, og me klappa for oss sjølve. Så gav ho ordet vidare til direktørane i Jærmuseet. Dei roste Inger for innsatsen og takka publikum for oppmøtet. Me klappa for oss sjølve. Så var det ordføraren sin tur. Han takka for oppmøtet, me klappa, og lovte at viss han vann det neste valet òg, så skulle han sleppa ut barten. Me klappa sånn måteleg. Han avslutta med ein liten appell til fordel for Dei grøne. Eg registrerte ikkje noko klapping for det. Dronning Sonja sa òg nokre ord, blant anna takka ho for oppmøtet, me klappa heftig, og så gav ho ordet til kong Harald. Kongen takka Sonja; ho klappa. Deretter minte han folket om at han hadde nemnt Garborg i ein nyttårstale, og sa at dette ville gjenta seg viss han ikkje snart fekk ein ny taleskrivar.

Me klappa. Kongen leverte alltid det me forventa av han.

Politiane Strand og Salte lyfta eit snøre, og utstillingsleiaren gjekk bort til kongen med ei saks.

«Kjære godtfolk,» sa Undheim. «No skulle me ha opna Garborgsenteret. Men store ting har hendt i verda.» Spenninga var andelaus. «Me har fått ein ny diktar!»

Stor jubel, men ein og annan peip, sannsynlegvis av glede.

«På nettsidene våre den siste tida har me sett noko heilt nytt,» sa Inger. «Ein artikkel av uante dimensjonar. Me har sett korleis det er mogleg å kombinera sakprosa med spenning, berre det skjer noko spennande. Me har fått fylgja med på kaldblodige drap, biljakter, mystiske måleri og ukontrollert hekkan. Alt sydd i hop som ein Gonzo-artikkel med poetisk språk. Med dette,» sa ho og gjorde teikn til kongen, som straks vakna og klipte snora; «erklærer eg Gonzosenteret for opna!»

«Gonzo! Gonzo! Gonzo!»

Folk var heilt i ekstase.

«Kom opp, kjære formidlar!»

Eg brøyta meg ivrig veg mot podiet. Det var ikkje lett, alle skulle ta på meg. Då eg gjekk opp trappa vart jubelen elektrisk. Håret reiste seg. Ungane forsøkte å røra ved meg, dei unge kvinnene kasta undertøy til meg, gamle menn knelte og velsigna meg.

Dei to politibetjentane lyfta meg opp på gullstol. Den eine av dei kviskra «hugs, du er ikkje eit menneske.»

Den andre fulgte opp: «Du er den nye Garborg no.»

Hunden deira logra venleg.

«Mine damer og herrar,» sa Inger då eg inntok podiet og stilte meg opp ved sida av henne; «lat meg presentera: Gonzo Johnsen! Vår største forfattar!»

Eg gav henne ein skikkeleg klem, det hadde ho fortent. Ja, kulturministeren òg. Så hyggeleg! Og dronning Sonja, hei hei! Og kongen ja, eg klaska han kameratsleg i ryggen – og stilte meg ved mikrofonen.

«Takk,» sa eg, «tusen hjarteleg takk, alle saman.»

Eg rekte armane i vêret og såg utover folkehavet. Dei smilte. Dei jubla. Konfettien dalte ned frå Høghuset, alle helsa og klappa for meg. Korpset spelte den nykomponerte Gonzo-marsjen. Herborg Kråkevik song «Gonzo, kjempers førstemann». Det glimta overalt. I musikkinstrument, i blitsar, i auga – i den velkjente revolveren John Fossmark no tok opp ifrå lomma si.

Det var det siste eg såg før det smalt.

_________
Takk for alt,
Gonzo Johnsen
Den nye Garborg
Gonzosenteret

Til oversynsside
Neste: Til deg