Episode 30: Til deg

Dette er saka: Den dagen Garborgsenteret skulle opna dørene, vart det klårt at formidlaren Gonzo Johnsen var ein betre og meir fullendt forfattar enn Arne Garborg. Avdelingsleiar Inger Undheim opna difor Gonzosenteret i staden for Garborgsenteret. Dette lika ikkje den talentfulle lesarbrevforfattaren John Fossmark. Her kjem hans versjon.

Kjære alle saman

Den siste tids hendingar har gått inn på nokon einkvan. Ikkje minst meg. Etter drapet på Gonzo Johnsen har eg fått mange reaksjonar. Nesten alle negative, men nokre positive òg. Fotballdommar Einar Heien skreiv ein personleg SMS til meg, der han meinte at Johnsen fekk som fortent. Heien hadde kjent seg uthengt i lang tid, og dødsfallet var til stor letnad for han. Eg har òg fått nokre nye vener. Brørne Frank og Morten Sørensen sa dei hadde hatt ei høne å plukka med Johnsen, og ville takka meg for at han no er død. Dei sa òg at dei hadde funne ein ting dei trudde tilhøyrte meg. Eg skal få han når dei er ferdige med han. Skikkeleg greie karar altså. Foreldra mine har òg vore innom og sagt at dei framleis er glade i meg.

Men, eg må jo innrømma det, dei fleste reaksjonane har vore negative. Nokre har vore av det prinsipielle slaget, som at ein ikkje skal ta liv, osb. Eg tek ikkje dét så tungt. Verre er det med alle som meiner at Johnsen var ein verkeleg god forfattar, at eg har øydelagt ein som kunne ha skapt evige kunstverk, at eg tok livet av ei legende. Slike utsegner gjer meg trist. Og eg vil gjerne ta til motmæle.

  1. Det som er blitt rekna som det litterære høgdepunktet i Garborgs galningar, nemleg episode 14, «Jan Zahl er død», der forteljaren på «ein genial måte vekslar mellom notid og fortid» (sjå Vindaugets ekstrautgåve 09/12), var aldri ført i pennen av Johnsen, men av meg. Johnsen var på nippet til å sovna, og hadde berre kladda usamanhengande avsnitt, då eg tok saka i eigne hender og fullførte teksten.
  2. Mange har rost Johnsen for glimrande dramaturgi. Dette er latterleg. De må hugsa at Garborgs galningar ikkje er dikt, men sakprosa. At Einar Heien bemerkelsesverdig ofte dukka opp på kritiske tidspunkt er noko Heien skal ha æra for, ikkje Johnsen. Johnsen har berre skildra det som faktisk hendte. Den dramatiske oppbygninga tok røyndomen hand om, i hovudsak eg. Det er vanskeleg å sjå for seg korleis Johnsen skulle ha opplevd det han gjorde, om det ikkje var for meg. Det var eg som tok kontakt med han, det var eg som eigde biletet, eg som skaut Jan Zahl, eg som stal den raske traktoren, osb. Johnsen gjorde lite anna enn å fylgja etter.
  3. Det er mange feil i «Garborgs galningar». Språklege feil, sjølvsagt, men faktafeil òg. Nokre av dei alvorlege. T.d. skreiv Johnsen at det var eg som ville sjå plastikksteinane med lys i (sjå episode 18), dette er feil. Det var Johnsen sin idé. Fleire gongar har han feilsitert meg òg. I episode 16 gjev han meg replikken «Kva gjer du?» Det rette skal vera «Kva er det du gjer?» Slike ting er knapt nok verdig ein Knausgård. Og Knausgård har, så vidt eg veit, enno ikkje fått noko eige senter.
  4. Avdelingsleiaren ved Gonzosenteret, Inger Undheim, sa i grunngjevinga for avgjerda at Johnsen hadde nytta massemedia på ein utstrakt og nyskapande måte. Vel, frøken Undheim, dét har eg òg gjort – men får eg noko eige senter? (Viss nokon treng prov for påstandane mine, kan dei legga meg til som ven på Facebook, eg har lagra alle lesarbreva mine som notat.)

Til slutt vil eg berre seia at eg støttar ordførar Kverneland sine ord om at det offentlege ikkje kan ta seg råd til å halda Gonzosenteret i live stort lenger. Dette tykkjer eg er ei riktig vurdering. Til dømes er det mykje som trengst av utbetringar her eg sit.

_____________
John Fossmark
Åna kretsfengsel

PS! I oktober kjem Trette Menn ut med ny CD. Av naturlege årsaker er det ikkje eg som syng, men det har eg heller aldri gjort (eg speler triangel). Dei gjenverande medlemane har valt å gå over til Gonzo-tekstar. Dette respekterer eg. Dei skal laga låtar av fylgjande episodar og anekdotar: «Krøller og kulehol», «Med ræva i gir», «Hjå han John», «Ut og et», «Torvald Tu», «Jan Zahl er død», «Klasserom 22», «Sel eller kval», «Blikket flakkar» og «Helsing Arne». Albumet skal heita Rocktum. Eg vonar folk vil støtta opp om denne utgivinga, då overskotet går til regnskogen (eg berre tullar, det går sjølvsagt uavkorta til Trette Menn).

The end

Manus

Ørjan Zazzera Johansen

Produsert av

Garborgsenteret/ Ørjan Zazzera Johansen

2012

Garborgs galningar finst ì bokform og. Les meir her
Vil du vita kva som hendte sidan? Les Garborgs galningar og diktarhjulet