Ein gammal spådom seier at «den dagen Garborg veks inn i himmelen, skal ein ny diktar koma.» Dette likar formidlaren på Garborgsenteret, Gonzo Johnsen, og ein dominerande norskfagsfanatikar, lektor John Fossmark, dårleg. Dei fryktar at den nye Garborg skal overskugga den gamle. Følgjene av dette er skræmande: Garborgsenteret kan måtta stenga før det offisielt har opna og Arne Garborg kan detta ut av læreplanen for den vidaregåande skulen.

FotoshotBokformDei to Garborg-jegerane bestemmer seg for å identifisera den nye Garborg og uskadeleggjera han. Jakta tek dei frå Garborg-monument til Garborg-monument; samtidig som dei må flykta frå Torvald Tu-tilhengarar og politibetjentar som er gysla gode til å setta krokfot. Johnsen og Fossmark møter forfattarar, kongelege, Hulda Garborgs gjenferd og ein bonde som er skikkeleg grei.

Herregud, så spennande! Les Garborgs galningar!

Vil du ha han i bokform, sjå her. Sjå Jæren fås i Jærmuseet sine butikkar (m.a. på Garborgsenteret) og i lokale bokhandlarar.

Les meir hos Jærbladet og Stavanger Aftenblad eller sjå innslag frå NRK. Den digitale versjonen finn du her.

Medverkande John Fossmark, Nils Henrik Smith, Einar O. Risa, Jan Zahl, Gunhild Hammeraas, Inger Undheim, Torfinn Edland, Erling Dagsland, Ivan Storm-Juliussen, Frank og Morten Sørensen, Leif Rune Salte, Jan Terje Strand, Ole Martin Hillesund, Sigbjørn Reime, Målfrid Snørteland, Målfrid Grimstvedt, Reinert Kverneland og Gonzo Johnsen m.fl.