Episode 18: Rocktum

Dette er saka: Ein fast tilsett formidlar ved Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar grueleg snart – har i lag med ein lærarvikar på Bryne vidaregåande skule teke livet av Jan Zahl. Politiet er på sporet, men dei har iført seg falske Garborg-bartar og er umoglege å kjenna att. Mot slutten av førre episode lærte vikaren klasse 2C å prompa. Dette skjedde i klasserom 22.

Fossmark skreiv ei lang lekse på tavla. Til tysdag skulle elevane lesa «Knudaheibrev», «Kolbotnbrev» og «Labråtenbrev» – og samanlikna dei med Karl-Ove Knausgårds seksbindsverk «Min kamp». Når dette var gjort skulle dei analysera syntaksen si utvikling frå fyrste til siste bok, hjå begge forfattarane. Hovudspørsmålet var om det var mogleg å halda på rytmen over så mange år, om det i det heile tatt var ønskjeleg; eller om endring i rytme og klang rett og slett var eit verknadsfullt og resepsjonsestetisk verkemiddel som tydeleggjorde det ekspresjonistiske utviklingsperspektivet innan modernistisk og postmodernistisk realisme.

Elevane jubla. Dei sette i gang med stor entusiasme. Dei skjøna ikkje at spørsmålet var leiande og smilte frå øyre til øyre. «Endeleg ei skikkeleg oppgåve!» høyrde eg ei av jentene seia. Fossmark tok meg om skuldrene og førte meg ut derifrå.

Me forlet skulen og gjekk ned frå Skulehøgda. Me skulle til Fossmark si leilegheit for å finna fjerdeutgåva av Arne Garborg sin profetiske diktsyklus «I Helheim». Han budde øvst i Slottsblokka på sjølvaste Brynehaugen, den mest Garborg-fanatiske delen av byen. Men fyrst måtte me sjå plastikksteinane med lys i – to av dei var i Storgata og hadde bilete av Arne og Hulda Garborg. Det var lenge sidan Fossmark hadde sett dei no, sa han. Han hadde tenkt på dei heile natta, men hadde ikkje fått tid tidlegare på dagen. For min eigen del tykte eg det var heilt greitt, eg hadde heller ikkje sett dei på ei stund – ikkje sidan i går morges då eg gjekk for å besøka Fossmark. Det var den turen som hadde sett det heile i gang, som hadde ført til at Jan Zahl vart drepen, at eg og Fossmark vart drapsmenn, og grunnen til at me framleis nytta falske Garborg-bartar for at ingen skulle kjenna oss att.

Me fann steinane. Det var skikkeleg morosamt. Når ein tråkka på dei, så blunka dei. Ja, Arne og Hulda blunka til kvarandre.

«He he,» sa Fossmark.

«Hi hi,» sa eg.

Så gjekk me vidare. Me tok snarvegen over Kongobrua, forbi hotellet og Bryne kyrkje, og ankom Slottsblokka frå toppen av Brynehaugen.

Me sleit oss opp gjennom trappehuset. Det draup svette av meg, men Fossmark var heilt turr. Eg let vera å spørja, men gjekk ut frå at han ikkje var blitt mindre gira på å finna og uskadeleggjera den nye Garborg sidan sist. Fossmark hadde eit nær religiøst forhold til Garborg, han såg på diktaren som sin velgjerar. Frå ein posisjon på himmelkvelvinga sytte gamle Garborg for Fossmark sine spesielle evner, det var eg sikker på.

Eg skulle berre ønskja at Garborg såg min veg snart.

Medan Fossmark leita etter fjerdeutgåva, i ei eske full av gjeldsbrev og kjærleiksbrev som stamma ifrå mormora, merka eg meg ein noko snodig dings i bokhylla. Det såg ut som eit slags erotisk verktøy, men bar ein plakett som antyda at det var ein premie han hadde vunne.

Eg lyfta han opp mot taklampa og studerte han frå alle vinklar.

«Kva i all verda er dette?» spurde eg. «Det ser ut som ei…»

«Ikkje sei det!» sa Fossmark. «Eg likar han ikkje. Det var berre noko eg vann i Trøndelag, ser du.»

Eg las opp frå plaketten:

«Rocktum?»

«Det var ein festival,» sa Fossmark. «No har han skifta namn til Orkdal-festivalen eller noko anna kjedeleg; men då var han nyskapande og radikal. Det hadde seg slik at eg i ein kort periode var tysk pornostjerne, og på denne tida fekk studentbandet mitt invitasjonar til diverse stemne.»

«Var du tysk pornostjerne?»

«Ikkje ta den tonen der til meg!» sa han. «Men ja, i Trondheim trudde dei at alle som skarra på R-ane kom frå Bergen eller Tyskland. Og sidan eg ikkje var ifrå Bergen, måtte eg vera ifrå Tyskland. På denne tida hadde eg lite pengar – det vart mykje kneipp og ketsjup, for å seia det slik – og då er det fort gjort å hamna på galne sida. Særleg i Trøndelag, det kan eg lova deg. Plutseleg var det nokon som sette ut eit forferdeleg, vondsinna rykte om at eg hadde eit seksuelt forhold til den mannlege vokalisten min.»

«Falske rykte er noko av det verste ein kan bli utsatt for,» sa eg.

«Dette var kje falskt, berre forferdeleg og vondsinna. Ettersom eg og vokalisten hadde… Eg snakkar kje meir om det. Og sidan han og eg tok fram våre… Eg snakkar kje meir om det heller. Uansett, me møtte opp på Rocktum-festivalen og spelte to konsertar der. Ein på fredagen, då me var hovudattraksjon, og ein på laurdagen då me var oppvarmingsband for eit band som hadde varma opp for Return året før. Dei hadde eit visst namn, dette bandet, sjølv om eg ikkje hugsar kva det var – og dei var jækligt gode.»

«Kva har dette med tida som tysk pornostjerne å gjera?»

«Ikkje mykje, Gonzo. Eg måtte berre seia det medan eg hugsa det.»

«Premien då?»

«Grunnen til at eg ikkje likte han, var at me ikkje fortente han, skjønar du. Me vart utropt til vinnarar i kategorien for beste enderim, noko som provoserte meg. Me hadde jo ikkje skrive songane sjølv, men snikra i hop eit repertoar som best me kunne av melodiar frå Haugtussa. Du veit, dei vanlege. Så eg ville dedikera premien til Arne Garborg, ser du, men då skal eg helsa og seia det vart rabalder.»

På dette tidspunktet gjorde Fossmark ein strålande imitasjon av rabalder. Det var ikkje utan grunn at han ein gong vart ungdomsskulemeister i mimespel.

«For,» sa han, «det var ikkje lydrim dei hadde premiert oss for i det heile tatt, men endane våre. Dette var vanskeleg for oss å forstå den gongen; men eg og bassisten, ein feit fyr frå Grong, hadde prikk like romper. Så då meinte dei i juryen, med sin sjuke humor, at det var enderim me dreiv med.»

«Og då fekk de denne?»

«Eg gjekk med på å ta imot han då eg skjøna korleis ting hang saman. Dei var ikkje ute etter å dissa Garborg i det heile.»

Han tok premien til seg, vòg han i handa.

«Eg og bassisten hadde like endar,» sa han. «I vide bukser var det plent umogleg å skilja oss. Her,» sa han og kasta premien mot meg. «Behald han. Mine dagar som homohelt er over.»

Han rota vidare oppi eska.

«Evreka!» ropte han. «Eg visste eg hadde sett ho her i går.»

Han heldt boka triumferande opp over hovudet.

«Fjerdeutgåva!» ropte me i kor.

_________
Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Fast tilsett
Garborgsenteret

Til oversynsside
Neste: Hekkan!