Episode19: Hekkan

Dette er saka: Ein fast tilsett ved Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar i desse dagar – har saman med ein viss lærarvikar teke livet av journalist og forfattar Jan Zahl. Politiet jagar dei, men mordarane har iført seg falske Garborg-bartar og er umoglege å kjenna att. Mot slutten av førre episode fann dei fjerdeutgåva av diktsamlinga I Helheim, og no jaktar dei på garborgske spådomar.

Ein viss John Fossmark, vikar på Bryne vidaregåande skule, og eg, fast tilsett ved Garborgsenteret, hadde funne fjerdeutgåva av «I Helheim» i ei eske han hadde arva av mormor si. Me visste kva me skulle gjera. Ganske fort bladde me oss fram til side 95, der me – som vanleg – fann ei endring etter den velkjende allusjonen til psevdonymet Alf Buestreng. Det sto:

Ein Alv spela
paa eigne Strenger
Han tvang Fela
t’aa strekkjast lenger.

Og deretter:

Om Du er vaksen eller ung
eller kanskje berre Barnet
Følg Blikket mitt, Ven
helsing Arne.

«Kva meinte Garborg med dette?» sa eg til meg sjølv. Eg stilte meg framfor det mystiske Garborg-portrettet som Fossmark hadde på veggen.

Det var datert til 1943 og temmeleg skummelt, all den tid Garborg dødde allereie i 1924. Dessutan hadde diktaren tri kulehol i panna, noko ingen hadde teke ansvar for. Eg klødde meg på haka og såg tenksam ut, eg hadde sett på film at slikt kunne hjelpa. Eg stirte Garborg i augene. Kva meinte du, Arne? Kva ville du med dette?

Brått mintest eg at mormora til Fossmark, ho som hadde tileigna seg biletet for ein pris ho aldri ville tilkjennegje, ein gong hadde teke biletet med seg til Knudaheio og hengt det over tri samsvarande kulehol i veggen på loftet.

Då hadde blikket til diktaren flakka.

Mormora, ei tøff dame av den typen som vann verdskrigar utan å få gangsperr, hadde følgt Garborg-blikket og funne ein inskripsjon i treverket.

Der kunne det vera meir å henta.

Følg Blikket mitt, Ven.

«John!» sa eg. «Evreka!»

«Er det no du skal seia at me må ta med oss biletet til Knudaheio og finna kulehola i veggen på loftet og henga biletet over dei og sjå om augene flakkar og endeleg få svar på alle spørsmåla våre og fleire til?»

Helsing Arne.

«For å seia det slik,» sa Fossmark, «eg skjøna korleis det hang saman allereie i natt. Eg er temmeleg intelligent, ser du. Dessutan var det jo då eg fann fjerdeutgåva fyrste gongen.»

«Men John,» sa eg, «då hadde me vel ikkje trengt å reisa innom her eingong?»

«Jau, Gonzo, eg hadde så lyst til å visa deg pappeska med mormor sine brev i. Det er så sjeldan nokon ser den. Sjå her.» Han dreidde eska sakte rundt. «Er den ikkje fin? Tusjmerka var det eg som laga, då eg var liten og hadde ein gul periode. Det er roser, ser du. Eg var eit skjønt barn, Gonzo, så lenge det varte.»

Han fullførte:

«Straks eg vaks opp, vart eg heilt umogleg å ha med å gjera.»

Like etter kjørte me i full fart mot Undheim. Fossmark sette på ei plate av Trette Menn – og i baksetet hadde me begge klenodia: portrettet av Arne Garborg og premien Fossmark hadde vunne på Rocktum-festivalen. Han hadde gjeve han til meg, slik at han vart kvitt han. Han var ikkje fin. Det tykte eg ikkje premien var heller. Me svingte ut på riksvegen; men ikkje før kvininga hadde lagt seg, så svingte me av igjen. Fossmark slo tidleg av motoren, og me trilla lydlaust inn under nokre buskar, like ved eit byggjefelt.

«Me er jo kje ute av byen eingong,» sa eg.

«Det er noko eg må sjekka,» sa han. «Snart helg, ser du. Eg vert så nysgjerrig.»

Han vinka meg etter seg, og me lista oss inn i eit skogholt. Han tok til å klatra i eit nokså høgt tre, og eg såg ikkje anna råd enn å fylgja etter. Der oppe var det god utsikt, både mot havet og inn i ein einebustad.

«Ssjj»» sa Fossmark. «Ikkje fis, er du snill. Me må vera heilt stille. Ser du det vindauget der?»

Eg nikka.

«Ser du han med skjegget?»

Det var knapt nok mogleg å avgjera om den menneskeliknande skuggen der inne hadde skjegg; men så, etter ei lita stund med intens stiring, kunne eg klårt og tydeleg skjelna han ifrå omgjevnaden.

«Det er…»

«Hysj!» avbrøyt Fossmark. «Eg veit jo kven det er, din dust, det var eg som viste deg han. Ligg stille no.»

«Korleis visste du kor han budde?» spurde eg.

«Eg følger han på Twitter. Det er sabla enkelt.»

«Smith òg?»

«Nei nei, han følger eg gatelangs. Han tok toget sørover tidleg i dag tidleg, han skulle sikkert tilbake til Europa. Interessant fyr. Ambisiøs. Temmeleg Garborg-lik.»

Han tok ein kikkert fram frå jakkelomma og konsentrerte seg grundig.

«Kva ser du no, John?» spurde eg. «Er Risa den nye Garborg?»

«Ikkje ver tåpeleg, Gonzo. Det går ikkje an å sjå slikt gjennom ein kikkert. Me er her fordi eg likar å sjå tippekampen direkte. Eg må vita kva det er han skriv på. Då me var på Tjemsland i går, sette eg førti kroner på oddsen. Eg tippa at firebindstrilogien «M. Kanne & Søn» skulle stoppa der, på maks fire bind altså. Så gjekk eg inn på Twitter og las at han var i gang med eit nytt manus. No vil eg vita kva det er.»

Han kneip leppene i hop og stirte intenst gjennom kikkerten.

«Oi oi, han gjev manuskriptet ein tittel i denne augneblinken. Kva er det han skriv, kva er det han skriv? Ai! Den der var ikkje god.»

«Ein dårleg tittel, John? Kva då?»

«Dårleg for meg», sa Fossmark. «Den nye boka skal heita «M. Kanne & Sønesøn». Då kjem det vel fire bind til i same trilogien, fryktar eg. Fire baklengs i same slengen, snakk om stortap. Det var førti fine kroner ut av vindauget, det.»

Han pusta tungt, men ikkje lenge.

«Kanskje eg kan spela kvitt eller dobbelt?» funderte han. «Eg vil setta åtti kroner på at dette vert den mest omfattande trilogien verdslitteraturen nokon gong har sett.»

Han såg alvorleg inn i kikkerten.

«Louis Masterson, ta deg ei bolle.»

Så ålte han seg inn mot stammen.

«Men no må me vidare. Me har ein forfattar å redda.»

Han tenkte nok på Garborg.

«Ja. Og ein å drepa,» sa eg, og tenkte på Smith eller Risa.

«Jepp,» sa Fossmark, «og eg gler meg sjølvsagt til det. Men denne gongen må me ta oss tid til å torturera litt. Me må senka tempoet. Alt går så fort i våre dagar.»

Akkurat då eg skulle til å sleppa meg ned til greina nedanfor, tok Fossmark tak i meg, han pressa meg flat mot greina me sat på. Eg skulle til å protestera, han hadde jo nettopp sagt at me skulle gå – og så sytte han plutseleg for at eg ikkje kunne røra meg! Han peika ned mot sykkelstien med sin kraftige, dirrande peikefinger – og kviskra lågt inn i øyret mitt.

«Sjå, det er Torvald Tu-tilhengarar.»

Brørne Sørensen var ute på hekkan.

_________
Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Fast tilsett
Nasjonalt Garborgsenter

Til oversynsside
Neste: Traktor-action! Følg med!