Episode 20: Traktor-action

Dette er saka: Ein fast tilsett ved Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar i desse dagar – har saman med ein viss lærarvikar teke livet av journalist og forfattar Jan Zahl. Skjult bak falske Garborg-bartar var dei på veg til Knudaheio for å løysa eventyrlege mysterium, men dei stogga på vegen for å kikka inn gjennom vindauget til forfattar Einar O. Risa. Medan dei gøymte seg i eit tre, kom nokre Torvald Tu-tilhengarar gåande, sannsynlegvis ute på hekkan. Dette kan bli stygt, følg med!

Eg var fanga i eit tre saman med John Fossmark, lærar og revolverdesperado. Me hadde spionert på Einar O. Risa, og avdekt at Kanne-trilogien ville koma opp i minst åtte bind, noko som var dårleg nytt for slike som hadde sett pengar på at han skulle gje seg etter fire. Men medan me sat der blant greinene og gøymde oss, iført falske Garborg-bartar slik at ikkje politiet skulle kjenna oss igjen, kom to pøblar forbi. Det var Torvald Tu-tilhengarane Frank og Morten Sørensen som var ute på hekkan. Bak dei var alle lyktestolpane sløkte; og no, når dei hadde fått auge på Fossmark sin sølvgrå Renault frå 1999, kunne me sjå at dei fråda. Dei banna så lukkeleg og grovt at Fossmark og eg spontant heldt oss for øyrene og nynna «Gud signe Noregs land»:

Gud signe Noregs Land,
kvar Heim, kvar Dal og Strand,
kvar Lund og Lid.
Han lat» det aldri døy,
han verje Bygd og Øy,
han verje Mann og Møy,
til evig Tid.

Det hjalp. Ein augneblink pusta eg lettare, men så steina dei bilen noko grassat.

Det singla i glas og vart store bulkar i karosseriet. Dei bøygde panseret ved hjelp av muskelkraft – det vart ståande rett opp og gjorde bilen umogleg å kjøra.

«Sånn,» høyrte me frå munnen til Morten Sørensen. «No kan dei ikkje kjøra meir.»

Eg spurde Fossmark om brørne kunne vita at bilen var hans. Han stønna ulukkeleg.

«Nei nei,» sa han. «Det var vel helst på grunn av klistremerket i bakruta. Eg kjøpte eit slikt Garborg er best, ingen protest; det var dumt av meg. Ein rein provokasjon, sjølvsagt.»

«Onkelen min har Skrekk og gru: Torvald Tu,» sa eg.

«Det er jo livsfarleg,» kviskra Fossmark.

Brørne Sørensen tok high five, og ein av dei stakk armen inn gjennom den knuste bakruta. Heldigvis let dei det mystiske portrettet av Arne Garborg ligga, og vart i staden ståande og sjå undrande på den premien Fossmark hadde vunne på Rocktum-festivalen i Orkdal.

«Sjå, Frank,» sa Morten. «Den var løyen.»

«Kva står det?»

«Rocktum

«Kva kan dét vera?»

«Ser du kje det?» sa Morten; og forklarte broren kva det var han sto og holdt i.

Frank sleppte premien med det same. Så tok dei kvarandre i hendene og dansa i heksering. Dei song annakvar strofe frå Tu-songen «Myrfibel»:

«Løie å stå her!»

«Rikka å gå her!»

«Sjå på når blommane vogga i vinn!»

«Solstråle kransa!»

«Glitra å glansa!»

«Spela å spinne å spola seg inn!»

Dei klukka nøgd, tok high five og istemte «konge» og «good».

Fossmark heldt seg for øyrene og resiterte nokre linjer frå «Jesus Messias». Brått trudde eg dei hadde høyrt kviskringa hans – for dei skunda seg mot treet me gøymte oss i.

«Eit epletre,» sa Frank.

«Me får kje eple enno,» sa Morten.

«Me går på slang likevel.»

«Ja, kvifor ikkje?» sa Morten, «eg likar å rista.»

«Eg òg,» sa Frank.

«Eg mest,» sa Morten.

«Næ-hei,» sa Frank.

Så rista dei noko ofseleg. Dei nytta båe hendene og rista det dei var karar om. Oioi, tenkte eg. No fell eg.

«Lat oss sjå om noko fell,» sa Frank. Det var det siste eg høyrde.

Då eg kom til meg sjølv hadde eg gysla vondt i kneet. Eg klarte likevel å stabba meg opp på føtene, og det same gjorde Fossmark. Utslått på marka låg brørne Sørensen. Mellom dei låg Rocktum-trofeet og to falske Garborg-bartar.

«Kva hende?» spurde eg.

«Du klarte ikkje å halda deg fast. Du datt som ei fillerye oppå den eine av dei. Då eg såg dét, kasta eg meg over den andre.»

Han skunda seg bort til bilen sin, stakk handa inn og drog Garborg-biletet ut. Eg ville tilbake og plukka opp dei falske Garborg-bartane; dei var naudsynte med tanke på at me var ettersøkte for mord og måtte opptre inkognito – men Fossmark nekta meg. Me hadde ikkje tid, sa han, me måtte stikka før dei vakna. Dessutan hadde han ein plan. Han peika på ein gammal John Deere hjå dei Austbø.

Me sprang i veg. Fyrst over Kumarkå, så over Hestamarkå. Framme på tunet jumpa me inn i traktoren.

«Hopp inn,» sa Fossmark; «eg kjører.»

Men i det same han fekk tjuvstarta traktoren, kom bonden sjølv ruslande. Han plystra nøgd, og hadde eit strå i munnvika; men vart snøgt rasande då han forsto kva me dreiv med. Han ropte og skreik etter oss, men me kjørte lett ifrå han. I spegelen kunne me sjå at han tok fram mobiltelefonen, og like etter høyrde me politisirenar.

«Pokker!» sa eg. «Me skulle hatt noko betre enn ein traktor. Dei kjem til å innhenta oss.»

«Tøv,» sa Fossmark. «Det finst ikkje noko betre enn ein traktor. Me er jærbuar, jo.» Han strauk traktoren kjærleg over girspaka. «Du har vel høyrt at eit kjøretøy ikkje kan kjøra raskare enn det sjåføren vil?»

«Det var vel Petter Solberg som sa noko slikt?» spurde eg.

«Rett,» svarte Fossmark. «Men eg seier at kjøretøyet heller ikkje kan gå saktare enn sjåføren vil!»

Han tok eit skikkeleg grep om rattet. Plutseleg akselererte me. Fossmark la traktoren ut i motgåande fil og fór forbi audiar og volvoar og einskilde BMW-ar. Ja, der passerte me ein porsche òg; eg vinka forsiktig til sjåføren, men han gav meg berre fingeren att. Då ein motgåande trailer prøvde å tvinga oss tilbake i høgrefila ved å bærta, tok Fossmark revolvaren ut av jakkelomma og skaut to gongar i lufta. Etter det hadde me vegen for oss sjølve. Snart låg politibilen langt bak oss, og me bestemte oss for å ha det litt moro. Me freste over potetåkrar og småbekkar og tvers gjennom eit lite, falleferdig drivhus på Line.

Det var skikkeleg morosamt. flat hadde Jæren aldri vore før.

«Ein gong til,» sa eg. «Ver så snill.»

«Okai, men berre fordi det er eg som vil det,» sa Fossmark.

Me kjørte gjennom drivhuset så mange gonger at det begynte å kveldast då me tok fatt på det siste stykket til Knudaheio.

«For ein sinnssjukt god traktor,» sa eg. «Tenk at me klarte å kjøra ifrå politiet med denne.»

«Det var kje traktoren,» sa Fossmark surt. «Høyrer du kje etter når vaksne folk snakkar til deg? Det var eg som gjorde det. Eit kjøretøy kan kje gå saktare enn det sjåføren vil.»

«Gje deg, John. Det der må du lenger ut på landet med.»

«Me er på Undheim, for svarte! Me kjem ikkje lenger ut på landet enn dette.»


_________

Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Formidlar
Nasjonalt Garborgsenter

Til oversynssida
Neste: Knudaheiblogg!