Episode 21: Knudaheiblogg

Dette er saka: Formidlaren på Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar om kort tid – har saman med ein tidlegare kollega kjørt til Knudaheio for å få svar på spørsmåla sine. Dei er ettersøkte for drap og har flykta frå politiet. Mørkret fell på. Du er vel ikkje skuggeredd?

Eg og John Fossmark, ein lærar på Bryne vidaregåande skule med mektige krefter, var på plass i Knudaheio, Arne Garborg si diktarstove. Det var langt ute på landet, på grensa til Høgjæren, midt i det landskapet han hadde skildra som fullt av vetter og huldrer. Og bak steinane lurte draugen.

Stova var raudmåla og bygd i 1899. Diktaren hadde byrja leitinga etter ei eigna tomt medan han skreiv «Haugtussa» på midten av 1890-talet, og nokre år seinare sto ho altså klar. Her oppheldt diktaren seg mest kvar sommar fram til han døydde i 1824, somme år i mange månader. Store verk var blitt til her. Her var han også hauglagt. Og hundre meter bortanfor sto hovudet, steinansiktet, ein uthogd skulptur av andletet hans, kalla «All denne fagre utsyn».

Frå Knudaheio kunne ein sjå heile Flatjæren og langt utover Nordsjøen. Eit avsnitt frå romanen «Fred» pulserte i bakhovudet mitt:

Upp frå den låge sandstrandi tøygjer seg eit armt, grått land med lyngbrune bakkar og bleike myrar, yvi-sått med kampestein, trelaust og berrt; avstengt mot aust med ein lang, låg fjellgard. Endelaust synest den nakne hei.

Fossmark og eg sat i ein traktor. Rett nok var han stolen; men det var me som hadde gjort det, så me tykte ikkje at det gjorde noko. Han var dessutan skikkeleg rask, me hadde kjørt frå politiet i ein frykteleg fart. Dei var etter oss av fleire grunnar, men mest fordi me hadde vore så uheldige å drepa Jan Zahl på eit grufullt og kaldblodig vis. Det var fordi me var på jakt etter den nye Garborg, han måtte jo identifiserast og uskadeleggjerast – slik at han ikkje tok glansen frå gamle Garborg sjølv. Det var like før Garborgsenteret skulle opna, og då måtte den gamle diktaren halda på posisjonen som den største.

Me hadde kjørt til Knudaheio for å finna den opprinnelege staden til eit mystisk portrett av han.

Om Du er vaksen eller ung
eller kanskje berre Barnet
Følg Blikket mitt, Ven
helsing Arne.

Spådomen hadde me funne i den hittil ukjende fjerdeutgåva av diktsyklusen «I Helheim». Me hadde nådd erkjenninga om at portrettet sitt flakkande blikk kunne leia oss til noko anna, noko meir – kanskje svaret på profetien om den nye Garborg. Kven var han? Kor fann me han? Korleis kunne me uskadeleggjera han? Det siste gleda me oss til. Me hadde jo tenkt å torturera han litt òg.

Me trilla inn på kjerrevegen. Fossmark var sjåfør og nytta høvet til å legga porten flat.

«Filleport! Eg har aldri likt han. Han er nesten alltid stengt. Folk burde tenkja meir på andre og opna portane etter seg.»

Han parkerte like ved steingjerdet og slo av motoren. Eg kjende eg vart andektig, ja redd. Her sto me, ved diktarstova til den største av alle diktarar. Her hadde Garborg skrive «Knudaheibrev», «Jesus Messias» og «I Helheim».

«Kva er det, Gonzo? Du ser dårleg ut.»

Eg var beinlaus og viljelaus. Eg ville berre spy, men trudde ikkje eg ville klara det. Fossmark opna bensinloket, fann ei ause og spedde på lommelerka.

«Her. Ta ein molotovcocktail. Då vert du i fyr og flamme, veit du.»

«Kanskje vert eg ei ildsjel?»

«Tullpreik, Gonzo.»

Han heldt lerka til truten min og tvang i meg nokre dropar. Etterpå tømte han resten i seg sjølv. Han tok tak under armane mine og seinka meg ned på bakken. Han rekte meg biletet, og me gjekk mot huset. Eg såg dei store steinane der Haugtussa-vandringa bruka å foregå, der Veslemøy dansa og sjarmerte, der Jon laug og forførte, der draugen lurte og fordømte.

På den motsette sida av hagen låg gravene. Det var berre så vidt eg våga å kasta eit lite blikk på gravhaugen, der diktaren kvilte i hop med si Hulda. Det gjekk eit slikt ekkelt gys nedover ryggrada mi; eg såg for meg korleis dei innfelte gravsteinane flytta seg, korleis beinrangela Arne og Hulda stavra seg gjennom hagen med skarpe klikkelydar, lik zombiane i Michael Jackson sin «Thriller»-video.

Rett nok var dei kremerte, men eg hadde høyrt at Hulda gjekk igjen her.

Eg skunda meg bort til huset og opna døra. Det lukta gammal hytte og var heilt mørkt. Me brukte litt tid på å finna lysbrytaren. Til slutt fann Fossmark han bak gamle Garborg sin originale regnfrakk, ein museumsgjenstand. Han stakk armen halvvegs gjennom jakkeermet og gjorde nokre bølgande rørsler.

«Bu-huuu!» sa han og heldt på å le seg ihjel. «Vart du redd no?»

«Ja, John,» sa eg.

For det sat ein mann i diktarens stol.

Politibetjent Salte flirte hånleg. Han hadde tatt på seg uniform og svarte lakksko, og vippa forsiktig på den gamle jærstolen. Han slo to handjern rytmisk mot kvarandre, slik at det skapte ein suggererande og skrekkeleg lyd. Frå naturen si side var Salte utstyrt med eit sleipt glis. Han var lynande rask, og ein av dei framste til å setta krokfot på tjuvar og rågjengarar.

Det siste var ikkje bra. Me hadde ikkje leggbeskyttarar.

Pokker.

Me skulle ikkje ha teke livet av Jan Zahl.

«Der er de,» sa Salte. «Endeleg. Me byrja å bli redde for at dykk hadde kjørt dykk bort. Hee, he he.»

«Kva?» utbrøyt Fossmark. «Korleis visste du at me skulle hit?»

«De er ikkje så gløgge som de trur,» sa Salte. «Eg las om flukten på garborg.no.» Han lo igjen. «Hee, he he.»

Eg forsøkte å plystra det vekk, men Fossmark let seg ikkje lura.

«Få låna halsen din litt, Gonzo. Lat meg vri han. Gonzo, din jækel! Din sattan. Din Torvald Tu, Gonzo! La du ut endå ein episode, du? Veit du kje at politiar kan lesa?»

Brått vart han mildare i røysta:

«Du hugsa vel a-endingar i infinitiv?»

Salte reiste seg. Med langsame, tunge politi-steg kom han imot oss. Me rygga. Kva skulle me gjera? Kunne me koma oss til traktoren før han rakk å setta handjern på oss?

Plutseleg gjekk døra opp. Nokon stilte seg midt i fluktruta bak oss. Ein rå latter borra seg inn i dei blinde ryggane våre. Det var røysta til politibetjent Jan Terje Strand. Ein ekkel, blaut pust i hoftehøgd tyda på at han hadde teke med seg schæferen sin.
_________

Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Formidlar
Nasjonalt Garborgsenter

Til oversynssida
Neste: Krøller og Kulehol! Ooooh…!