Episode 1: Med ræva i gir

 

20160725_01_isgHerregud. Den dagen telefonen ringte, sov me i stolane som vanleg. Museet vårt, Garborgsenteret, skulle opna om berre nokre veker og me trong den søvnen me kunne få. Utstillingsleiaren vreid seg motviljug borte i hjørnet, og snorkelydane frå sjefen sitt kontor gjekk frå dur til moll og blei urytmiske.

«Faen» tenkte eg, men eg sa det ikkje, for me hadde fått instruksjonar om å banna på nynorsk, og eg var usikker på om «faen» var eit nynorsk banneord. Men den jækla telefonen gav seg ikkje før nokon tok han.

Personen i den andre enden måtte vera psykopat.

Eg myste på utstillingsleiaren og ho på meg. Dette kunne ha vore ein maktkamp av den typen eg var god på, utstillingsleiaren bruka nemleg å gje seg så snart eg vart ufin og truga henne med juling. Men telefonen som ringte var min, og instruksjonane me hadde fått ifrå hovudkontoret sa at den som eigde telefonen skulle ta han. Eg tykte det var urettvist, men eg våga ikkje anna enn å gjera som eg hadde fått beskjed om.

Langsamt strekte eg handa ut mot telefonen. Det var så slapt at det såg tilfeldig ut då dei to møttest. Eg trykte på den grøne knappen, slik eg var instruert til. Eg sa:

«Garborgsenteret, du snakkar med formidlaren».

«Det er Jon», sa ein som heitte Jon, «men du kan kalla meg John».

Då kjende eg han igjen, det var jo John! Han var ein tidlegare kollega av meg, ein Garborgs galning, skikkeleg oppteken av litteratur. I det siste hadde han vore ein hissig debattant i Jærbladet. I lesarbrev etter lesarbrev hadde han demonstrert korleis vår tids dekadanse ikkje på nokon måte spegla den som Garborg viste til i «Mannfolk». John uttrykte ei frykt for at Garborg, etter ei tid, kunne bli misforstått.

I tillegg var han ein av Jærens sterkaste karar og frontmann i rockebandet Trette Menn.

«John!» ropte eg, nesten hysterisk. Eg var så glad det ikkje var hovudkontoret som ringte. Dei kunne jo finne på å gje meg fleire instruksjonar, noko som i alle høve var upassande.

«Du», sa John, «eg har noko å visa deg».

«Biletet», sa eg, «å herregud, er det biletet?»

«Visst er det biletet!» sa han. «Vil du sjå det?»

«Eg har sett det før», grøssa eg.

«Då veit du kva du går glipp av», sa John. «Få ræva i gir og kom.»

Eitt minutt seinare hadde eg snørt skorne og gjekk ned trappa som førte ifrå Garborgsenteret til Time bibliotek. Det einaste eg så langt visste, var at ein heil formiddags søvn var øydelagt. Rett nok var eg på veg til å sjå eit mystisk portrett av Arne Garborg; men eg kunne ikkje forestilla meg at dette var dagen då eg skulle vikla meg djupt inn i den eldgamle spådomen. Ein ny Garborg skulle koma; men kva tid? Kven var han? Kor kom han ifrå? Kva skulle han? Desse spørsmåla hadde jærbuen stilt seg sjølv i lange tider, og eg kunne bli den som fann svara.

Eg gjekk gjennom kafé Garborgstova og forbi resepsjonen til biblioteket. Ein augneblink vart eg ståande utanfor, på Atriumsplassen. Her skulle opningsseremonien finna stad om nokre veker. Kongen var invitert, kulturministeren, ordføraren. Det ville bli ein av dei største og viktigaste hendingane i byens historie. Eg drog hetta over hovudet og myste andektig oppover Høghuset. Garborgsenteret var ein del av eit stort bygningskompleks, dominert av landets tredje høgaste hus, ein kontorbygning og skyskrapar. Skyene låg tungt over den finansielle ereksjonen. Vêret hadde treft byen hardt i sommar.

Blakk som vanleg bøygde eg hovudet for vinden og skunda meg forbi Arne & Hulda frisør, over ein parkeringsplass, under jernbanetunnelen, forbi Narvesen. Så langt: alt vel. Men då eg skulle passera puben Thime Station høyrde eg ein kjent stemme. Det var Torfinn Edland, formannen i fotballklubben. Eg hadde lese om han i ei bok ein gong, og etter det hadde han alltid kjent meg att. Eg tykte det var merkeleg, fekk det ikkje til å gå opp.

«Hei», sa han, «du, Gonzo?»

«Ja,» sa eg.

«Kor skal du?»

«Til John», sa eg.

Han tok eit steg bakåt.

«Skal du sjå biletet?»

Eg nikka.

«Å herregud», sa han. «Erling, han skal sjå biletet».

Dagsland stakk hovudet opp bak ei potteplante.

«Biletet? Var det nokon som nemnde biletet?»

Han stakk hovudet ned igjen.

«Herregud», høyrde eg han seia, «eg må ha ein pils til».

Han fór innover puben. Edland sette seg tungt, drakk ein slurk og byrja å lesa på måfå i «Bondestudentar». Sjølv lyfta eg handa til farvel.

Eg skunda meg over torget. Undervegs snudde eg meg til høgre for å helsa på Garborg-statuen, slik me var instruert til. Då fekk eg sjå ei and som var i ferd med å setta seg på hovudet hans! Hadde ikkje ender respekt for statuar? For Garborg? Eller var andesittinga eit teikn som hadde noko med biletet å gjera? Noko med Garborgsenteret å gjera? Eg måtte vekk, dette vart for nærgåande. Hadde John trolla det til slik at sjølv dyra spelte på lag med han? Akkurat då fekk eg eit kraftig vindkast midt i fleisen, følgt av ekstremt hardt regn. Eg trakk hetta ned i andletet og skunda meg inn i Storgata for å gøyma meg i mengda.

Då eg var komen til den andre enden av gata var himmelen tom for regn. Men skydekket hang framleis tungt og mørkt over byen. Eg gjekk over til den andre sida av Reevegen, gjennom undergangen; og idet eg kom ut av den vesle tunnelen såg eg rett på høgblokka til John. Ho likna eit slott. Ho trona på toppen av Brynehaugen, den mest Garborg-fanatiske delen av byen. Der, i Slottsblokkas toppetasje, heldt John til.

Han hadde ringt, han hadde bede meg koma.

Eg hadde teke telefonen og måtte ta opp kampen.

Eg byrja oppstigninga. Dei blaute skorne gjorde motbakken til ein prøvelse, men til slutt nådde eg foten av blokka. Eg gjekk inn i trappehuset. Eg gjekk oppover, rundt og rundt, etasje etter etasje; som ein snigel sleit eg meg av garde, og sanneleg drypte det slik av jakka mi at det vart eit fuktig spor etter meg òg.

Endeleg sto eg framfor ei dør. Ei einaste lysstripe hadde sloppe igjennom den tette himmelen og lyste ho opp, det var skræmande.

Ved døra hang det eit skilt.

På skiltet sto det Jon.

Om få sekund ville eg stå andlet til andlet med ein Garborgs galning.

_________

Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Formidlar
Nasjonalt Garborgsenter

Les neste: Hjå han John

Til oversynsside