Episode 26: I Garborgheimen

Dette er saka: Formidlaren på Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar i desse dagar – vart mot slutten av førre episode overfallen av kompanjongen sin, den i overlag talentfulle lesarbrevforfattaren John Fossmark. Dei var på veg til rådhuset i Time kommune for å finna den nye Garborg, då kompanjongen Fossmark brått svingte av mot den store diktaren sin heimgard og drog fram revolveren. Kva skjer no? Blir me endeleg kvitt Gonzo? Følg med.

Fossmark hadde kjørt til Garborgheimen, og dytta meg ut av den stolne traktoren.

Eg låg utsliten i søla
, forsøkte å få pusten tilbake. Giganten Fossmark lyfta meg etter kragen og slepte meg over grusen og steinhellene, over terskelen til Garborgheimen.

Det gamle, kvite jærhuset var svakt opplyst. Det budde framleis folk på Garborg, men diktarens heim var blitt museum. No sto det tomt. Det venta på meg. Eg vart dregen hundreogfemti år tilbake i tid, til golvplankar med strøsand, rotter og mus, sørvestlandsk mørk pietisme.

Det vart sagt at ein i mørke krokar kunne høyra diktarens far, Eivind Garborg – som hadde teke livet sitt på garden, snakka med seg sjølv om fortapelsen.

Fossmark stogga for å pilla seg i nasen. Eg klarte å stabba meg opp på føtene, men han drog til meg over kragebeinet så eg måtte ta eit steg bakåt, og der fanst ikkje fotfeste, eg gjekk på ryggen, slo kollbøtte ned steintrappa og landa på eit jordgolv. Eg var i kjellaren.

«John,» sa eg. «John! Gje deg!»

«Skal eg gje meg, Gonzo?»

Han brekte begge armane mine bak ryggen og heldt dei i fast grep, slik fekk han meg på føtene og skutta meg framover. Det var mørkt, men ikkje verre enn at brønn teikna seg svart som Ginnungagap.

«Du er galen, John!» ropte eg. «Ikkje høyr på Reimen, det var berre noko han sa!»

Fossmark hadde ikkje vore seg sjølv sidan Time kommune sin Garborg-ekspert og diktarstoveguide, Sigbjørn Reime, hadde sagt han skreiv så gode lesarbrev at ein skulle tru han var den nye Garborg. No var han tydelegvis blitt overbevist om at dette var sant, Fossmark hadde snudd om fullstendig. Plutseleg var det ikkje så farleg med Arne Garborg sin standing som diktar lenger, eller Garborgsenteret si framtid, eller læreplanen i den vidaregåande skulen.

I fylgje Fossmark var berre Fossmark viktig for Fossmark. Ikkje eingong jobben min på Garborgsenteret brydde han seg om.

«Skal eg kje tru på Reimen?» Fossmark lo høgt bak ryggen min. «For Reimen har vel kje greia på litteratur? Sigbjørn Reime, kommunen sin eigen litteraturkonsulent og diktarstoveguide på Knudaheio, moderniserar av Garborg sitt språk gjennom fleire nyutgivingar, ekspert på midlandsnormalen – nei, Reimen har nok kje greia på litteratur.»

Han lo ondt og klemte til.

«Veit du kva eg trur, Gonzo?»

Han klemte endå hardare.

«Eg trur at Reimen kjenner igjen den nye Garborg når han ser han.»

Plutseleg slapp han taket og snudde meg mot han.

«Og den Reimen såg, Gonzo,» sa han kloss opp i andletet mitt, «var meg

«John… John…»

«Våre vegar skiljast her, Gonzo. Det har vore ein fornøyelse å verta ordentleg kjend med deg. Me har hatt mykje moro den siste tida. Særleg drapet på Jan Zahl og nedsablinga av drivhuset på Line vil eg minnast med glede. Men no er situasjonen komen dithen at me har motstridande interesser, du og eg.» Han la til: «særleg du».

Og dytta meg mot det opne holet.

Eg veit ikkje kor lenge eg låg der, men ei skarp lysstripe trengte inn gjennom kjellarvindauget og tyda på at det var blir morgon. Ein gong hadde eg vore glad i denne brønnen. Kvar gong me vitja Garborgheimen med barneskulen (seks gonger), ungdomsskulen (tri gonger) og vidaregåande (to gonger, den tredje skulka eg for å lesa Tor Obrestad sin då nyutkomne biografi om Hulda), hadde eg vorte sittande i kjellaren og sjå ned i det svarte holet. Eg hadde drøymt meg til Garborg si tid, 1800-talet, barndomen hans. Eg hadde lurt på korleis det måtte var å veksa opp med ein far frå hellvik.

Eivind Garborg hadde sjølv grove ut brønnen, i ein av sine maniske periodar. Slik fekk dei innlagt vatn allereie på 1800-talet. Ingen kunne seia at galskap var gale ein iskald vintermorgon.

Det var kanskje strengt, men litt luksus òg, å vaksa opp i Garborgheimen. Problemet no var at eg sat oppi brønnen. Her nede var det sorpete, kaldt og temmeleg mørkt. Og eg hadde ting å lura på; som kor mykje var klokka? Korleis skulle eg koma meg opp? Var eg dømt til å dø her nede? Var det eigentleg nokon smaksforskjell på gullsalami og jubelsalami?

Eg stilte meg på tærne og strekte meg, men nådde ikkje opp til kjellargolvet. Eg hoppa, men kunne ikkje kjenna nokon ting, berre bratte jordveggar kor enn eg snudde meg. Då kjende eg at panikken tok meg, at mørkret kom over meg, at den knugande, angstfylte neven greip om hjartet mitt. Eg dør, tenkte eg, no dør eg!

«Hjelp! Hjelp meg, for faen! Er det ikkje nokon som kan hjelpa meg?!»

«Eg kan,» sa ein velkjend skikkelse. Han krabba ut av mørkret og synte seg. «Det var på tide du spurte, kjære Gonzo.»


_________

Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Brønnhøyrt
Garborgheimen

Til oversynssida   
Neste: Gonzo møter ein ven! Kven? Følg med!