Episode 27: Smiths ven

Dette er saka: Formidlaren på Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar i desse dagar – vart dytta ned i brønnen i kjellaren til Garborgheimen på Garborg. Der får han hjelp av ein velkjend, men frykta skikkelse.

Nils Henrik Smith slikka andletet mitt reint for blod. Han hoppa rundt på alle fire og slikte seg kring munnen med ei svolten tunge.

«Så så, Gonzo,» sa han trøystande. «Det er kje så ille. Det er nesten som å vera på ferie.»

«På ferie!» utbrøyt eg. «Det er vått og mørkt og kaldt her, jo!»

«Har du kje vore i Bergen, du?» spurde han venleg. «Eg har til og med studert i Bergen, eg. Det er så koseleg der. Akkurat som her

Eg og John Fossmark, ein viss mordar, hadde vore på veg frå Knudaheio til Time rådhus for å finna og uskadeleggjera den nye Garborg. Brått hadde han ombestemt seg, han hadde fått føre seg at det var han sjølv som var den nye Garborg; og ho nekta han å uskadeleggjera seg, den feigingen. I staden ville han uskadeleggjera meg, endå eg vart temmeleg grei og aldri hadde plaga nokon som ikkje fortente det. I staden for å ta vare på meg, klappa meg venleg på ryggen og stikka til meg ein tier, skubba han meg oppi brønnen i kjellaren på Garborgheimen. Her fekk eg ha det så godt. Men så viste det seg at Fossmark hadde kvitta seg med andre her før meg; brønnen var nærmast ein lokal dumpingplass.

Me vart raskt vener, Nils Henrik og eg.

«Dette går bra,» sa han, «eg har vore her i eit døgn no og har vent meg til det. Ein kan eta rotter og mus; og borti hjørnet der,» han peika, «veks eit slags gras som liknar på salat.»

Han spytta.

«Det smakar kje godt, men det gjer jo kje salat heller. Det er nesten som å vera fri, dette her.»

Han hadde ingen grunn til å vera grei mot meg. Me hadde hatt planar om å drepa han, dersom det skulle visa seg at det var han som var den nye Garborg. Ved ein feil hadde me drept Jan Zahl i staden– mest fordi han hadde vore hjå frisøren og likna så grueleg på Arne Garborg. Slik sett var me nærmast uskuldige. Jan Zahl burde ha visst betre enn å klippa seg akkurat når me la skumle planar. Dei andre to kandidatane, Einar O. Risa og Nils Henrik, hadde så langt fått leva – men det var kanskje feil, det òg?

«Me må opp,» sa eg. «Me må ta livet av Fossmark.»

Nils Henrik sat så stilt og lytta; han smilte venleg som eit lite ekorn, ja han verka så grei og ufarleg at eg tømte hjartet mitt for han. Eg fortalte alt. Om den nye Garborg, Høghuset og Garborgsenteret; om biletet og dei fire utgåvene av «I Helheim»; skota i Storsalen; politiane; brørne Sørensen og dommar Heien; Sjefen og utstillingsleiaren; Målfrid og Målfrid på hovudkontoret; råkjøringa med traktor og at Fossmark var vond og valdeleg, men eit musikalsk geni og ein lesarbrevforfattar av Guds nåde.

Nils Henrik smilte igjen. No var det hans tur til å fortelja. Hans historie var òg dramatisk. Etter skota i Storsalen hadde han gått heim i mørkret; han hadde skunda seg òg, for han hadde alltid vore mørkredd og no hadde han sett ein død mann med gapande ansikt. Plutseleg hoppa Fossmark ut av ein hekk og stappa han i ein søppelsekk. Så var han blitt dumpa her, i brønnen i Garborgheimen.

Eg såg det heile for meg:

«Men me skal ordna opp,» sa Nils Henrik. Han var så optimistisk og koseleg at det var nesten ikkje sant. «Dersom eg har forstått deg rett, Gonzo, så kan ikkje Fossmark vera den nye Garborg. Han har jo krøller som Jan Zahl. Gud hjelpe dei. Heller kje Risa kan vera den nye Garborg. Han skriv jo berre på den same trilogien heile tida. Risa er kanskje den nye Louis Masterson, men ikkje den nye Garborg.» Nils Henrik smilte. «Då er det berre éin kandidat att.»

Han peikte på seg sjølv med begge tomlane.

Eg bøygde meg mot han med hendene beredt til eit frykteleg kvelartak. Men han sa:

«Ikkje drep meg, kjære Gonzo. Høyr, viss det verkeleg er slik som me no har dedusert på ein heilt feilfri og intellektuelt overlegen måte, så vil det nye senteret anten leggast ned for godt eller dediserast andre. Med all overhengande sannsynlegheit til meg, Nils Henrik Smith, den nye Garborg – forfattar av tynne, men gode bøker. Så då vert det opp til meg å avgjera kva eg eigentleg vil med Smith-senteret? Kva skal det heita, til dømes? Kven skal få jobba der? Kva skal dei driva med?»

Slik hadde eg aldri sett på det før.

«Du har vore forleda av Fossmark,» sa Nils Henrik. «Han er ikkje å lita på. Eg las eingong i Jærbladet at han pløyde opp kunstgrasbanen på Kåsen, det var kje snilt. Eg skåra faktisk mål der eingong; rett nok eit sjølvmål, men dommar Heien såg feil og trudde det var bokmål. Sidan den gongen har eg føretrekt nynorsk.»

Han klødde seg i nakken.

«Viss eg er den nye Garborg, så skal du få behalda jobben, Gonzo. Ja, ikkje berre det, du skal få bli formidlingssjef. Ser du det føre deg? Eit stort visittkort med teksten Gonzo Johnsen, Smithsenteret, formidlingssjef.»

Eg likte Nils Henrik veldig godt. Så koseleg han var!

«Ved sida av namnet ditt kan det vera eit bilete av meg. Det er jo mitt senter. Forresten, eg trur kje Smithsenteret er noko godt namn. Kva med Heilt Nils? Nei nei. Smiths vener, då? Nei, dét er brukt før. Å ja! No har eg det! Gonzo, høyr no, Smiths bestevener, kva tykkjer du om det, Gonzo?

Han smilte lukkeleg.

«Kafé Garborgstova kan jo ta namnet Kvar smith og smule, eller kva?»

Han fanga ei rotte med lynraske rørsler, beit hovudet rett av og sugte i seg blodet. Han snakka med mat i munnen.

«Men ingen sjukdomar skal kallast smithsame, tykkjer eg. Det er ikkje morosamt, berre så du veit det.»

Han smatta.

«Dette skal bli bra, Gonzo. Å, dét var ei god rotte; fyrsteklasses. Mykje betre enn den eg hadde til frukost; det var ei kloakkrotte, trur eg. Så. Kva seier du? Vil du verta formidlingssjef hjå Smiths bestevener?»

«Å ja. Tusen takk, Nils Henrik.»

«Ikkje noko å takka for. Det er eg som skal takka, Gonzo. Takka vera deg skal eg bli den nye Garborg og få mitt eige senter.»

«Inga årsak,» sa eg.

«Eitt problem gjenstår,» sa han. «Korleis kjem me oss opp?»

Eg rista oppgitt på hovudet. Det kunne ta tid. Men men, eg fekk gjera jobben min som best eg kunne imens. Så eg fann fram smartmobilen og logga meg inn på administrasjonssidene til garborg.no. Då eg nesten var ferdig med episode 27, Smiths ven, spurde Nils Henrik om det var ein mobiltelefon eg skreiv på.

Eg nikka.

«Kva kan du bruka han til?»

«Jau,» sa eg, «for det meste brukar eg han til å skriva på artikkelen min, Garborgs galningar, og legga ut nye episodar på nettet, alt ettersom det hendar ting. No, til dømes, tek eg eit bilete av deg og legg det ut så folk kan sjå det på garborg.no. Nei, det vart dårleg.

Heilt svart.

«Det er fordi det er så mørkt her» sa Nils Henrik. «Men du?»

«Ja,» svarte eg.

«Kan du ringa med telefonen?»

«Sjølvsagt.»

«Så ring til naboane då, din dust, og sei at dei skal koma med ei gardintrapp.»

«Nils Henrik!» sa eg, «du er genial.»

«Gonzo då,» sa han forlegent, «eg er den nye Garborg, jo.»

_________

Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Formidlar
Nasjonalt Garborgsenter

Til oversynsside 
Neste: Til Veslemøy! Følg med.