Episode 25: All denne fagre utsyn

Dette er saka: Formidlaren på Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar på onsdag – er i lag med ein nyskapande lesarbrevforfattar på sporet av den nye Garborg. Dei har teke livet av den tidlegare krølltoppen Jan Zahl og må straffast for det. Politiet har sirkla dei inn ved steinhovudet på Knudaheio. Dette vert spennande. Følg med!

«Hee, he he!»

Politibetjent Leif Rune Salte smilte sleipt. Eg og John Fossmark, ein durabeleg god lesarbrevforfattar og tidlegare kollega av meg frå Bryne vidaregåande skule, var på jakt etter den nye Garborg. Me hadde følgt det flakkande blikket til eit mystisk Garborg-måleri og hamna her, ved steinskulpturen «All denne fagre utsyn» på Knudaheio. Saltes kollega Jan Terje Strand fann fram handjerna. Dei gjorde seg klare til å ta oss.

«Kva gjer me no?» kviskra Fossmark.

«Sjå!» sa eg. «Haien!»

Dommar Heien kom syklande opp bakken. Det var lenge sidan eg hadde ringt han etter hjelp, han var ikkje kvikk. Me kalte han ikkje «haien» fordi han var lynrask, men fordi han var eit rovdyr etter brudd på spelereglane. Den einaste romanen han likte, bortsett frå Garborg sine sjølvsagt, var Dostojevskij sin «Forbrytelse og straff». Han likte ikkje så godt det som handla om «forbrytelse», men elska det som handla om «straff». Heien hadde delt ut så mange gule og raude kort i løpet av sin dommarkarriere at mest heile Jæren var sinna på han. Begge politibetjentane var gamle fotballspelarar; Salte på landslaget, Strand på det lokale laget – og begge hadde fått gult kort av dommar Heien.

«Mitt var jævlig ufortent,» sa Salte.

«Mitt òg,» sa Strand.

«Eg skulle hatt raudt,» sa Salte.

«Eg òg,» sa Strand.

«Skal me ta han?»

Dei storma i veg etter dommaren, og eg og Fossmark vart frie menneske att. No måtte me berre forstå kva Garborg hadde meint. Me hadde følgt spådomane hans frå den eine utgåva av diktsyklusen «I Helheim» til den andre. Og den siste profetien, Om Du er vaksen eller ung / eller kanskje berre Barnet / Følg Blikket mitt, Ven / helsing Arne hadde leidd oss til steinskulpturen «All denne fagre utsyn», eit kunstverk frå 2001 av bilethoggaren Hugo Wathne.

No lente me oss inntil hovudet og såg utover Lågjæren. Det hadde klarna opp litt, me såg same vegen som steinskulpturen, alle lysa frå byen. Det høgaste av dei, eit raudt, blenkande lys, var berre så vidt synleg gjennom ei sky.

«Sjå, John» sa eg. «Garborgsenteret veks inn i himmelen.»

Følg Blikket mitt, Ven
helsing Arne.

Me hadde dårleg tid. Garborgsenteret opna 5. september. Om me berre visste kor me skulle gå herifrå.

«Den siste spådomen var Følg Blikket mitt, Ven,» sa eg. Kanskje han framleis er gyldig?»

«Men biletet heng der det høyrer heime,» sa Fossmark. «I diktarstova. Herifrå kan me kje fylgja blikket hans.»

«Sant nok,» sa eg, og slo albogen irritert på steinhovudet, skulpturen «All denne fagre utsyn».

Følg Blikket mitt.

«John,» sa eg. «Evreka!»

Steinhovudet av Arne Garborg såg rett på Time rådhus.

Ein augneblink seinare sat Fossmark bak rattet på den stolne traktoren. Me fòr nedover Knudahei-bakken, gjennom Undheim og vidare ut på Lågjæren. Rådhuset låg i byen, nordaust for Høghuset og Garborgsenteret.

På rådhusplassen sto statuen av Veslemøy, «haugtussa», alle gutars drøymejente.

Ho er mager og mørk og mjå
med brune og reine drag
og augo djupe og grå»
og stilslegt, drøymande lag.

Som alle andre ungkarar på Jæren, hadde eg dette diktet liggande under hovudputa. Eg kjente nokre som hadde måla det i taket over senga si.

Men eg hadde ikkje tid til å drøyma om Veslemøy no. Det var gjennom henne at Garborg gav ålmenta dei fyrste prova på sine sjåarevner.

Under panna fager men låg
lyser augo som att-um eim;
det er som dei stirande såg
langt inn i ein annan heim.

Så var det altså ho som skulle syna oss den nye Garborg.

Då vrengte Fossmark rattet mot venstre. Traktoren svingte og kjørte oppover bakken til Garborgheimen.

«Kva gjer du?» hylte eg. «John! Me har dårleg tid. Me må til byen!»

Han trakk revolveren og sikta på brystet mitt.

«Ikkje du, Gonzo. Ut med deg, ditt rævhol!»


_________

Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Rævhol
Nasjonalt Garborgsenter

Til oversynsside
Neste: I Garborgheimen! Skummelt, skummelt!