Episode 10: Mokkamann

Dette er saka: Formidlaren ved Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar om eit par veker – er på Kafé Garborgstova i lag med ein tidlegare kollega. Dei er på leiting etter den nye Garborg, og er nyss blitt informert om at ein av kandidatane skal halda foredrag same kvelden. Det er skikkeleg spennande. Dei har planar om å uskadeleggjera han. Einar O. Risa, viss du les dette, gøym deg!

Eg og John Fossmark, lektor ved Bryne vidaregåande skule og lite begeistra for trønderar og paranoide, sat på Kafé Garborgstova, der me hadde ete lunsj i lag med Inger Undheim, sjefen min på Garborgsenteret. Me var sporet av den nye Garborg, han som i følgje ein gamal spådom skulle koma då den gamle vaks inn i himmelen. Det siste måtte forståast som som den dagen Garborgsenteret opna dørene, 5. september. Då skulle den nye Garborg syna seg og den gamle gløymast. Resultatet var at eg ville mista jobben ved Garborgsenteret og at Arne Garborg falt ut av læreplanen i den vidaregåande skulen. Fossmark måtte læra elevane om trønderar som Anne B. Ragde.

Verda ville verta fattigare og farlegare.

Me kjempa for ei god sak, eg og Fossmark. Han hadde dessutan ein revolver til bruk om det vart absolutt naudsynt.

Me hadde lagt hovuda i blaut, nytta dei spora som fanst i eit gammalt portrett av diktaren etter hans død, og hadde derifrå følgt spora gjennom fyrste- og andreutgåva av den profetiske diktsyklusen «I Helheim». I lag hadde me kome fram til at dei to houvdkandidatane til posisjonen som den nye Garborg var Einar O. Risa og Nils Henrik Smith.

Og no, for ein augneblink sidan, hadde sjefen min på Garborgsenteret, ho Inger Undheim, fortalt oss at det skulle haldast foredrag i Storsalen same ettermiddagen.

Fossmark hadde lagt andletet i hendene og såg tenksam ut. Han gnei handa si nervøst utanpå jakkelomma, den som husa revolveren hans.

«Gonzo,» sa han, «kva tykkjer de om Tsjekhov?»

Heldigvis reiste Inger seg. Ho var ikkje interessert i å samtale om dramaturgi, ho meinte opplagt at no var det dags for ein rykande kaffi.

«Garborgsenteret spanderar,» sa ho. «Kva vil de ha?»

«Same det,» sa Fossmark, «men under alle høve vil eg ha to av det.»

«Heilt i orden,» smilte Inger. «Kva med deg då, Gonzo? Brukar kje du å drikka cappuccino?»

«Cappuccino, eg?» Var det mogleg? Kjente sjefen meg så dårleg? «Inger,» sa eg indignert, «du veit jo at eg alltid har vore ein skikkeleg mokka-mann!»

Eg høyrde eit skikkeleg splæsj, og skjøna at det som hadde hendt hadde hendt i andletet mitt.

Det drypte frå haka mi.

Nokon hadde kasta øl på meg.
Fossmark var rasande.

«Slikt seier du kje, Gonzo.»

«Kva skjer?» spurde eg.

«Gonzo! Du sa du var ein mokkamann!»

«Men John» protesterte eg, «det er ikkje sjølve mokkamannen du skal angripa, men han som seier det. Det veit du vel?»

Eg fann ein serviett å tørka meg med.

«Skal eg ta han som seier mokkamann?» spurde Fossmark.

Eg nikka.

«Og kven var dét, då?»

«Kven var kva?»

«Kven var det som sa mokkamann?»

«Det var vel… eh, det var…»

«Det, Gonzo, var ingen ringare enn deg!»

Han fann eit nytt glas og tømte resten over hovudet mitt.

Det syntest opplagt at den nye Garborg var Einar O. Risa. Tidlegare på dagen hadde me kome fram til at han – som måtte uskadeleggjerast før han gjorde den gamle Garborg kjedeleg og uinteressant – måtte vera ein kjend forfattar, mann, og han måtte koma ifrå Time kommune. Ettersom Jan Zahl ikkje akkurat var nokon Garborg med sine mjuke, forfengelege dandy krøller, sto me att med den høgtakta Risa og det unge stjerneskotet Nils Henrik Smith. Og no skulle altså Risa halda foredrag på Garborgsenteret.

Det var Arne Garborg sjølv som hadde leidd oss hit.

Ut og et! Ut og et!

«Det kan ikkje vera noko tilfelle,» sa Fossmark, «at diktaren sendar oss til Kafé Garborgstova like før Risa skal halda foredrag!» Han slo neven i bordet. «Det kan ikkje vera tvil om at Einar O. Risa er den nye Garborg!»

Inger kom med kaffi til oss, samstundes som ein ung mann steig inn gjennom døra frå parkeringsplassen.

Blikket hans møtte oss flyktig, men nok til at me kjende han att frå diverse bokomslag. Han skunda seg bort til resepsjonen og snakka så høgt at me høyrde det:

«Er det her Risa skal halda foredrag?» spurde han.

Det var det unge diktaren Nils Henrik Smith.

_________
Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Revolverformidlar
Garborgsenteret

Til oversynsside
Neste: På Garborgsenteret!