Episode 11: På Garborgsenteret

Dette er saka: Formidlaren ved Garborgsenteret og ein viss John Fossmark må forhindra at det kjem ein ny Garborg. Ved hjelp av andreutgåva  av diktsamlinga I Helheim vil dei identifisera og uskadeleggjera denne nye garborgen. Dei må forhindra at han tek glansen frå den gamle. No er det like før den hovudmistenkte Einar O. Risa skal halda foredrag om lokalrockens framtid. Hald deg fast

Det var framleis nokre timar til Einar O. Risa skulle halda foredrag. Det var eg som hadde ordna det; for ei tid sidan hadde eg lese ein artikkel av han i Jærbladet, kor han kommenterte den nye rockebølga med band som Månesyll Og Tonegull, Vind I Gardhol, Kaizers Orchestra. Risa hadde stilt spørsmål ved låtutvalet. Av desse var det berre Kaizers som skreiv songane sjølv, medan dei andre – deriblant Trette Menn – berre spelte Garborg-viser. Dette tykte eg var godt observert, og på det dåverande tidspunktet ville eg gjerne veta korleis Risa såg for seg at den jærske rockebølga si framtid. Burde alle skriva sine eigne låtar? Var det for einsformig å berre nytta Garborg-tekstar? Kva med sampling? Kunne ein nytta utdrag frå både Garborg og Torvald Tu i ein og same song? Og kva med instrumenta då? Skulle ein nytta elektrisk gitar eller kassegitar? Trompet eller tuba? Probass eller kontrabass? Var det framleis stuereint med piano til heavyballadar, eller burde ein friska opp med litt goth triangel innimellom?

Dette var saker som nok kunne verka litt destabiliserande på John Fossmark, musikalsk drivkraft i nettopp Trette Menn. På mange måtar var det litt uheldig at Risa skulle halda foredrag om dette temaet, Fossmark var jo forvirra nok frå før. For berre ein augneblink sidan, då me forsto at Risa skulle halda foredrag på Garborgsenteret, var me skråsikre på at Einar O. Risa var den nye Garborg, at det var han som skulle stå fram den dagen Garborgsenteret opna. Me rekna med at Einar O. Risa var mannen som sendte den gamle meisteren Arne Garborg inn i ein skuggeheim så dunkel at sjølv mørkets spisshala fyrste fekk vanskar med å finna fram utan lommelykt med nye AA-batteri.

Men så hadde den lovande Nils Henrik Smith dukka opp for å høyra på foredraget. Med det gjorde han situasjonen mindre oversiktleg. For kven var no den nye Garborg?

Me gjekk opp trappa og kom til Garborgsenteret. Fem hundre herlege kvadratmeter openberra seg for oss. For meg som jobba der var synet nesten kjedeleg, men for Garborgs galning John Fossmark var det den åttande himmel. Og eg var sankt Peters flinkaste formidlar.

Elektrikarar, snikkarar og dataingeniørar hadde arbeidd dag og særleg natt for å få det til. På dagtid fekk dei berre lov til å støya i lunsjen, då me på kontoret vegg-i-vegg prøvde å halda oss vakne. Men alt i alt såg det ut til at dei makta å halda skjemaet i høve til opninga.

Eg sette i gang med formidlinga. Her var ei TV-tønne, sa eg, der du kunne seia meininga di. Meinte du at Arne Garborg var eit geni vart du løna med ein innspelt applaus. Sa du at Kielland var eit geni, opna det seg ei falluke i golvet.

Eg peika på luka.

«Hekkan!» sa Fossmark.

Det var over tjue datamaskinar der du kunne fordjupa deg i Arne og Hulda sitt liv, litteraturen deira og livet deira. Det var ei snakkande kiste, musikalske skuffer, landets skeivaste bokhylle, lyttestolar (med m.a. Trette Menn), diktarhjul, teiknebord, filmrom, rollespel og mykje meir.

Eg peika på mykje meir.

«Sattan!» sa Fossmark.

Eg var glimrande.

«Sjå her,» sa eg. «Og der og der. Og der borte.»

Eg formidla så det lukta svidd.

«Dritbra,» sa Fossmark.

«Ja, ikkje sant,» sa eg.

«Særleg likar eg den,» sa Fossmark og peika. «Og den og den og den. Og den der.»

Eg nikka stolt. Til sist viste eg han den viktige spådomssona. Her var Haugtussa vigd stor merksemd, gjestene skulle sjølv kunne vurdera tekstutdrag opp imot ekspertane sine kommentarar. Vidare kom ein til demokratisona, der ein kunne fylgja kampen for Noregs fridom og det moderne prosjektet. I litteratursona skulle alle bøkene vera tilgjengelege. I språksona kunne ein fylgja kampen for nynorsk og midlandsnormalen og Hulda og Arne sine posisjonar som målmenn. Sona for livs- og samfunnssyn handla om Hulda sin feminisme og Arne sin Messias-idé. Sona for modernitet og tradisjon viste korleis Hulda fornya dei folkelege tradisjonar kring klede og dans, og slik gjorde dei til populære uttrykk for norskdomen.

Etter ein rundtur der eg peika og forklårte, medan Fossmark dilta etter meg med ein umetteleg hunger etter meir lærdom , nådde me ei dør. Eg opna opp og ba han om å vera skikkeleg stille. Me lista oss inn i det som var Garborgsenteret sitt kontorlandskap. Og rett nok: lyset var avslått. Det minna meg om den gongen eg melde meg ut av treningssenteret. Den søknaden vart også avslått. Eg, derimot, vart då noko nedslått. No vart me oppmuntra av at sjefen snorka frå kontoret sitt. Utstillingsleiaren sat i kontorlandskapet, foroverbøygd over skrivebordet med ei stripe spytt rennande frå munnviken. Ein dam attmed tastaturet tyda på at ho hadde sove både lenge og tungt. Me lista oss vidare. I korridorens ende var ei dør, og nokre trapper ned til biblioteket og Garborgstova. Men på vegen passerte me nokre bokhyller til høgre, noko som opptok Fossmark. I over eit år hadde me drive bokinnsamling, slik at me kunne stilla ut eit så breitt utval av Arne og Hulda sin litteraturproduksjon som mogleg. Det var desse gamle og slitte bøkene Fossmark byrja å bla i. Då eg skulle vinka han etter meg, mumla han uforståeleg på innpust, han veifta med armane, spente nasebora og vart flammeraud i tinningane.

Han heldt den eine boka opp mot ei leselampe som nokon hadde gløymt å slå av. Eg nærma meg han, og kasta eit blikk på framsida til den gamle og slitte boka som hadde fått ligga i fred på kontoret vårt.

Det var ikkje til å tru. Fossmark hadde funne tredjeutgåva av diktsamlinga I Helheim.

_________
Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Formidlar
Garborgsenteret
Til oversynssida
Neste: Den som liknar aller mest! Kven kan det vera?