Episode 17: Klasserom 22

Dette er saka: Vikaren på Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar grueleg snart – er i lag med ein viss John Fossmark på jakt etter den nye Garborg. Han må finnast og uskadeleggjerast før Garborgsenteret opnar. Ved en feil tok dei livet av Jan Zahl; men det er ingenting å bry seg om, dei kom seg unna i god behald. No må dei finna ut om det er Nils Henrik Smith eller Einar O. Risa dei skal ta. Følg med.


Då telefonen ringte
hadde eg akkurat sovna. Min fyrste tanke var at det var Fossmark. Den neste var at det berre fekk ringa, slik at eg kunne sova vidare. Dinest slo det meg at det kunne verka mistenkeleg at eg gjekk rundt med min eigen telefon, folk kunne jo tru at eg var meg – eller i det minste at eg hadde kontakt med meg.

Trass alt var eg ettersøkt for mord.

Utstillingsleiaren, ho som hadde plassen ved sida av min, sov som eit lite barn. Ho var tydelegvis heilt utslått etter gårsdagens hendingar i Storsalen, der eg og John Fossmark hadde årsaka det brutale drapet på journalisten og forfattaren Jan Zahl.

Eg må her presisera at det var Zahl si eiga skuld. Han hadde vore hjå frisøren og klypt seg på eit tidspunkt han ikkje burde ha gjort det. Slikt er vanskeleg å ta høgde for når ein er ute for å drepa.

Eg kjende etter i andletet; og, jau då, den falske Garborg-barten sat som han skulle. Eg hadde gått på jobb inkognito, slik at ingen skulle skjøna at eg var eg, at eg var sjølvaste vikaren, den såkalla «revolverformidlaren», han som var ettersøkt av politiet i lag med den endå farlegare revolverdesperadoen John Fossmark. Jærbladet hadde slått saka stort opp. Morgonens overskrift var «Brutalt drap på diktar»; ingressen var «Foredrag om jærrockens utvikling øydelagt av iskaldt drap i all offentlegheit. Geir Zahl frå Kaizers Orchestra såg bror sin, Jan, bli skoten i hovudet på Garborgsenteret i går kveld. – Trist, seier artisten i ein kommentar.» Og vidare: «Politiet på sporet av to personar i natt.»

Fyrst vart eg skikkeleg forbanna. Dette foredraget skulle eg gjerne ha høyrt! For kva hadde Risa tenkt å seia om Trette Menn og Kaizers Orchestra? Månesyll Og Tonegull? Torvald Tu- og Arne Garborg-tekstar? Desse tinga ville eg no aldri få svar på. Det irriterte meg. Vidare hadde eg stokke aldri så lite då eg såg at Jærbladet hadde trykt bilete av oss begge to. Eit stort eit av Fossmark, eit lite eit av meg.

Utstillingsleiaren vrei på seg. Ho visste sikkert ikkje at eg var her eingong. Og frå sjefen sitt kontor lydde høge snorkelydar, men eg let eg meg ikkje lura. Eg visste at ho Inger sat der inne og arbeidde, den juksemakaren. Lydane var berre opptak av mannen hennar, ein viss Kenneth, storsnorkar. Bedrageriet hadde eg avslørt kvelden før, då eg og Fossmark skjulte oss der inne på flukt frå politiet.

Men no hadde telefonen ringt faen så lenge. Eg visste jo det, at jau då, eg var nøydd til å ta han. Men nei nei, eg lika det ikkje. Det jævla hovudkontoret hadde gjeve oss klåre instruksjonar om å ta han når det ringte.

Eg strekte ein slapp arm ut mot han, trykte på den grøne knappen og stønte:

«Garborgsenteret, du snakkar med vikaren.»

«Det er Jon,» sa Fossmark, men denne gongen beit eg ikkje på.

«Hei, John,» sa eg.

Eg troppa opp på Bryne vidaregåande skule, min gamle arbeidsplass. Eg helsa på elevar og lærarar i aust og vest; ja, nokre i sør og nord òg – men alle såg dei berre spørjande på meg. Ikkje så merkeleg, kanskje, sidan eg framleis hadde Garborg-barten på.

Eg spankulerte trygt og sikkert inn på avdelinga for norsk og samfunnsfag. Der såg eg rett inn på kontoret til avdelingsleiaren, den gamle sjefen min, Ole Martin Hillesund. Han hadde sitt svare strev med brørne Sørensen. Dei hadde trengt seg inn på kontoret hans, og no forsøkte dei å tvinga han til å ta Torvald Tu inn i læreplanen. Toskar, tenkte eg – då dei fann fram eit balltre og byrja å denga han etter notar. Det var jo ikkje opp til Hillesund å avgjera slikt.
Hillesund kom ifrå Mandal og var uansett ikkje heilt til å stola på når det kom til litteratur. Han var litt ukritisk. Han likte Kjell Askildsen. Det bobla i magen min av latter når eg tenkte på det der. Tenk at Ole Martin Hillesund likte Kjell Askildsen! Det var ikkje til å tru; Kjell Askildsen var ikkje berre bokmålsforfattar, men han skreiv jo berre korte tekstar! Tenk at norsk- og samfunnsfag-avdelinga på Bryne vidaregåande skule hadde ein så inkompetent leiar. Dette lova ikkje godt for framtida. Kontoret hans var prydd av skjerf med «Thomas F» på, bannarar med «Hundene i Tessaloniki», capsar påtrykt «Samlede noveller». På dørkarmen hadde han skrive «En forfatter med smell, selvsagt er det Kjell».

Eg gjekk inn på arbeidsrom D, der eg visste at Fossmark hadde skrivebordet sitt. Då eg såg at det var tomt, spurde eg etter han. Eg fekk svar frå ein av mine gamle kollegaer, ei det er best å halda anonym, særleg sidan eg ikkje hugsar namnet hennar. Men eg kan seia såpass at ho er ifrå Dalane og har krøllete, kommunefarga hår. Ho vaggar når ho går – men det må du ikkje seia, for då vert ho aggressiv. Vil nokon ha prov, så kan eg visa dei nokre skikkeleg stygge arr i nakken min.

Ho sa at ho ikkje hadde sett lektor Fossmark i dag; men i fylgje timeplanen hadde han time akkurat no, klasse 2C i rom 22 – det var oppe ved kantina.

«Takk,» sa eg og skunda meg vekk så fort eg kunne.

Då eg tok steget inn i klasserom 22, var Fossmark i full gang med å læra elevane å prompa.

«Dette er ikkje vanskeleg,» sa han. «Dette bør de klara.» Han peika på tavla. «Å prompa, prompar, prompa, har prompa. I pluskvamperfektum: hadde prompa. I futurum: skal prompa. Me tek det frå byrjinga av. No prompar eg. Ikkje sant? I går prompa eg.

Han snudde seg mot dei og sa:

«Og dét lukta noko grævleg!»

Så såg han meg.

«Er det du som kjem? Me er midt i grammatikken. Eg likar å velja litt spenstige ord. Har du nokre gode forslag, så kom med dei.»

«Vel, John,» sa eg, og skulle til å foreslå eit skikkeleg grisete eit, men vart avbroten av heftige kremt. Og då såg eg det. Fossmark hadde jo òg barten på.

«Eg er ikkje John,» sa han.

«Orsak,» sa eg, «kven er du då?»

«Berre ein vikar. Du kan kalla meg Jon. Kven er du forresten?»

«Fast tilsett,» sa eg, «på Garborgsenteret.»

Eg let fingrane gli langsamt over Garborg-barten min. Det var best å vera med på spelet, slik at ikkje elevane gjennomskoda oss og ringte til politiet.

«Det var det eg tenkte,» sa Fossmark . Han skubba ein elev mot pulten sin, og kviskra: «eg har funne fjerdeutgåva, ho ligg heime og ventar.»

Han gjorde teikn til å gå mot døra; men snudde seg på halvvegen og sa til elevane:

«No skal me bøya pronomen. Me byrjar med oss. Dette er ikkje vanskeleg, dette bør de klara. No bøyer me oss. I går bøygde me oss. Har bøygt oss, hadde bøygt oss. Flott, Berit, dette ser fint ut. Litt lenger ned i knea, Hilde. Snu gjerne ryggen til. Sånn ja, dette likar eg; dette kan de, dette er de gode i.»

_________
Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Fast tilsett
Nasjonalt Garborgsenter

Til oversynsside
I morgon: Rocktum!