Episode 23: Blikket flakkar

Dette er saka: Formidlaren på Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar i desse dagar – har i lag med ein nyskapande lesarbrevforfattar kjørt traktor til Knudaheio for å få svar på sine spørsmål. Mykje tyder på at dette vert skrekkeleg spennande. Dei har flykta frå politiet og låst seg inne på loftet. Kanskje kjem det ein fotballdommar. Det er han dei kallar «haien». Følg med!

Eg og ein tidlegare kollega av meg, John Fossmark, sprø type, hadde teke eit portrett av Arne Garborg til Knudaheio for å finna dets opprinnelege plass. Gjennom Garborgs panne gjekk tri kulehol, og no hadde me funne tri identiske hol i loftsveggen. Fossmark målte kulhola med augene og hengte biletet over dei. Hola i biletet og kulene i veggen samsvarte perfekt. Me hadde funne portrettet sin opprinnelege plass.

Om Du er vaksen eller ung
eller kanskje berre Barnet
Følg Blikket mitt, Ven
helsing Arne.

Fossmark tok eit steg tilbake og stilte seg framfor meg. Eg måtte ta eit steg til sida for å sjå noko. Me beundra biletet medan me klødde oss på haka. Biletet fekk ein dominerande posisjon i rommet. Ein merkeleg ro hadde lagt seg over heile loftet, ja over oss òg. No var det berre å venta. I fylgje historia skulle diktarens blikk bevega seg når det hang på sin rette plass. Det hadde skjedd ein gong før, under den andre verdskrigen, då mormora til Fossmark hadde følgt diktaren sitt flakkande blikk og funne andreutgåva av diktsyklusen «I Helheim» bak veggpanelet.

«Kva no?» sa eg.

«Hysj,» sa Fossmark. Han var nyss blitt kalla den nye Garborg av Time kommunes eigen diktarstoveguide, og naut ein viss sjølvrespekt.

Då skjedde det.

Blikket flakka.

Eg fekk ei kjensle av at det lynte utanfor, men Fossmark sa at det ikkje var noko å uroa seg for.

«Det er berre eit gjenferd,» sa han. «Hulda, veit du.»

Det hjelpte. Eg vart rolegare. Eg såg på biletet, på augene til Garborg. Og blikket flakka igjen. No var me betre førebudde, me rakk å tenkja, me enste kva blikket såg på.

Garborg hadde sett ut gjennom vindauget.

Loftet var trangt, med skråtak og berre eitt lite vindauge på kvar kortside. Gaborg hadde sett sørover. Me trengte oss saman og kikka ut. Det hadde skya kraftig til og var mørkt. Den eine, bleike lyspæra i taket gjorde at ruta reflekterte våre eigne spegelbilete. Greitt nok for Fossmark, kjedeleg for meg. Rett nok hadde eg langt, flagrande hår, men andletet mitt var berre halvparten så stort som hans.

Eg slo lyset av og kunne sjå ut.

Eit lyn flerra himmelen i to – og ein skarp silhuett teikna seg tydeleg på uvérets dramatiske lerret.

«Hovudet,» sa eg. «Garborg såg på hovudet

Hundre meter frå Knudaheio sto ein kampestein. Steinen var omgjort til kunstverk av kunstnaren Hugo Wathne. I 2001 hadde han hogd ut diktarens andletstrekk og gjeve steinen namnet «All denne fagre utsyn».

Følg Blikket mitt, Ven.

Me hoppa ut gjennom vindauget, og unngjekk slik politiane Strand og Salte – dei var i full gang med å reparera ei gruppe litteraturturistar i fyrste etasje. Med landa fint på den blaute mosen, reiste oss uskadd og sprang vidare, forbi den grøne traktoren me hadde stole av bonden på Austbø – og bort til steinhovudet «All denne fagre utsyn». Det var eit to og ein halv meter høgt Garborg-andlet – grovt uthogd – men med vakre linjer og ein slags kunstnarisk autoritet.

«Kva no?» spurde eg. Det drypte frå det lange håret mitt. Eg måtte halda underarmen flatt i panna som ein skjerm – for i det heile teke å sjå noko i striregnet.

Fossmark sa:

«Sjå på meg, Gonzo».

«Og no

«No då?»

Etterpå pikka han Garborg på auget.

«Gjev oss eit hint, Arne!» brølte han. «Kva løyndom skjuler du?!»

Då høyrde me eit tungt tordenskrall, etterfulgt av ei brå stille.

Me lente oss inntil hovudet og såg utover flate Jæren, «All denne fagre utsyn». Framfor oss såg me byen Bryne, til venstre såg me tettstaden Nærbø. Me visste at sjølvaste Garborgheimen, diktarens fødestad, låg ein stad midt mellom dei. Det var som om hovudet kommenterte det me såg, eg høyrde tydelege stemmar; ja, viss eg la øyret heilt inntil steinen kunne eg skilja orda frå kvarandre. «Køyregreie,» høyrde eg, «gardbrukar,» «hugs at talord er noko anna enn artiklar,» «alltid to l’ar i alltid, aldri to l’ar i aldri.»

«Høyrer du det same som eg?» spurde Fossmark.

«Ja,» sa eg og peika på steinhovudet, «og eg trur eg veit kva det er òg, John. Me har funne sjølvaste hovudkontoret!»

_________
Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Formidlar
Nasjonalt Garborgsenter

 

Til oversynssida
I morgon: Hovudkontoret! Heilt sant!