Episode 3: Biletet

Dette er saka: Formidlaren ved Garborgsenteret – eit framifrå museum som opnar om berre nokre veker – er på besøk hjå ein tidlegare kollega for å sjå biletet hans. Etter ein lang og uttværande samtale i gangen har formidlaren endeleg sloppe inn i stova. Det er særs spennande. 

Min tidlegare kollega, norsklektoren John Fossmark, hadde sloppe meg inn i stova for å syna eit portrett av Arne Garborg. Eg hadde sett det før, men dette var fyrste gongen eg såg det edru. Med korte, andektige steg nærma eg meg. Og jau, biletet var endå mektigare enn på nachspiel. Innanfor ei ramme av solid, mellombrunt tre, kanskje teak, sat han, den største forfattaren av dei alle, Arne Garborg, i ein pinnestol framfor eit bakgrunnsbilete av Knudaheio. Den kloke mannen såg på meg med alvorlege, kunnskapsrike auger.

Han hadde ein løyndom, det visste alle. Blikket han gav meg demonstrerte dunkle mistankar: at eg ikkje var i stand til å låsa opp den løyndomen. At eg ikkje var utvalt, eg var ikkje gåverik. Ingenting tyda på at det var meg han såg etter.

Eg var ikkje den nye Garborg.

Men kven var det som var det? Heilt sidan diktsyklusen «Haugtussa» var blitt utgjeven i 1895, historia om den synske jenta på Jæren, hadde diktarens profetiske evner vore ålmeint aksepterte. Spørsmålet var berre kva det var han såg? Etter hans bortgang i 1924 var det mange som påsto at Garborg hadde sett tusen år med fred. Etter krigsutbrotet i 1940 trudde dei det var tusen år med krig. Etter D-dagen, sjette juni 1944, var det vanskeleg å oppnå noka semje om synene hans.

Måleriet var ikkje signert, men det var datert – til 1943.

Sjølv om Garborg hadde vore daud sidan 1924.

Folk diskuterte heftig; og i krigens siste månader kom det til fysisk klammeri mellom tyskarar og timebuar, timebuar og kleppsbuar, kleppsbuar og håbuar, håbuar og håbuar. I diktarens panne kunne ein tydeleg sjå tri kulehol.

Sjølv rikskommissær Josef Terboven hadde i ein radiotale nekta for at han hadde hatt noko med herpinga å gjera. Alle jærbuar var rasande. Dei sa at dersom det var slik tyskarane tenkte å te seg når dei okkuperte framande land, ja då fekk dei heller pella seg vekk og okkupera det landet dei kom frå. Men ingen skuldmann viste seg. Spørsmåla var mange: Kven hadde måla portrettet? Var Garborg framleis i live? Kven hadde våga å skyta på han?

Nokre av spørsmåla fekk snart sine svar. Måleriet skulle opprinneleg ha dukka opp heime hjå landssvikaren Henry Rinnan, og dette var noko folk lika dårleg. Heilt til det viste seg at dei hadde høyrt feil, biletet hadde ikkje vore hjå Rinnan likevel, men ein Henrik Rånan i Gjesdal, som ikkje var nazist, men morosam på fest og glad i dyr. Då det kort tid etter vart klårt at han var litt for glad i dyr, særskilt på fest, og då i ei kvige ved namn Blomma, var lettelsen stor då det viste seg at det ikkje var hjå Henrik Rånan biletet hadde vore likevel, men på soverommet til Henny Randen, ei kvinne med store bryst på Hognestad i Time. Då det ein dag viste seg at brysta ikkje var store likevel, snarare små, ho hadde berre fylt blusen med mykje høy, var gleda stor då det viste seg at det ikkje var hjå Randen ein hadde funne biletet heller, men hjå målaren Hans Rundt-Hjuliussen, ein brynebu som berre måla bilar, helst moderne sportsvogner på rolege landevegar, gjerne i solskin.

Rundt-Hjuliussen hadde mykje å fortelja. Historia var som fylgjer: Han hadde gått seg ein tur rundt Frøylandsvatnet då han fekk auge på ein diger presenning han kunne nytta som lerret. Han nappa han med seg, men under presenninga oppdaga han fire terrengbilar fulle av tyske soldatar klare for eit overraskingsangrep på motstandsrørsla. Rundt-Hjuliussen fekk panikk, han storma bortover skogsvegen. Terrengbilane følgde etter han, men han var skikkeleg fotrapp. Han sprang gjennom Bryne og sørover mot Undheim. Terrengbilane følgde etter han, men han hadde god kondisjon. Akkurat då dei skulle til å ta han igjen, forsvann han. Han var ikkje å sjå nokon stad. Nazistane leita lenge og vel, og Rundt-Juliussen var lattermild då han etter krigen kunne fortelja kva han hadde gjort. «Eg gøymde meg under presenninga», lo han, «han var jo laga for kamuflasje.»

Då tyskarane hadde gått vidare, kunne målaren krypa fram; og då såg han at han var like utanfor Arne Garborg si diktarstove i Knudaheio. Det regna, så han gjekk inn. Og der fann han eit ukjent fotografi av diktaren, dette overførte han med oljefargar til presenninga. Så gjekk han heim, for sola hadde begynt å skina og han fekk slik trong til å måla terrengbilar.

«Biletet dukka opp hjå mormor mi», fortalde Fossmark, «mot slutten av krigen. Ho var bergteken av Garborg og ville ha eit portrett på veggen heime. Ho kjøpte det av Rundt-Hjuliussen, men ville aldri seia kva ho betalte.»

«Denne Hjuliussen,» avbraut eg, «kvifor høyrest han så kjent ut?»

«Det er farfaren til kunstnaren Ivan Storm-Juliussen sjølvsagt, «sa Fossmark og heldt fram: «Etterkvart grubla mormor mykje på dette med kulehola. Rundt-Hjuliussen hadde ikkje sagt noko om dei. Så ein dag tok ho biletet ut av ramma, og då såg ho at det ikkje var måla på presenning, men vanleg lin-lerret. Rundt-Hjuliussen måtte innrømma at han ikkje hadde måla det, berre stole det. Mormor vart skikkeleg arg, særleg med tanke på det ho hadde betalt for det. Ho ville aldri seia kva. Så braut ho seg inn i Knudaheio ein dag. På loftet fann ho tri kulehol i veggen. Ho hengde biletet over dei for å sjå om dei passa, og det gjorde dei. Medan ho sat slik og studerte måleriet, der det ein gong måtte ha hengt, fekk ho plutseleg for seg at blikket til diktaren flakka. Ho stokk, sjølvsagt, men ho hadde opplevd mykje under krigen, blant anna skikkeleg ruskevêr, så ho var ikkje skuggeredd. Ho fekk for seg at diktaren prøvde å seia henne noko, så ho følgde blikket hans. Og der, Gonzo, veit du kva ho fann?»

«N-nei,» stotra eg.

«Ein inskripsjon i treveggen. Veit du kva det sto?»

«N-nei.»

«I helvete.»

Eg gispa.

«Du veit kva dét betyr?»

Eg våga ikkje å svara. At «helvete» var eit banneord, var greit nok – men var det eit nynorsk banneord? Hovudkontoret krav nynorsk språkføring til eikvar tid, her var det ikkje rom for feilskjer.

«I Helheim», slo Fossmark fast, og klaska ei bok i bordet.

_________
Inntil vidare,
Gonzo Johnsen
Revolverformidlar
Nasjonalt Garborgsenter

Til oversynsside
Følg med vidare: Garborg-jegerane!