Arne Garborg kjem til byen! Kvart år feirar me Arne Garborg sin bursdag 25. januar med ei veke fullstappa av gode arrangement. Og i år blir Garborgdagar betre enn nokonsinne! Her er det noko for alle og alt er for nokon.
Sundag 20. januar. Den bortkomne Faderen. Lest av Torbjørn Eriksen
Garborgs kortaste og vakraste roman, språkmodernisert av Sigbjørn Reime, lest i sin heilskap av skodespelar Torbjørn Eriksen.
Arr. Garborgdagar | kl. 18.00 | Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek | kr 200
Les meir
Måndag 21. januar. Festivalopning: «Haugtussa i det 21. hundreåret»
Med Aasne Linnestå og Peter F. Strassegger. Musikk ved Erle Braut Ueland og Per Olav Egeland.
Arr. Garborgdagar | kl. 19.00 | Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek | kr 100
Les meir
Tysdag 22. januar. Garborgkveld i Bryne kyrkje
Foredrag ved Ernst Baasland og Tora Aasland. Allsong, korsong (Jærklang) og musikk.
Arr. Time historielag og Bryne sokneråd | kl. 19.00 | Bryne kyrkje | kr 100
Les meir
Tysdag 22. januar. Snakk! om kulturlivet i Time
Arr. Snakk! | kl. 19.30 | Mellombels ølstove | Gratis
Onsdag 23. januar. Slam! med kviss-oppvarming
Eit uformelt meisterskap i historier og tekstar. Først kviss, så slam. Med Rune Salvesen, Monica Miljeteig, Tormod Husebø, Florencia Lopez og Jørgen Tjemsland. Konferansier er Ørjan Zazzera Johansen.
Arr. Garborgdagar/Snakk! | kl. 19.00 | Thime Station | kr 70
Torsdag 24. januar. «Jesus frå Jæren. Arne Garborgs kristendom»
Foredrag ved professor emeritus Gudleiv Bø.
Arr. Jæren senioruniversitet | kl. 11.00 | Storsalen, Garborgsenteret/Time bibl. | kr 100/gratis (medl.)
Les meir
Torsdag 24. januar. Klassikarar på fire minutt – Garborg spesial
Janne Stigen Drangsholt, Per Øyvind Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland frå Utakt NRK.
(Perfekt for deg som ikkje har lese Garborg, men som ønsker å lyga om det.)
Arr. Garborgdagar | kl. 19.00 | Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek | kr 200
Les meir
Torsdag 24. januar. Konsert: Frynsete på nervene
Samfunnsrealistisk rockelyrikk på dialekt med heftige gitarriff og tung rytmeseksjon.
Arr. Mellombels| kl. 21.00 | Mellombels ølstove | kr 200
Fredag 25. januar. Den bortkomne forfattaren
Forfattar Oda Malmin i samtale med Ørjan Zazzera Johansen om lokal identitet, historie og litteraturen som dreg oss ut i verda, eller heim.
Arr. Garborgdagar | kl. 18.00 | Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek | kr 100
Les meir
Fredag 25. januar. Foredrag og konsert: Helge Torvund og SteinlyZ
Foredrag ved Helge Torvund: «På Trollkneet. Eit møte med Garborg gjennom brev og dagbøker». SteinlyZ speler sugande istrumentalmusikk på nynorsk etter foredraget.
Arr. Garborgdagar | kl. 19.30 | Time bibliotek | kr 300
Les meir
Laurdag 26. januar. Laurdagstimen: Den bortkomne Faderen
Foredrag ved Ernst Baasland. Innleiing ved Sigbjørn Reime.
Arr. Garborgdagar | kl. 13.00 | Storsalen, Garborgsenteret/Time bibliotek | kr 100
Les meir
Laurdag 26. januar. Is nynorsk a better language?
Debatt om bokmål og nynorsk med Tore Renberg, Janne Stigen Drangsholt og Peter F. Strassegger. Ordstyrar er Tom Hetland.
Arr. Garborgdagar | kl. 15.00 | Mellombels ølstove | kr 150
Laurdag 26. januar. Heimfødingar
Bli kjent med nokre av våre lokale forfattarar, m.a. Kristin Auestad Danielsen og Morten Bjerga. Konferansier: Peter F. Strassegger
Arr. Garborgdagar | kl. 17.00 | Huldas kjøkken, Time bibliotek | Gratis
Les meir
Laurdag 26. januar. Garborgmiddag hjå Jærkokken
Festmiddag inspirert av Hulda Garborgs «Heimestell», i samarbeid med Mellombels ølstove.
Arr. Jærkokken / Mellombels kl. 19.00 |Apoteket (Jærkokkens lokale) | Kr 1075