Haugtussa i det 21. hundreåret

Festivalopning

21. januar 2019 19:00
Storsalen, Garborgsenteret
100,-

Forfattar Aasne Linnestå les boka HU og samtalar med Peter F. Strassegger. Linnestå er romanforfattar, lyrikar og librettist. HU er ein diktsyklus gjennomsyra av ho: jentungen og jenta, ein eigenrådig karakter. Inspirasjonen frå Haugtussa er synleg til stades. Her er jenta og naturen og lengselen etter eit anna menneske. Musikalsk innslag ved Erle Braut Ueland og Per Olav Egeland.

Haugtussa i det 21. hundreåret er eit arrangement i Garborgdagar 2019.

 

Foto: Adrian Nielsen.